JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vindkraft i nye klede

Når Noreg no skal satse på vindkraft igjen, skal det leggjast sterkare vekt på omsynet til naturen. Men det er ikkje klart korleis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Omsynet til landskap og naturmangfald låg til grunn for mykje av motstanden mot vindkraftverka som fekk konsesjon i Noreg fram til 2019. No er det opna for nye utbyggingar. Biletet syner ei 70 meter lang vengje på veg opp til Gulesletten vindpark like ved Florø.

Foto: Tore Meek / NTB

13261
20221014

Vindkraft

I april i år opna regjeringa for at konsesjonsbehandlinga av vindkraftverk på land kunne starte opp att etter tre år på vent.

Frå før av er det gjeve konsesjon til over 80 vindkraftverk på land, og ved utgangen av 2021 var 62 av desse under utbygging eller i drift.

eva@dagogtid.no

Den mykje omtalte grunnrenteskatten regjeringa har føreslege å innføre i statsbudsjettet for 2023, skal òg gjelde for vindkraftverk på land, og halvparten av skatten skal kome vertskommunane for vindkraftverka til gode. Det kan gjere nye utbyggingar meir attraktive lokalt att etter den sterke vindkraftmotstanden som breidde om seg for nokre år sidan.

Og regjeringa ønskjer meir vindkraft på land.

– Vindkraft bidreg til styrkt kraftbalanse og lågare straumprisar. Og det hastar med å få i gang ny kraftproduksjon, argumenterte olje- og energiminister Terje Aasland (Ap), då han i april opna for nye konsesjonsbehandlingar av vindkraftanlegg på land etter at dei hadde vorte sette på vent i 2019.

På dei tre åra som har gått, er det gjort fleire andre endringar i vindkraftregimet, utover å auke skatten. Kommunane er til dømes vortne lova å få meir å seie i utforminga av vindkraftverk enn før. Dei har òg fått ein slags vetorett i spørsmålet om det skal byggjast fleire vindkraftverk i kommunen eller ikkje.

Når det gjeld kva vekt omsynet til landskap og natur skal ha i spørsmålet om nye satsingar, er signala langt frå like eksplisitte. Svein Grotli Skogen, som er seksjonssjef for energikonsesjonar i NVE seier det slik:

­– Signalet om at kommunen no skal høyrast meir, er tydeleg. Men kva den generelt skjerpa vektlegginga av miljøinteresser skal bety, er betydeleg meir uklart.

Klagar og lovnader

Samstundes var det nett omsynet til landskap og natur som låg til grunn for mykje av motstanden mot vindkraftverka som vart godkjende fram til 2019. Dag og Tid har tidlegare gått gjennom dei fleste av desse vindkraftkonsesjonane og kartlagt klagane som vart fremja mot dei.

Ifølgje klagane kunne over 30 av desse vindkraftverka til dømes vere til skade for bestanden av den raudlista fuglearten hubro. 16 av dei kunne bryte inn i såkalla inngrepsfrie naturområde, 15 av vindkraftverka kunne ete seg inn i den minkande landskapstypen kystlynghei, og ni av konsesjonane kunne innebere nedbygging av myr.

I vindkraftmeldinga som vart lagd fram av den førre regjeringa i 2020, vart det såleis lova at verknader for både landskap og miljø, samfunn og naboar skulle vektleggjast sterkare i konsesjonsbehandlinga av nye vindkraftverk.

I ettertid har NVE, Miljødirektoratet og fleire andre statlege styresmakter òg sett meir på kva følgjer vindkraftutbygging kan ha for både samfunn og miljø. Arbeidet, som vert omtalt som kunnskapsgrunnlaget, fortel mellom anna kva som er kjent om konsekvensane av vindkraftverka som er bygde i Noreg, kva det går føre seg studiar for å finne ut av, og kva det finst for lite kunnskap om per i dag. Det syner òg at dei 62 vindkraftverka som var bygde fram til 2022, samla beslaglegg 587 kvadratkilometer og har ført til at 385 kvadratkilometer har mista status som såkalla inngrepsfri natur, og 71 kvadratkilometer har mista status som villmarksprega natur.

Nye reglar

Tidlegare i år la NVE òg fram forslag om nye krav og prinsipp for konsesjonsbehandlinga av vindkraft, som mellom anna skal bidra til at det vert teke meir omsyn til konsekvensane for miljø og naboar i vindkraftsaker.

Forslaga inkluderer krav om grundigare konsekvensutgreiingar, nye standardvilkår som minimumsavstand til bustader, makshøgd for vindturbinar, kortare frist for å fullføre vindkraftutbygginga og nye prinsipp for bruk av før- og etterundersøkingar for å auke kunnskapen om verknadene av vindkraftverk.

Då regjeringa i april i år opna for at konsesjonsbehandlinga av nye vindkraftverk på land kunne starte opp att, vart det sagt at både føringane frå vindkraftmeldinga, det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget om verknader av vindkraft på land og oppdaterte krav frå NVE skulle leggjast til grunn for behandlinga av nye vindkraftverk.

Derimot er det ingen av dei nemnde dokumenta som seier noko særleg konkret om kva ei skjerpa vektlegging av landskap og natur skal innebere.

Det er heller ikkje gjeve signal om at område med inngrepsfri eller villmarksprega natur, utvalde naturtypar eller område med raudlista artar framover skal skjermast i større grad enn ved tidlegare vindkraftutbygging.

NVEs forslag til nye krav og prinsipp inneheld rett nok fem konkrete tiltak for å oppnå såkalla «skjerpet vektlegging av miljø, naboer og andre virksomheter» i framtidige konsesjonsbehandlingar, men dei fem tiltaka handlar i hovudsak om korleis konsekvensane av ei vindkraftutbygging skal undersøkjast, skildrast og synleggjerast betre i konsesjonsprosessen. Samstundes skriv etaten at «det (er) viktig for oss å understreke at hensynet til naturmangfold, naboer og omkringliggende virksomheter er vektlagt i betydelig grad også i tidligere konsesjonsbehandling av enkeltsaker».

Når det gjeld vindkraftutbyggingar som råkar reindriftsområde, har regjeringa etter den knusande høgsterettsdommen om Fosen-utbygginga gjeve føringar om at samla belasting for reindrifta skal vurderast og vektleggjast ved kvart nytt tilfelle, og at samiske interesser og råka reinbeitedistrikt skal konsulterast. Men det er ikkje sagt noko om at reindriftsområde skal vernast mot utbygging.

– Vil vege tyngre

Skogen i NVE stadfestar at det ikkje er gjeve føringar om vern av visse typar natur.

– Vi har ikkje forbod mot inngrep i spesielle typar natur, utover område som er verna. Dei politiske signala vil likevel variere over tid, slik at til dømes inngrep i myr vert vurdert annleis no enn for nokre år sidan. Dette tek vi omsyn til i konsesjonsbehandlinga og ikkje minst i detaljplanfasen for vindkraftverka. Uansett trengst det tydelege politiske signal før vi kan gjere store endringar i vurderingane, seier han.

Skogen er likevel viss på at omsynet til natur og miljø kjem til å vege tyngre i behandlinga av nye vindkraftkonsesjonar enn før.

– Det er samla mykje meir kunnskap om verknadene av vindkraftutbygginga og kva konsekvensar desse anlegga har. Berre det grunnlaget gjer at vi kan vekte ulike omsyn på ein annan måte enn tidlegare, og i praksis peikar det mot ei skjerpa vektlegging av miljø, seier han.

– Er det nokon av vindkraftverka som vart vedtekne i førre runde, som ikkje ville vorte godkjende med regelendringane de no har føreslege?

– Det har vi ikkje vurdert, seier han.

Konsekvensar

Sveinulf Vågene er rådgjevar i Motvind Norge, ein organisasjon som vart skipa hausten 2019, og som i dag har nær 20.000 medlemmer. Han trur ikkje dei føreslegne endringane i vindkraftregimet kjem til å dempe belastninga på natur og miljø. Tvert om kan dei gå frå vondt til verre, slik han vurderer det.

– Eg har faktisk ikkje sett nokon endringar som peikar i favør av naturen, seier han.

Han reagerer på at NVE i sine forslag til konsesjonsprosessen legg til grunn at negative verknader av vindkraftverk kan reduserast gjennom såkalla avbøtande tiltak. Det einaste avbøtande tiltaket av betydning for naturvern, slik han ser det, er å ikkje byggje i inngrepsfri natur eller friluftsområde.

– Det NVE føreslår for å avbøte, er kosmetikk og vil ikkje endre på dei store grunnleggjande inngrepa. Dei føreslår til dømes å snevre inn internvegane i vindkraftprosjekta, men turbinane skal samstundes verte større, så vegane kjem til å måtte verte meir inngripande. Skal ein frakte ei vengje som er bortimot 100 meter lang, gjer ein ikkje det på smale vegar, seier han.

Dessutan er dei fleste nye vindkraftprosjekta det no vert jobba for å utvikle, planlagde i urørte naturområde og på mykje større areal enn tidlegare vindkraftprosjekt, seier Vågene.

– Medan dei største vindkraftprosjekta tidlegare var på rundt 30 kvadratkilometer, vert det no prøvd å utvikle prosjekt som ligg opp mot 100 kvadratkilometer. Det gjer at trugselen mot naturen vert vridd om endå eit par omdreiingar, seier han.

– Ny runde konfliktar

Av større saker har NVE så langt fått fire vindkraftprosjekt på bordet etter at det vart opna for konsesjonsbehandling igjen, ifølgje Skogen.

Dei fire prosjekta ligg alle i Midt-Finnmark, i kommunane Lebesby og Gamvik. Davvi vindkraftverk i Lebesby har åleine eit planområde på nær 80 kvadratkilometer, og inkluderer – til liks med dei tre andre – det som i dag er beiteområde for rein. Det vart søkt konsesjon for Davvi i 2019, men søknaden har lege på vent fram til no.

At konsesjonssøknaden no er gjenopna, tek naturvernforbundsleiar Truls Gulowsen som eit dårleg teikn. Naturvernforbundet har oppmoda vindkraftaktørar om å trekkje konsesjonar baserte på det dei kallar «gamal tenking», som vil seie store utbyggingar i naturområde, i opne kystlandskap eller – slik som Davvi – midt i reindriftsområde.

– Om vindkraftbransjen meiner alvor og har lært noko av det høge konfliktnivået, burde dei trekkje slike prosjekt, men det har dei altså ikkje gjort. Det skapar ei viss uro, seier han.

Gulowsen er heller ikkje overtydd av endringane i vindkraftregimet så langt.

– Vi vil ha eit regelverk som er tydeleg på at vindkraft ikkje er ønskt i urørt eller inngrepsfri natur, slik at nye anlegg vert styrte mot område som alt er utbygde, som i hamner og industriområde til dømes. Men det som har kome frå OED og NVE så langt, bidreg ikkje til det. Det einaste positive med endringane som er skisserte så langt, er at det no skal takast tydelegare omsyn til urfolkrettar. Men det må kome fleire reglar knytte til naturomsyn. Elles er eg redd det no vert lagt opp til ein ny runde konfliktar, seier han.

Fornyar lovverk

Regjeringa jobbar for tida med forslag til endringar i plan- og bygningslova, slik at vindkraftanlegg kan behandlast etter både energilova og plan- og bygningslova, slik Stortinget har bede om.

– Olje- og energidepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet tek sikte på å leggje fram eit høyringsnotat før jul om korleis plan- og bygningslova kan nyttast i større grad i dag. Dette for å styrkje rolla til kommunane ytterlegare, skriv statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Olje- og energidepartementet (OED) i e-post.

Olje- og energidepartementet skal òg kome med presiseringar når det gjeld forslaga til krav og prinsipp for konsesjonsbehandlinga som NVE har lagt fram.

Dag og Tid har spurt om område med inngrepsfri natur, utvalde naturtypar eller område med raudlista artar framover kjem til å verte skjerma i større grad enn ved tidlegare vindkraftutbyggingar, men har ikkje fått noko konkret svar.

Sæther syner via e-post til at NVE, Miljødirektoratet og andre statlege styresmakter har oppdatert kunnskapen om verknader av vindkraft på land på meir enn 30 ulike område, mellom anna når det gjeld konsekvensar for samanhengande naturområde med urørt preg.

– Framover skal oppdatert kunnskap om miljø- og samfunnsverknader leggjast til grunn for handsaminga av vindkraft, og kommunen får leggje premissane for om det skal byggjast og korleis det skal byggjast vindkraft, skriv ho.

Ikkje siste ord

Siste ord i vindkraftprosessane er kommunane likevel ikkje nødvendigvis sikra. Slik OED formulerer det, skal kommunane skriftleg samtykke før ei ny konsesjonsbehandling kan setjast i gang, og det skal vere god dialog mellom vindkraftutviklar og kommunen i alle fasar av prosjektet.

Men kommunane har ikkje formell vetorett etter at konsesjonsprosessen er sett i gang, ifølgje Skogen i NVE.

– Kommunane er ein veldig sentral høyringspart og skal ha ei ny rolle i prosessen, men dei kan ikkje kome tilbake når som helst og stoppe prosessen etter at han er starta. Det ligg elles uansett i korta at vedtaka vil vere tett knytte til stemninga rundt vindkraftutbygging i kommunen, seier han.

Det som skjedde med nokre av dei tidlegare vindkraftutbyggingane, var at kommunar fyrst sa ja til konsesjonsbehandling, men at prosjekta endra seg såpass i den påfølgjande detaljplanlegginga at dei seinare angra seg.

Skogen syner til at det framover skal gå mykje kortare tid frå eit anlegg får konsesjon, og til utbygginga må starte opp, og reknar såleis med det vert mindre behov for endringar mellom konsesjonsvedtak og detaljplanar.

– Så får vi sjå kva som skjer når endringane i plan- og bygningslova kjem, seier han.

Kva det vil ha å seie for landskap, natur og miljø at kommunane får meir å seie i vindkraftspørsmålet framover, står òg att å sjå.

Gulowsen i Naturvernforbundet kallar situasjonen eit tviegga sverd.

– Det er openbert at kommunane bør kunne seie nei til vindkraftverk og verte respekterte. På den andre sida kan dei større skatteinntektene frå vindkraft no gjere det meir attraktivt å seie ja til prosjekt dei i utgangspunktet kanskje ikkje ville gått inn for. Det er mykje bra med kommunalt sjølvstyre, men mange kommunar har vore dårlege til å vareta naturomsyn når det er kort veg mellom utbyggingsløyve og inntekter frå skatt eller næring, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kva den generelt skjerpa vektlegginga av miljøinteresser skal bety, er betydeleg meir uklart.

Svein Grotli Skogen, seksjonssjef i NVE

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis