Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ingen kjenner konsekvensane

Verken departement, Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Miljødirektoratet kan gje ei vurdering av dei samla konsekvensane for natur og biologisk mangfald av den norske vindkraftsatsinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vindmøller i Eigersund kommune i Rogaland.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

3982
20191122
3982
20191122

eva@dagogtid.no

Når Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) handsamar konsesjonssøknader for vindkraft, skal alle prosjekta vurderast opp mot naturmangfaldlova, slik at omsynet til naturmangfaldet vert tilstrekkeleg sikra. Dette inkluderer å sjå på kva verknader vindkraftverka har for til dømes hubro, og samla verknader for naturmangfaldet. Vedtak som påverkar utvalde naturtypar, som kystlynghei, prioriterte artar eller rovdyr, skal leggjast inn i det offentlege miljøvedtaksregisteret, for at miljøstyresmaktene skal kunne følgje med på utviklinga.

Ut frå dette skulle ein tru det fanst oversikt over kor store areal av til dømes kystlynghei og myr som kjem til å verte råka gjennom vindkraftkonsesjonane som er gjevne så langt, og at det var gjort vurderingar av dei samla konsekvensane for biologisk mangfald generelt eller hubro spesielt. Men slik er det ikkje.

Finst ikkje oversikt

Dag og Tid ringde fyrst Olje- og energidepartementet (OED) for å prøve å få svar på desse spørsmåla, men der vart vi synte vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som igjen synte oss vidare til NVE.

Frå presseavdelinga i NVE vart vi så fyrst bedne om å ta kontakt med Miljødirektoratet òg, men to dagar seinare kom dette svaret frå Arne Olsen, seksjonssjef for vindkraft i NVE:

– Det er miljøstyresmaktene, med Miljødirektoratet i spissen, som har ansvar for miljøovervaking og kartlegging av natur, mellom anna utvalde naturtypar som kystlynghei. Når det gjeld korleis konkrete utbyggingar nær både vass- og vindkraft råkar mellom anna utvalde naturtypar, held NVE seg fyrst og fremst til innspel vi får frå miljøstyresmaktene – Miljødirektoratet og fylkesmannen – gjennom minst tre høyringsrundar. Per i dag er det ikkje ei detaljert oversikt over myr- og kystlynghei som vert råka av vindkraftverk, men NVE må vurdere alle prosjekt etter naturmangfaldlova, skriv Olsen.

Ikkje detaljkunnskap

Når vi så bed om utdjuping av korleis NVE vurderer dei samla konsekvensane for hubro spesielt og naturmangfald generelt etter å ha vurdert alle prosjekta etter naturmangfaldlova, får vi dette svaret frå Rune Flatby, direktør for konsesjonsavdelinga i NVE:

– Vi held oss til faglege tilrådingar når det gjeld hubro. Vi har ikkje detaljkunnskap om verknadene for hubro, men følgjer tilrådingar om at det ikkje skal byggjast vindkraft nærare kjende hekkelokalitetar enn éin kilometer. Hubroen brukar store areal, og vi har ikkje detalj­kunnskap som kan isolere sumverknader for vindkraft frå dei samla verknadene for hubro av all arealbruksendring i Noreg, til dømes hyttebygging.

På spørsmålet om naturmangfaldet meir generelt syner han igjen til at det er Miljødirektoratet som har det overordna ansvaret for overvaking og kartlegging, mellom anna ved at det er etablert ei raudliste for truga artar og naturtypar.

– Det betyr at vi har god oversikt over kva artar og naturtypar det må takast særleg omsyn til i arealforvaltinga, skriv Flatby.

Manglar analysar

Men heller ikkje Miljø­direktoratet kan hjelpe.

– Miljødirektoratet har ikkje gjort dei analysane og utrekningane som krevst for å kunne svare på desse spørsmåla. Om slike analysar kjem til å skje gjennom eit oppdrag frå departementet eller anna prioritering, er ikkje avklart, svarar presseavdelinga i direktoratet per e-post og presiserer at meiningsfulle svar på spørsmåla kjem til å krevje relativt omfattande analysar.

Med andre ord har norske styresmakter godkjent bygging av over 80 vindkraftverk på land utan at nokon veit eller har rekna på kva konsekvensar denne utbygginga har for natur og biologisk mangfald.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Per i dag er det ikkje ei detaljert oversikt over myr- og kystlynghei som vert råka av vindkraftverk.

Arne Olsen, seksjonssjef for vindkraft i NVE

Emneknaggar

Fleire artiklar

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den danske forfattaren Olga Ravn har skrive ein slags litterær true crime om hekseprosessane.

Foto: Sara Galbiati

BokMeldingar

Kvinner som brenn

Olga Ravn fortel om trolldomsprosessar på 1600-talet.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis