Intervju

Det gamle Venstre er det nye Venstre

Vestlands-Vinstre er attende. 3,4 prosent i Sogn og Fjordane røysta inn Alfred Bjørlo.

Dei kallar det Bjørlo-poteter, men truleg er det ein britisk sort.
Dei kallar det Bjørlo-poteter, men truleg er det ein britisk sort.
Publisert

Det moderne Venstre er eit parti som står langt frå den jamne distriktsvestlendingen, og særleg langt står Venstre frå veljarane i Sogn og Fjordane, der partiet fekk berre 3,4 prosent av røystene. Men når bror min og eg svingar inn på den vesle garden til Stad-ordføraren og biologen Alfred Bjørlo, får eg litt auka sympati for denne utjamningsmannen Venstre no har fått på Stortinget.

For ikkje nok med at Bjørlo har samla slekt og vener for å taka opp poteter, sjølv om det er sundag – han har ein BM Volvo 430, nett den traktoren eg sjølv nytta i barndommen og ungdomstida. Ein mann med ein 430 er ein mann det er vanskeleg ikkje å lika. Rett nok vert han vag når vi spør kva slags poteter han tek opp.

– Det er ein sort vi har hatt på garden i alle år. Vi kallar dei Bjørlo-poteter, men eg trur det er ein britisk sort.

Huset, derimot, er ein moderne byggekloss, men frå åkeren protesterer kona då eg hevdar at det må vera eit plusshus.

– Nei, det er eit TEK-10 hus!

Utanfor står det sjølvsagt to elbilar. Kraftkrisa er for andre. To bilar og eitt hus vert dekt av 20.000 kWh i året. Men Bjørlo mumlar noko om planar om å montera solceller på taket. Her skal det hentast meir statsstøtte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement