Innvandringsvalet

Bernt Aardal trur Sverigedemokraterna vert teke inn i varmen etter det komande valet i Sverige.

Jimmie Åkesson leier Sverigedemokraterna. Etter valet kan han òg vera leiar for Sveriges største parti og største valblokk.
Jimmie Åkesson leier Sverigedemokraterna. Etter valet kan han òg vera leiar for Sveriges største parti og største valblokk.
Publisert

Denne veka har det kome meiningsmålingar i Sverige som syner at Sverigedemokraterna (SD) er større enn heile den borgarlege alliansen til saman og snart kan taka att alliansen som står bak den noverande regjeringa. Det verkar no langt på veg sikkert at SD vert det største partiet i valet på ettersumaren. Kven skal då regjera saman med kven? Bernt Aardal er professor og norsk valforskar og har arbeidd mykje med svenske val.

– SD kan vel neppe dana regjering åleine, men ein fleirtalskonstellasjon vert vel vanskeleg?

– Poenget i Sverige er at SD har stått utanfor det gode selskapet, og at dei to andre blokkene framleis lover at dei ikkje skal koma med. Det er dette siste som no vert utfordra, særleg om SD vert største parti. Ein del snakkar om at Moderaterna (M) og Socialdemokraterna (S) kjem til å dana storkoalisjon, men så vidt eg kan sjå, er ikkje det truleg, når alliansen og SD til saman vert langt større enn venstresida. Det har trass alt vore ein del kontakt mellom SD og Moderaterna, og sistnemnde er nok på gli.

– Korleis kan eit eventuelt samarbeid koma til uttrykk?

– Om vi skal samanlikna SD med det som skjedde med Frp her heime, og det er ei naturleg samanlikning, står SD overfor to alternativ: å vera eit støtteparti eller å krevja regjeringsdeltaking. Vi såg at Frp byrja som de facto støtteparti mellom 2001 og 2005. Men etter kvart vart misnøya i Frp så stor over at dei ikkje fekk den rosen dei meinte dei burde ha, at Hagen før 2005 sa at Frp ikkje lenger ville støtta ei regjering dei sjølve ikkje var ein del av. For SD er nok den historiske sjansen til å verta ein del av makta komen.

– Er du trygg på at Moderaterna vil taka SD inn i varmen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement