Kapitalisme og vaksine går hand i hand
Noreg og regjeringa har skapt eit nytt ord: vaksinenasjonalisme. Det handlar mykje om Israel og ein del om EU.
Ein covid-19-vaksine frå Pfizer / Biontech vert klargjord før vaksinering på ein sjukeheim i Oslo.
Foto: Tone Spieler / NTB
Lytt til artikkelen:
Ein vaksine er fyrst og fremst ein medisin og eit medikament. Men som vi no har oppdaga, er det både antropologi, psykologi, storpolitikk, kapitalisme og antikapitalisme. I helga kom statsminister Erna Solberg med ei nokså uvanleg utsegn. Statsminister Mette Fredriksen i Danmark har ringt Benjamin Netanyahu og bede om råd om korleis ein skal få ut covid-19-vaksinen snøgt. Solberg, derimot, hadde eit syn på korleis Israel burde fordela dei nye covid-19-vaksinane som har kome på marknaden: «Jeg syns Israel burde hatt kontakt med den palestinske selvstyremyndigheten og blitt enige om en fordeling som også ga palestinere vaksine», sa ho til NTB.
No måndag sende utviklingsminister Dag-Inge Ulstein på si side ut ei pressemelding. Her høyrer det med å nemna at Israel truleg er det landet som har betalt mest for dei såkalla mRNA-vaksinane som er utvikla av både tyske BioNTech, som er finansiert av den kapitalistiske amerikanske farmasigiganten Pfizer, og amerikanske Moderna, som har fått massivt med pengar frå Donald Trumps vaksineinitiativ.
«Hvis alle land forsøker å by over hverandre i kampen for vaksiner, skaper vi et umoralsk løp mot avgrunnen. Vi har en unik mulighet nå til å sikre at nok mennesker i alle land blir vaksinert, men da må vi holde på den globale tilnærmingen og ikke falle for en vaksine-nasjonalisme som vi så lenge har advart mot», seier Dag Inge Ulstein og held fram:
«Vi må øke produksjonskapasiteten i verden for å sikre en reell likeverdig fordeling av medisiner og vaksiner mot covid-19. I tillegg må prisen på produksjon av vaksiner og medisiner være så lav som mulig for de fattigste landene. Dette er ikke tiden for å tenke profitt på pandemi-krisen.»
Ikkje åleine
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.