Ingen vil sleppe fram den realistiske pessimisten

Ingen liker ein pessimist. Der har vi kanskje grunnen til at ingen norske parti lenger held seg med personar som vil spara inn på dei offentlege utgiftene.

Den stadig dårlegare produktivitetsutviklinga, dei stadig fleire studieplassane, dei stadig større idrettshallane og distriktsflyplassane og lærarnormene må betalast av framtida.
Den stadig dårlegare produktivitetsutviklinga, dei stadig fleire studieplassane, dei stadig større idrettshallane og distriktsflyplassane og lærarnormene må betalast av framtida.
Publisert

Å skriva om norsk offentleg økonomi er lett, for stort sett alle med interesse for samfunnsøkonomi er samde: Stortinget løyver for mykje pengar, og dei nyttar mykje av pengane dei løyver, feil. Denne månaden har Erna Solberg sagt ja til to nye storflyplassar i Nord-Noreg. Både Bodø og Mo i Rana skal få. I Bodø skal dei flytta flyplassen 900 meter til ein kostnad på 5 milliardar kroner. Bodø må få, sidan Ørlandet fekk F-35. Men i Bodø skulle trass alt kommunane lokalt taka ein eigendel på 1 milliard. No arbeider dei lokalt for å få den milliarden inn på statsbudsjettet. Det lukkast dei nok med. Alt dette samstundes som det mest lønsame samferdselsprosjektet i Noreg, med ei forventa avkasting på 700 prosent, ei tredje rullebane på Gardermoen, ser ut til å stranda av di småpartia på Stortinget ikkje vil ha dette ettersom distrikta må få sitt.

Eller tak kommuneøkonomien: Under Erna Solberg har kommunane fått ein rekordauke, sjølv om dei ikkje nett var sveltefôra frå før, om vi skal tru Jens Stoltenbergs sjølvbiografi, der han er skuffa over seg sjølv for at han ikkje makta å avgrensa utgiftsveksten til kommunane. Men utgiftsvekst er tilsynelatande bra, for når staten drysser pengar over oss alle, aukar skatteinngangen. I januar i år har det regna pengar over kommunane. Skatteinngangen var på 97 milliardar, opp 6,4 prosent frå i fjor.

Har så kommunane nytta pengane til å betala ned på skulda? Nei. Kommunane går med underskot. Kan henda er ikkje det så underleg, sett i lys av at gjelda gjekk opp frå 150 milliardar i 2000 til 600 milliardar i 2017. Vesle Volda får no nokre få nye innbyggjarar frå Hornindal kommune. Den nye kommunen greier så vidt å passera 10.000 innbyggjarar. Politikarane har vedteke planar som vil gje nye Volda 2 milliardar kroner i gjeld.

Ansvarlege?

I ein slik situasjon skulle ein tru det fanst eit økonomisk ansvarleg parti. Alle partia vil påstå dei er ansvarlege, men leiter ein med eit nokolunde nøytralt blikk, finn ein ikkje dette ansvarlege partiet. Når ein ser på dei ulike framlegga til statsbudsjett i Stortinget kvar haust, er det knapt utgiftsavvik mellom det regjeringa gjer framlegg om, og det opposisjonspartia kjem med. Og som vi no har fått med oss: Solberg har stilt seg i spissen for å stikka hòl på handlingsregelen. Staten sparar årleg store summar ved å vera sjølvassurandør. No vil ho finansiera eit heilt nytt og mykje større regjeringskvartal ved å henta ekstrapengar frå Oljefondet, og på same vis vil ho kjøpa ein ny fregatt få forsvarskunnige seier at Noreg treng.

Festen skal tilsynelatande halda fram lenge. Eller skal han det? Noreg har vore her før. I 1970-åra fekk vi dei såkalla Kleppe-pakkane. Subsidiane til det private næringslivet gjekk rett opp, og kvart år auka dei sosiale utgiftene med ti prosent, dei vart dobla på sju år. Inflasjonen tok av, arbeidsløysa gjekk opp. Så kom Kåre Willoch og avvikla den aktive næringspolitikken, og til slutt kom Gro Harlem Brundtland og kutta utgiftsveksten. Men eit anna land var vel så hemningslaust som Noreg er no, og det var Danmark i 1960-åra. Og då kan vi finna fram den mest omtalte danske boka om politisk økonomi nokosinne. Boka selde i store opplag og vart trykt på ny så seint som i 2016.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement