– Jarnbane til Tromsø kjem
Ei jarnbane til Tromsø kjem stadig nærare. Bannerføraren er politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim.
Her er Nordlandsbana endå ein gong stengd på grunn av snøras. Men med mange nok tunnelar og bruer vidare til Tromsø vert det sikkert mindre av slikt.
Foto: Per-Inge Johnsen / NTB
Forlenging av Nordlandsbana til Tromsø var ein steindaud idé i fleire tiår. Så fekk avisa Nordlys ny politisk redaktør, Skjalg Fjellheim. I tillegg etablerte avisa ei eiga debattplattform, Nordnorsk debatt. I åra etter har Fjellheim og mange med han med mykje patos agitert for jarnbane til Tromsø, og takka vera Facebook har debatten om bana breidd seg over heile landet.
Stadig fleire vert for, og det trass i at bana kjem til å kosta minst 135 milliardar, er samfunnsøkonomisk svært ulønsam og kjem til å frakte langt færre passasjerar enn 20-bussen mellom Skøyen og Galgeberg i Oslo.
– Kor mykje støtte har du i nord for dette prosjektet ditt, Skjalg?
– Meiningsmålinga i alle tre valkrinsane i nord syner ei støtte på 70 til 80 prosent for å forlengja bana til Tromsø. Ei måling frå i oktober i fjor, der det var 3000 respondentar, synte også ei slik støtte. Prosjektet har altså stor folkeleg oppslutning her nord.
– Men du minner om Nordlands trompet i patosen din. Kvifor er dette så viktig for deg?
– For meg handlar dette om ei forteljing om likeverd i Noreg. Det handlar om at Noreg skal vera heilt og ikkje delt. Nei, eg talar ikkje for Finansdepartement, eg er politisk redaktør i Nordlys og skildrar dei langsiktige interessene for landsdelen. Denne bana burde ha kome før andre verdskrigen. Ei slik bane viser omverda at Noreg har langsiktige strategiske interesser i nord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.