Katta i sekken

Monsanto har store problem. Det gleder nok verdas miljørørsle, men neppe tyskarane som kjøpte selskapet på feil tidspunkt.

Eit fly i California sprøyter avlingar. Vert glyfosat forbode, må ein paradoksalt nok sprøyta mykje meir.
Eit fly i California sprøyter avlingar. Vert glyfosat forbode, må ein paradoksalt nok sprøyta mykje meir.
Publisert

Det amerikanske sprøyte- og frøselskapet Monsanto, den for mange aller, aller største miljøsatanen, har vorte dømd av ein amerikansk jury til å betala erstatning på eit nivå som trugar heile eksistensen til selskapet, og dimed den nye eigaren, farmasigiganten Bayer. Men fyrst: Når ein tenkjer på Monsanto, tenkjer ein på genmanipulering, sidan selskapet sel enorme mengder med genmanipulerte frø. For eit tid attende sende NRK eit program i serien Folkeopplysningen som handla om nett genmanipulering. Sidan Folkeopplysningen hevdar å vera basert på forskingsfronten, var programmet nær sagt sjølvsagt særs positivt til genmanipulering, eventuelle protestar kan rettast til NRK.

Hovudparadokset var reist av ein forskar som tidlegare hadde vore medlem av Greenpeace og aktivt øydelagt åkrar der forskarar hadde sådd genmanipulerte frø. Men den same karen var òg oppteken av menneskeskapte klimaendringar medan han øydela åkrar, og byrja å oppsøkja forskingsmiljø innan klima. På vegen fekk han vitskapleg trening, og med det vart han omvend. Fritt etter minnet sa han: «Miljørørsla seier at vi skal tru på menneskeskapte klimaendringar av di 97 prosent av klimaforskarane i verda seier klimaendringane er menneskeskapte. Men den same miljørørsla er mot genmanipulering sjølv om ein lik stor prosentdel av forskarane på feltet seier at genmanipulering er bra.»

Men der er vi altså. I vårt eige land, Noreg, stiller alle partia seg bak det som er ein av verdas mest omfemnande klimasatsingar, i det minste om vi ser på budsjetta, medan alle partia òg stiller seg bak det strengaste reguleringsregimet av genmanipulering som finst.

Og det er dette som gjer namnet Monsanto så infisert, særleg i Europa, der majoriteten av veljarane er mot all form for genmanipulering, medan dei som meiner å representera rasjonaliteten og forskingsfronten, er djupt frustrerte over at dei ikkje kjem nokon veg. I Folkeopplysningen viste dei eit par døme: Norsk oppdrettslaks får i seg mindre og mindre Omega 3, det er knapt meir fôrressursar att å henta frå havet, noko som gjer at det vert mindre Omega 3 i oppdrettslaks. Det finst alternativ, genmanipulert plantefôr fylt med Omega 3, men det er heilt uaktuelt, fortalde ein representant for oppdrettsnæringa, for «det ville gå ut over merkevara norsk laks».

Bort med turrote

Poteter er vi nordmenn særs glade i, men det er eit stort problem med poteta, turrote, som gjer at norske og europeiske bønder må sprøyta særs mykje. Det er eit virus som overfør soppgen til potetene, denne overføringa skjer «naturleg». Men no har nederlandske forskarar overført gen frå villpoteter til kulturpoteter som gjer at turrote ikkje lenger er eit problem, og dimed trengst ikkje sprøyting med kjemikaliar i det heile teke. Denne overføringa skjer på lik line med poding «unaturleg», og norsk lovverk hindrar at desse sprøytefrie potetene kan takast i bruk i Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement