Ikkje Støres feil

Arbeidarpartiet skal verkeleg gjera eit dårleg kommuneval før Jonas Gahr Støre vert utfordra. Det er ikkje hans feil at trendane går feil veg, trur dei Dag og Tid har snakka med.

Arbeidarpartiet ligg an til å gjera sitt dårlegaste kommuneval på snart 100 år. Her er partileiar Jonas Gahr Støre fotografert på Mortensrudfestivalen i Oslo då Ap starta valkampen sin i september i fjor.
Arbeidarpartiet ligg an til å gjera sitt dårlegaste kommuneval på snart 100 år. Her er partileiar Jonas Gahr Støre fotografert på Mortensrudfestivalen i Oslo då Ap starta valkampen sin i september i fjor.
Publisert

Spådomar er som regel feil, men vi freistar likevel: Denne valkampen vert ein metavalkamp. Det store spørsmålet vert kvar Arbeidarpartiet endar – dei ligg no an til å gjera sitt dårlegaste kommuneval på snart 100 år – og kva konsekvensar resultatet får for partileiar Jonas Gahr Støre.

Dag og Tid nyttar ikkje ofte anonyme kjelder. Men denne gongen har vi spurt nokre som var i posisjon under Jens Stoltenberg, men ikkje lenger er ein aktiv del av Ap. Éin seier det slik, og han talar på vegner av dei vi har snakka med:

– Ap må godt under 20 prosent før det eventuelt vert ein leiardebatt. For sanninga er at det ikkje finst noko alternativ til Støre. Og så mykje meir er det ikkje å seia om den saka.

Så kvifor vert det ein metavalkamp? Av di Ap er stengt i alle retningar, som sosialdemokratar er i dei fleste vesteuropeiske land.

9. september

I den ikkje altfor historisk presise filmen The Journey, om tingingane mellom IRA og pastor Ian Paisley om å danna ei felles regjering for internt sjølvstyre for Nord-Irland, kjem MI5-sjefen med ein såkalla rant. Han prøver å forklare kvifor det ikkje er eit alternativ for IRA å gå attende til terroren. Hovudpoenget er at vanleg terror og nokre bomber her og der ikkje er mogleg etter 11. september. Al-Qaida har skapt slik inflasjon at IRA ikkje lenger har noko å kjempa med. IRA er ikkje ekstremt nok. «Om de går attende til det vanlege, vert det knapt registrert som nyhende» (fritt etter minnet).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement