Intervju

Slapp av, vaksinen er med oss

Ja, særleg Pfizer ser ut til å gje stadig dårlegare vern mot koronasmitte, men vi skal ikkje vera urolege, seier professor Anne Spurkland.

I Wuhan sette dei munnband til og med på statuer då Verdhelseorganisasjonen endeleg fekk vitja byen i februar i år. Men no er det opphavlege viruset frå byen borte. Andre variantar har teke over.
I Wuhan sette dei munnband til og med på statuer då Verdhelseorganisasjonen endeleg fekk vitja byen i februar i år. Men no er det opphavlege viruset frå byen borte. Andre variantar har teke over.
Publisert

Moderna gjev mykje betre vern mot delta enn Pfizer, syner ein førebels studie frå USA. I Israel ser ein stigande smitte seks månader etter fullvaksinering med Pfizer. Anne Spurkland er professor og immunolog.

– Ja, det ser ut som vernet mot smitte går ned etter kvart som tida går. Men smitte handlar om at ein får påvist virus gjennom prøver i nase–hals-området. Ok, så har du smitte på slimhinnene der, men det inneber ikkje at du vert dødssjuk av viruset. Påvist smitte er éin ting, alvorleg sjukdom noko anna. Eg er ikkje så veldig uroleg førebels. Vi byrja med vaksinering i romjola i Noreg. Førebels ser vi ikkje nokon auke i alvorleg sjukdom.

– Men kvifor smitte på slimhinnene, men ikkje alvorleg sjukdom i kroppen?

– Vi får ikkje vaksinen via nasen, men gjennom skuldra. Dimed vernar vaksinen oss mot viruset inne i kroppen, men etter kvart ikkje så godt på slimhinnene. At vernet mot viruset på slimhinnene går ned etter seks månader, som dei no ser med Pfizer i Israel, er i grunnen ikkje så overraskande.

– Men så er det denne studien frå Mayo-klinikken i USA som tyder på at Moderna gjev langt betre vern mot smitte enn Pfizer?

– Det studien frå Mayo tyder på, er at ein hadde eit vern mot smitte med delta på 42 prosent etter vaksinering med Pfizer og 76 prosent etter vaksinering med Moderna. Ja, dei to vaksinane byggjer på same teknologien, mRNA. Skilnaden er at Moderna inneheld tre gonger så mange kopiar av mRNA-molekylet. Moderna gjev oss altså tre gonger så mykje arvestoff som lagar piggproteinet. Det eg tenkjer når eg arbeider i laboratoriet, er at når ein gjev tre gonger så mykje arvestoff, så får ein ein meir effektiv vaksine. Eg seier ikkje at effekten vert tre gonger så god, men eg seier at effekten vert sterkare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement