JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kims leik med elden

Kva er minst attraktivt for Kim Jong-un:
Å bruke atomvåpen eller å gje dei frå seg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Under militærparaden i Pyongyang 15. april, ei feiring av 105-årsdagen for fødselen til landsfader Kim Il-sung, var ballistiske rakettar blant attraksjonane.

Foto: Scanpix/REUTERS/Damir Sagolj

8891
20170421

Nord-Korea

Diktaturstat på den koreanske halvøya

Kring 25 millionar innbyggjarar

Eit av dei fattigaste landa i Asia

Statsleiar er partiformann Kim Jong-un (sidan 2011)

Korea vart delt i to statar etter Japans nederlag i 1945

Nord-Korea invaderte Sør-Korea i 1950, men vart slått attende av ein FN-styrke leidd av USA

Nord-Korea sprengde si første atombombe i 2006

UTANRIKS

peranders@dagogtid.no

Dei siste vekene har krigsfrykta auka monaleg på den koreanske halvøya. «Atomkrig kan bryte ut når som helst», erklærte FN-ambassadøren til Nord-Korea denne veka, og la skulda for tilspissinga på USA.

Trugsmål frå det nordkoreanske diktaturet er ikkje noko nytt, men den gamle koreanske konflikten er no meir alvorleg enn på mange år. Statsleiaren i Nord-Korea, partiformann Kim Jong-un, har ikkje vist noko teikn til å ville gje opp atomprogrammet slik USA krev.

Opptrapping

Når den eine parten i ein konflikt er eit aggressivt og paranoid regime utrusta med atombomber, er det ingen vanleg krangel mellom statar. Og når USA har ein uføreseieleg, politisk uerfaren president som krev raske resultat, bidreg det òg til å setje ting på spissen. Men det er først og fremst opptrappinga av dei nordkoreanske rakettutskytingane og atomprøvesprengingane dei siste åra som har drive opp spenninga.

– Situasjonen no ville vore svært spent same kven som var president i USA. Men Trump har gått lenger enn forgjengarane sine i å truge med å bruke militærmakt mot Nord-Korea, seier Stein Tønnesson, som er forskar ved Institutt for fredsforsking (Prio) og har det austlege Asia som hovudfelt.

Regimet i Pyongyang har hatt atomvåpen i alle fall sidan 2006, men USA fryktar at Nord-Korea èin dag skal utvikle ballistiske rakettar som kan frakte ei atombombe over heile Stillehavet. Det er alt kjent at landet har rakettar som kan nå Japan.

Høgt spel

Når spenninga har blitt akutt dei siste vekene, heng det òg saman med den store militærøvinga som USA og Sør-Korea har halde i mars og april, påpeikar Tønnesson. Denne fellesøvinga blir halden kvart år, men har auka i omfang. Og amerikanske talsmenn seier no rett ut at eitt av føremåla er å trene på å «fjerne» president Kim Jong-un i Nord-Korea – det vil i praksis seie å drepe han.

Den amerikanske forsvarsministeren Mike Pence åtvara denne veka Nord-Korea om at «tida for strategisk tolmod er over», og Trump har sagt at han «ikkje vil tolerere» at Nord-Korea utviklar interkontinentale rakettar.

Den harde lina til USA no er risikabel, men ho kan tenkjast å føre fram, meiner Tønnesson.

– Dette er eit høgt spel. Trump har gått så hardt ut at det kan vere vanskeleg for han å late vere å reagere militært om det kjem ei ny nordkoreansk atomprøvesprenging. Men om Nord-Korea verkeleg fryktar eit amerikansk åtak, kan det òg tenkjast å få i gang ein politisk prosess.

Nær krig i 1994

Stein Tønnesson viser til sommaren 1994, da det òg var fare for krig på grunn av atomprogrammet til Nord-Korea. USA førebudde da eit åtak med rakettar og fly mot reaktoren i Yongbyon, for å hindre nordkoreanarane i å framstille råstoff til atomvåpen. Men åtaket vart avblåst på grunn av dei store tapa av menneskeliv som ein full krig på halvøya kunne føre til, sa daverande forsvarsminister William Perry seinare. USA rekna med at ein ny Korea-krig kunne koste over ein million liv – og det var før Nord-Korea fekk atomvåpen.

USA valde å satse på sanksjonar i staden for krig, og ein periode med avspenning på halvøya følgde. Dei nordkoreanske provokasjonane tok ikkje slutt, og lovnadene om å stogge atomprogrammet vart ikkje haldne, men forholdet mellom dei koreanske statane betra seg.

I 1998 annonserte den daverande sørkoreanske presidenten Kim Dae-jung den såkalla solskinspolitikken sin overfor den aggressive naboen i nord, og auka den økonomiske bistanden. Den amerikanske utanriksministeren Madeleine Albright reiste til Nord-Korea i 2000. Same år møttest dei koreanske statsleiarane i Pyongyang, og det vart aukande kontakt og handel over grensa.

Vondskapens akse

Etter at George W. Bush tok over som president i USA i 2001, vart det slutt på avspenninga. Bush inkluderte i 2002 Nord-Korea, saman med regima i Irak og Iran, i det han kalla «vondskapens akse». Lagnaden til Saddam Hussein i Irak gjorde det tydeleg for daverande president Kim Jong-il at han kunne ha stor nytte av atomvåpen. Atomprogrammet vart trappa opp, og i 2004 kunngjorde Nord-Korea at landet hadde utvikla si første atombombe. Den første prøvesprenginga fann stad i 2006. Sidan da har atomvåpena vore det fremste forhandlingskortet og ei livsforsikring for regimet i Pyongyang, og Nord-Korea har stadig arbeidd for å utvide atomarsenalet sitt.

I Obama-perioden var det lite utvikling i Korea-konflikten, dels fordi leiarane i Sør-Korea i desse åra heldt på ei relativt hard line overfor den ustabile naboen i nord, meiner Stein Tønnesson.

– Kva kan Donald Trump håpe å oppnå overfor Nord-Korea no?

– Det er tenkjeleg at han kan få ein avtale der Nord-Korea lovar å stogge med rakettutskytingane eller atomprøvesprengingar. Noko slikt burde vere mogleg, det har skjedd før. USA kan på si side tilby å redusere eller slutte med militærøvingane saman med Sør-Korea.

– Men Nord-Korea har ikkje levd opp til tidlegare lovnader. Om Kim Jong-un skulle inngå ein avtale om å stogge atomprogrammet, er det da grunn til å tru at han vil halde han?

– Avtalar kan brytast. Men om den andre parten held avtalen til punkt og prikke, blir det vanskelegare for Nord-Korea å bryte han. Og jo meir kostbart eit avtalebrot vil vere for Nord-Korea, jo mindre sannsynleg er det.

Seoul i siktet

No som før er det Sør-Korea som er den store gisselen i denne konflikten, og slik var det òg før regimet i Pyongyang fekk atomvåpen. Tolmodet Sør-Korea har vist overfor Nord-Korea gjennom mange tiår, kan verke underleg. Diktaturet i nord har stått bak eit tusental åtak og provokasjonar mot naboen sin: drap, kidnappingar, ubåtåtak på skip, artillerield over grensa og bombeattentat mot sørkoreanske leiarar, for å nemne noko. I 1987 sprengde nordkoreanske agentar eit sørkoreansk passasjerfly i lufta og drap 114 menneske.

Men sjølv om det teknisk avanserte og rike Sør-Korea, med verdas største militærmakt som alliert, er langt sterkare enn Nord-Korea militært, har ikkje landet slått hardt attende. Grunnen er ikkje berre atomvåpena, men òg at den sørkoreanske hovudstaden Seoul ligg nær grensa og innanfor rekkjevidda til nordkoreansk artilleri, meiner Tønnesson.

– Om det bryt ut krig, kan Seoul bli øydelagd. Vi veit at Nord-Korea har mykje tungt artilleri retta mot Seoul, sjølv om vi ikkje veit kor godt kanonane fungerer i dag.

Evig krig

Det bisarre regimet i Nord-Korea er umogleg å forstå utan å ta omsyn til erfaringane landet gjorde under Korea-krigen frå 1950 til 1953. Med klarsignal frå Stalin invaderte styrkane til Kim Il-sung Sør-Korea, og dei fekk seinare støtte av kinesiske troppar. FN-styrkar under leiing av USA slo åtaket attende, og den amerikanske bombinga av Nord-Korea førte til kolossale øydeleggingar. Nesten alle byane vart bomba i grus, og kanskje mista 15 prosent av befolkninga livet. Sidan 1953 har det nordkoreanske regimet hevda at landet er i ein slags permanent krigstilstand.

– I den grad det nordkoreanske regimet har nokon legitimitet, byggjer det på førestillinga om at landet er omringa og kringsett, og difor må ofre mykje. Også mange koreanske avhopparar har fortalt at dei lenge hadde full tiltru til systemet, før dei byrja å tvile, seier Tønnesson.

– Denne reaksjonen på øydelegginga under Korea-krigen var ikkje gjeven. Også Vietnam opplevde liknande destruksjon, utan å utvikle ein slik mentalitet?

– Ja, men der vann Nord-Vietnam krigen, og landet vart gjenforeint. I dag finn du nesten ikkje antiamerikanisme i Vietnam. Korea er framleis delt, og leiarane i Nord-Korea har sett naboen i sør vinne økonomisk. Det har i seg sjølv skapt mykje agg.

Ei bestialsk historie

Regimet i Pyongyang har påført folket i Nord-Korea enorme lidingar gjennom mange tiår. Men ikkje eingong under svoltkatastrofen i landet på 1990-talet, da fleire hundre tusen nordkoreanarar – somme kjelder hevdar to–tre millionar – svalt i hel, kom det nokon oppstand som verkeleg truga regimet.

– Nokre gonger har eg tenkt at diktaturet i Nord-Korea er så bestialsk at ein burde håpe på eit amerikansk åtak stort nok til at regimet dett saman. Kanskje kunne det føre til noko betre for Nord-Korea, seier Tønnesson.

– Men i det same tenkjer eg på alle dei som ville døy i den krigen, og eg innser at det er ein uansvarleg tenkjemåte. Vi må halde fram med å forhandle og prøve å overtale, og håpe at regimet gradvis skal reformere seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om Nord-Korea verkeleg fryktar eit

amerikansk åtak, kan det tenkjast å få i gang

ein politisk prosess.

Fredsforskar Stein Tønnesson

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis