¿ Kapitalismen har mista kraft

Kapitalismen fungerer ikkje så godt lenger. Kvifor er det slik? Har vi nådd grensene fysikken sett? Får vi for få born? Deler sentralbankane ut for mykje gratispengar? Få veit.

Hestar er vakre dyr, men dei er frykteleg lite effektive. I Noreg under andre verdskrigen kom hesten attende for fullt fordi det var rasjonering på bensin. Resultatet vart ein dramatisk nedgang i produktiviteten. Men bilen er no funnen opp, og sjølv om han vert sjølvkøyrande, vil ikkje det auke produktiviteten like mykje som det å gå frå hest til bil.
Hestar er vakre dyr, men dei er frykteleg lite effektive. I Noreg under andre verdskrigen kom hesten attende for fullt fordi det var rasjonering på bensin. Resultatet vart ein dramatisk nedgang i produktiviteten. Men bilen er no funnen opp, og sjølv om han vert sjølvkøyrande, vil ikkje det auke produktiviteten like mykje som det å gå frå hest til bil.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Fyrst eit atterhald: Denne artikkelen kjem ikkje med ein konklusjon, heller ikkje med eit svar. Problema som vert skildra her, er det i og for seg mykje semje om. Løysingane er derimot i det blå. Det vi kan slå fast, er at den kapitalistiske verda er i uro, særleg urolege er landa som vart rike fyrst, dei i Vesten, som tradisjonelt er dei mest stabile regima i ei omskifteleg verd. Det held å seia brexit, Sverigedemokraterna (SD), Alternativ for Tyskland, (ADF), Salvini, Trump, Le Pen... Men ja, lista kan gjerast mykje lengre.

Forklaringane på kvifor den politiske ordenen er åt å gå i oppløysing, deler seg grovt sett i to leirar: den kulturelle og den økonomiske. Eller med Marx: i overbygnad eller basis. Ei tid hadde den økonomiske leiren leiinga i forklaringar. Representantane for den sa at folk røysta på Trump og brexit av di dei lægre mellomlaga og underklassa hadde tapt økonomisk på globaliseringa og difor vende seg mot innvandrarar, som dei gjorde til syndebukkar. Svaret på populismen var difor betre fordeling.

Men ei rekkje granskingar dei to–tre siste åra viser at denne forklaringa ikkje heilt held. Ei mengd veljarar med relativt gode inntekter røysta for brexit og Trump, og for den del på SD og ADF. Desse veljarane vil at ting skal vera som dei var, og er særskilt redde for islam og endra grannelag. Særleg tydeleg er den manglande økonomiske forklaringskrafta når vi ser på brexit. Svært mange av dei som røysta for, røysta for sjølv om dei var fullt ut klar over at brexit kunne føra til store økonomiske tap. Dei ville berre bort frå innvandring og manglande sjølvstyre.

Falsk dikotomi

Men slike dikotomiar og klare motsetningar er ofte falske. Det brexit-tilhengjarane klaga mykje over, ofte med rette, var at den store innvandringa etter at Aust-Europa kom med i EU, førte til lengre køar på sjukhusa, fleire elevar i overfylte offentlege skular og store vanskar i bustadmarknaden. Dei som var årsaka til dette, snakka ofte dårleg engelsk, med sterk aksent. Dei merkte seg ut som annleis. I tillegg kom desse nye på toppen av ei stor gruppe innvandrarar frå den tredje verda som òg verka framande og skulle ha helsetenester og skuleplassar til borna sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement