Jeremy Corbyn og jødane
Labour og leiaren Jeremy Corbyn vert gong på gong skulda for jødehat.Men veljarane ser ikkje ut til å bry seg.
Det er få som skuldar Corbyn for å vera antisemitt, skuldingane har meir gått på at han ikkje tek avstand frå personar i Labour som mange meiner er antisemittar. REUTERS/
Foto: Russell Cheyne/Reuters/NTB scanpix
Nordmenn som er politisk interesserte, har nok fått med seg at den nyss avgåtte utanriksministeren, Boris Johnson, har samanlikna kvinner i burka med postkasser. For det har Johnson vorte sterkt fordømd, men saka ser ut til å vera over. Det heile vart ein sumaragurk, som både norske og internasjonale aviser rett nok skreiv mykje om. Men ei mykje større krise, ei krise som ikkje har vorte rapportert om i norske medium, ei krise som handlar om ei anna trusretning, skakar no Labour.
På eit vis kan vi seia at krisa kulminerte førre veke, sjølv ho framleis rullar vidare, då kom nemleg den tidlegare statsministeren Gordon Brown med ei klår melding til den noverande leiaren av Labour, Jeremy Corbyn: «Vi har eit problem med antisemittisme i Labour, det må vi berre gjera noko med.» Og «vi-et» Brown sikta til, var Corbyn. Han kunne ikkje halda fram med å seia det han seier om «haldningane våre til holocaust og Israel», sa Brown, pluss mykje anna. Her skal det seiast at heile den gamle eliten i Labour hyser eit nesten patologisk hat mot Corbyn.
Jødehat eller antisionisme
Men fyrst denne vanskelege distinksjonen mellom antisemittisme eller jødehat og antisionisme eller motstand mot staten Israels eksistens eller framferd. Det fyrste er av dei fleste opplyste menneske ikkje sett på som legitimt, det andre vil mange seia er heilt på sin plass. Den offisielle israelske haldninga, i det minste så lenge Likud styrer, er at det korkje er ynskjeleg eller mogleg å skilja mellom antisemittisme og antisionisme. Ja, det er rett, seier den israelske staten, at innanfor folkeretten er Israel ein relativt ung stat bygd i hovudsak av menneske som kom flyttande til den ottomanske provinsen som seinare vart eit britiske mandatområde.
Men at statar, nye og gamle, er baserte på folkeflyttingar, er ikkje noko nytt, seier Benjamin Netanyahu gong på gong. Han viser til dømes til Pakistan, som vart fødd i ekstrem vald og med store flyttingar av menneske som i mange tilfelle tapte alt dei hadde, om dei i det heile overlevde. Knapt nokon seier at Pakistan ikkje er ein legitim stat. Eller kva med Polen, som i praksis mykje ligg på tysk område, medan store delar av det gamle Polen ligg på området som høyrde til det gamle Sovjetunionen?
Kortversjonen til Netanyahu er denne:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.