JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Inflasjonen er attende

Ei globalisering i revers gjer det mykje vanskelegare å få ned inflasjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1849, i ein freistnad på å få ned matvareprisane, oppheva det britiske parlamentet navigasjonslova, som hadde lagt ned forbod mot at andre enn britiske skip frakta varer til Storbritannia. Opphevinga vart ein suksess. Prisane gjekk ned. Det siste året har prisane på internasjonal skipsfrakt vorte mangedobla.

Måleri av Thomas Whitcombe

13697
20220715

Bakgrunn

Vesten går no gjennom ein inflasjon på mellom 6 og 20 prosent.

Alle sentralbankane set opp renta og varslar endå høgre renter der framme.

Spørsmålet er om det hjelper å setja opp renta, når det er internasjonale energiprisar som er problemet.

jon@dagogtid.no

Den amerikanske banken Goldman Sachs (GS) vert ofte sitert i desse spaltene. Det er kan henda trøyttande, men det er ikkje til å koma forbi at sidan banken har verdas best betalte og velrenommerte analytikarar, vert rapportane deira om ikkje lesne som ein fasit om framtida, så med høg interesse i sentralbankar og finansdepartement verda over. I starten av veka kom GS med ein rapport om kva som skjer i Europa om Russland kuttar ut all gasseksport til EU.

Tala er sterke. GS nyttar Italia som eit konkret døme, men i det store og heile gjeld framskrivingane for alle land i det opphavlege EU. Hausten 2020 var den årlege kraftrekninga for eit gjennomsnittleg italiensk hushald på 5000 kroner. I tillegg betalte dei 9500 for gass, som gjekk til oppvarming og matlaging. Den årlege energirekninga var altså på 14.500 kroner. No er den same rekninga komen opp i 34.000 kroner.

Forsvinn den russiske gassen heilt, trur GS, går den noverande rekninga opp med 65 prosent og endar på 57.000 kroner. Den ekstreme inflasjonen er ikkje komen av «normale» årsaker; dette er ikkje inflasjon forårsaka av auka offentleg eller privat forbruk. Italienarane er dei fremste spararane i EU. Sidan dei ikkje får meir enn 1,2 born i gjennomsnitt, sparar dei så godt dei kan til alderdomen. Og det er lenge sidan italienske regjeringar pøste på med nye utgifter. Den italienske staten er blakk, naturleg nok, sidan den offentlege gjelda er på 150 prosent av BNP.

I revers

Denne inflasjonen kjem av di globaliseringa har gått i revers. Putin ser på EU og Vesten som fienden. Han har gått lenger enn nokon generalsekretær i Sovjetunionen nokon gong gjorde. Putin har brote energikontraktar Russland har inngått med vestlege aktørar.

Italia og EU er ikkje åleine om å oppleva denne energiinflasjonen, som gjev seg utslag over heile fjøla. Mat vert dyrare, nye hus og vegar vert dyrare, ja, nesten alt vert dyrare av di energi er hjørnesteinen i så godt som alt vi ynskjer å kjøpa.

Kva er det tradisjonelle svaret frå styresmaktene når prisane byrjar å gå opp? At sentralbankane set opp renta. I USA er renta på bustadlån no komen opp i 5,3 prosent, ingen bør verta forundra om vi i Noreg opplever det same om eit år eller to.

Skal vi vera heilt ærlege, ved dette høvet er ikkje rentesvaret særleg godt. Den europeiske sentralbanken har varsla ei rekkje rentehevingar framover. GS seier at sjølv om den russiske gassflyten held fram på sitt noverande nivå, som rett nok er lågt, kjem delar av kraftkrevjande industri – kjemi, glas, keramikk, papir, raffinering, sement og så bortetter – til å måtte stengja ned til vinteren. Forsvinn den russiske gassen heilt, kjem ein stad mellom 65 og 80 prosent av tungindustrien til å måtta lukka ned. Er då rentehevingar eller opprørspoliti svaret?

Paradokset

I alle høve står vi no i den paradoksale situasjonen at europeiske sentralbankar aukar renta samstundes som europeiske regjeringar pøsar på med subsidiar både til næringslivet og hushald for at dei ikkje skal merka at Europa manglar energi. Til vinteren har den norske regjeringa lova å dekkja 90 prosent av kraftrekninga på alt over 70 øre per kWh, og det samstundes som Noregs Bank seier dei vil setja opp renta for å trekkja inn kjøpekraft. Regjeringa gjer éin ting, Noregs Bank ein annan, og slik er det over heile Europa.

Sagt i klartekst: Di høgre energiprisen vert, di meir pengar kjem europeiske regjeringar til å nytta på subsidiar, og di høgre set sentralbankane renta. På eit perverst vis er dette logisk. Alle vestlege sentralbankar har no eit inflasjonsmål, og den einaste styringsreiskapen sentralbankar har mot inflasjon, er renta. Køyrer regjeringar for fort, må sentralbankane køyra endå fortare. Aukar regjeringane pengemengda, svarar sentralbankane med å gjera pengar dyrare, slik at det vert mindre pengar å nytta. Og slik må det nesten berre vera.

Eller som Milton Friedman sa det: «Inflasjon er alltid og overalt eit monetært fenomen.» Dette høyrest nesten dumt ut, for påstanden må openbert vera feil. At Putin struper gasstilføringa til EU, er ikkje eit monetært fenomen. Men påstanden har likevel noko ved seg. At vi i Vesten i år og i fjor har hatt så god råd og har etterspurt og etterspør så mykje, handlar i høg grad om at regjeringane har gjeve så mykje i covid-19-støtte, og at sentralbankane har trykt pengar i kombinasjon med sterkt negativ realrente. Folk flest over heile Vesten har mykje meir pengar på bok no enn før covid.

Likevel …

Det vi i alle høve kan slå fast, er at det ikkje hjelper særleg mykje å heva renta når Kina ikkje kan levera varer vi vil ha, av di landet igjen og igjen vert stengt ned på grunn av pandemien. Og straumprisen kjem ikkje ned i Noreg så lenge landa vi er knytte til via kablar, manglar gass.

Dette opnar opp for eit anna og kjettersk spørsmål: Har vi tolka den nære fortida rett? Vi har no gått gjennom 40 år med låg inflasjon. Standardsoga om kvifor det har vore slik, går omtrent på dette viset: I 1979 hadde Jimmy Carter vorte desperat, inflasjonen var ute av kontroll, og veljarane ville kasta demokratane ut av Kongressen og ha Carter bort frå Det kvite huset. Carter utnemnde Paul Volcker til sjef for den amerikanske sentralbanken, Fed, og lova Volcker at han ikkje ville blanda seg borti rentefastsetjinga.

Volcker sette opp renta som ingen andre. USA gjekk rett inn i ein kraftig økonomisk nedgang. Carter og demokratane vart kasta ut av Washington, men Ronald Reagan gjorde som Carter, han lét Volcker halda på med sitt. I 1982 var inflasjonen komen under kontroll, og den amerikanske økonomien byrja på ny å veksa. Volcker vart norma for heile Vesten. Alle sentralbankar fekk inflasjonsmål, og kvar gong inflasjonen truga, vart renta sett opp.

Til slutt, seier soga, hadde sentralbankane vorte så truverdige at fagforeiningar ikkje lenger våga å be om høgre lønstillegg enn verksemdene kunne tola, og det samstundes som regjeringane stogga med dei stadige utvidingane av velferdsstatane som dei hadde halde på med gjennom etterkrigstida.

Ja, så truverdig hadde sentralbankane vorte, at EU kunne innføra euroen og renta setjast nesten til null kvar gong vestlege økonomiar gjekk gjennom ein nedgang. Vesten har til dømes no gått gjennom 15 år med negativ realrente, og det utan noka form for inflasjon.

Moderasjonen

Den tidlegare amerikanske sentralbanksjefen Ben Bernanke har kalla perioden mellom 1984 og 2007 for «den store moderasjonen». Amerikansk økonomi var då stabil som nesten aldri før. Volcker får æra for å ha gjenoppretta truverdet til sentralbankane og etterfylgjaren Alan Greenspan, som sat mellom 1987 og 2008, for å vera meisteren i finjusteringa av den økonomiske maskina.

Sa sentralbanksjefane hopp, så hoppa statsleiarane. I alle vestlege land vart sentralbanksjefane storkjendisar og heltar. Her heime, har Kjell Magne Bondevik sjølv fortalt, var renteauken til Svein Gjedrem eit tilskot til Bondeviks depresjon då han meinte det var trong for å nytta meir pengar.

Men er denne soga sann? Har verkeleg sentralbanksjefane så stor makt? Kan dei verkeleg kontrollera inflasjonen så godt som dei har vorte gjevne æra for? Var det ein som verkeleg lytta til og trudde på Milton Friedman, var det Alan Greenspan, men også han tvilte av og til på sin eiga makt og kompetanse.

Konkurranse

I 2005 heldt Greenspan ein tale der han uttrykte tvisyn om kva han kunne få til, og det i ein periode han og andre sentralbanksjefar vart sette på som nær allmektige. Han lurte på om ikkje globaliseringa hadde vel så mykje av æra for den låge inflasjonen og økonomiske stabiliteten Vesten opplevde, som Volcker og han sjølv. «Stadig fleire økonomiar», sa han, «har vorte stadig meir eksponertejun for ein stadig sterkare internasjonal konkurranse og komparative føretrinn.»

Her høyrer det med å nemna at George Bush junior som takk for at Beijing deltok i den internasjonale kampen mot global terror, hadde sleppt Kina inn i Verdas handelsorganisasjon (WTO) i 2001. «I denne prosessen», sa Greenspan, «har lægre prisar for ein del varer og tenester produserte av handelspartnarane våre gjennom konkurranse halde nede prispresset her heime.»

Om Greenspan hadde rett i dette, vert implikasjonen av påstanden at mindre internasjonal konkurranse og høgre internasjonale prisar på til dømes energi må føra til at inflasjonen går opp. Og ikkje minst: at sentralbanksjefar har mykje mindre makt over prisane enn til dømes Bernanke trudde då han døypte perioden mellom 1984 og 2007 «den store moderasjonen».

Historia er attende

Sitata frå Greenspan er henta frå ein lengre kommentar historieprofessoren Stephen Mihm skreiv i Bloomberg-media no på sundag. Mihm igjen byggjer sin kommentar på ei førelesing gjeven av Princeton-professoren Harold James, som i april fekk den store æresprisen til den globale foreininga til økonomiske historikarar.

Då Greenspan heldt talen sin i 2005, var det brei semje mellom økonomar om at globaliseringa ikkje hadde noko å seia for inflasjon. Inflasjon var noko sentralbankar styrte, og rentevåpenet kontrollerte fagforeiningar, regjeringar og pengemengda. Ja, sjølvsagt førte internasjonal konkurranse til lægre prisar, men om ein nytta for mykje pengar, fekk ein i alle høve inflasjon.

James meiner dette vert for enkelt, og viser til historia. Det er mogleg at rentevåpenet gjev kortsiktige effektar, men i det lange løpet er inflasjon styrt av meir fundamentale skifte. Han meiner at stadig meir fri flyt av varer, tenester, kapital og menneske over grenser har ein dempande effekt på inflasjon.

1800-talet

Tak 1800-talet: Noreg var ikkje åleine med å slita i den fyrste halvdelen av 1800-talet. Effekten av Napoleonskrigane sat i, og særleg på byrjinga av 1840-åra gjekk Vesten gjennom ein høg inflasjon på matvarer.

Hungersnauda i Irland er vel det mest talande dømet. Britane og andre nasjonar svara med å opna for meir import av matvarer. I 1849 oppheva britane navigasjonslova, som påla at varer til Storbritannia skulle fraktast på nasjonal kjøl, og til dømes Noreg fekk ein høg vekst av di vi kunne konkurrera fritt innan skipsfart.

Vi trur ofte at globaliseringa vi har gått gjennom dei siste 40 åra, er unik. Det er ho ikkje. Tida mellom 1871, då vi fekk Tysklands samling, og 1914, ei tid då alle dei store nasjonane var knytte til den britiske gullstandarden, som både gav deflasjon og ein stabil global valuta, var om mogleg endå meir globalisert enn vår tid. Som Niall Ferguson har sagt det, var denne tida prega av «relativ fri handel, få restriksjonar på migrasjon og så godt som ingen hindringar for kapitalflyt».

Eller som den store historikaren A.J.P. Taylor peika på: Før fyrste verdskrigen kunne ein brite reisa frå London til Vladivostok utan å visa pass og utan å måtte veksla valuta. (Han overdreiv litt: Ein måtte ha pass for å koma inn i Russland, som rett nok var med på gullstandarden.)

Mykje billigare

Alt vart både relativt og absolutt mykje billigare i store delar av verda i denne perioden. Fyrste verdskrigen øydela det heile. Vi veit kva inflasjonen, særleg i Tyskland, førte med seg. Bitane vart ikkje limte saman på mange tiår. Ja, Vesten fekk ein stabilitet etter andre verdskrigen, men angsten for inflasjon i etterkrigsåra som førte til kapitalkontroll, i kombinasjon med kommunismen i Aust-Europa og Søraust-Asia, delte verda inn i blokker som knapt hadde noko med kvarandre å gjera.

Oljesjokket i 1973 førte til det same inflasjonssjokket som etter 1919, seier James, men «så til eit press i retning av globalisering for å letta på varemangelen, og så til ein lang periode med låg inflasjon», nett som på midten av 1800-talet.

Dei arabiske nasjonane fekk fyrste høve til å investera kapitaloverskotet i Vesten, deretter fekk også vi i Vesten høve til å investera fritt, som har gjeve Noreg Oljefondet. I tillegg kom meir frihandel og standardiseringa av internasjonal skipsfart, som gav oss konteinaren, og til slutt desse intrikate produksjonskjedene der få har oversikt over kvar delane av ein iPhone eller for den del ein bil kjem frå.

Men no har vi altså fått krigen i Ukraina, som har øydelagt den internasjonale energiflyten, og det i kombinasjon med ein nær total vestleg uvilje dei siste seks–sju åra mot å investera i fossile energikjelder.

Lange trendar

Det er mogleg, skriv Mihm, at denne inflasjonsperioden går over. Men samstundes er det ingen tvil om at det langsiktige målet til særleg USA er å få kopla Russland heilt av den internasjonale energimarknaden, og i alle høve ser det ut som at Putin ikkje lenger vil eksportera energi til Vesten. Verda kjem til vinteren til å oppleva den største energikrisa nokon gong i moderne historie, sa Det internasjonale energibyrået (IEA) på tysdag.

Det stoggar ikkje der. Ja, ein eller annan gong går vel koronarestriksjonane i Kina over, men USA seier eksplisitt at målet deira er å gjera Vesten uavhengig av Kina. Den fråkoplinga er i full gang. Midt opp i all uroa verda no går gjennom, set USA faktisk ny rekord i industriproduksjon, og stadig fleire internasjonale aktørar flyttar produksjon dit, noko som er naturleg, når EU-prisane på gass er 7,5 gonger høgre enn i USA.

Som Mihm skriv: «Om åtaka på globaliseringa held fram, syner historia at perioden med stabile låge prisar truleg er noko som høyrer fortida til.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I alle høve ser det ut til at Putin ikkje lenger vil eksportera energi til Vesten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis