Utanriks
«Ikkje noko personleg!»
Dei fåfengde tingingane med Nato er over. Ettersom dei ikkje har oppnådd det ringaste resultat, vil Russland halde fram med å auke risikoen for krig.
I Kiev markerer demonstrantar motstand mot politikken Vladimir Putin fører både mot Kasakhstad og Ukraina.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Sist fredag drog kona mi og eg for å vitje vener i landsbyen Germanivka, 65 kilometer sør for Kiev. Det bles kraftig, med vindkast opptil 20 meter i sekundet. Av og til verka det som bilen skulle blåse av vegen. I staden for den vanlege timen måtte vi køyre i nesten to timar på grunn av trafikkork i sentrum av Kiev.
Nett da vi tok av frå motorvegen, ringde vertinna, Julietta, og åtvara oss om at dei ikkje hadde straum i landsbyen.
– Truleg har vinden rive ned nokre kablar. Dei fiksar det snart, svara eg.
I Ukraina, som i alle andre land, kan sterk vind skape straumkutt på hundrevis av småstader, og folk er vande med det. Alle hus har eit lager av stearinlys og fyrstikker for slike høve.
Pusjkin
Da vi kom fram til venene våre, var dei framleis utan straum til lys og oppvarming. Så Julietta, mannen hennar og to felles kjende, Dasha og Katya, unge flyktningar frå Donetsk, sat med stearinlys på bordet og drakk vin og snakka om Pusjkin. Meir presist om det mest kjende verket hans, Eugen Onegin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.