I lys av etterpåklokskapen
Pressekonferansen til WHO-direktør Tedros Adhanom Ghebreyesus den 3. mars skapte panikk. Problemet var berre at han inneheldt feil. – Han uttalte seg med for stor sjølvtillit, seier professor Eiliv Lund.
Direktør for Verdshelseorganisasjonen Tedros Adhanom Ghebreyesus får kritikk etter utsegner om covid-19 på ein pressekonferanse 3. mars i år.
Foto: Salvatore Di Nolfi / AP / NTB scanpix
Korona
jon@dagogtid.no
Kva tid var det koronapanikken tok oss? Det vil nok variera kva kvar enkelt svarar på det, men den 3. mars skil seg nokså markant ut. For då heldt Tedros Adhanom Ghebreyesus, direktøren for Verdshelseorganisasjonen (WHO) pressekonferanse. Det som der vart sagt, skremde oss alle. Særleg to setningar beit verdspressa seg merke i. Den eine gjekk slik: «Globalt har om lag 3,4 prosent av dei pasientane som har fått konstatert covid-19, døydd.» Ok, dette kunne ein oppfatta som ei konstatering av førebelse tal, som sikkert ville endra seg. Men så la han til i neste setning: «Om vi samanliknar, drep vanleg sesonginfluensa langt færre enn1 prosent av dei som får smitten.» Han samanlikna altså det som var førebelse tal, med vanleg sesonginfluensa, der vi kjenner dei endelege tala. Verdspressa slo sjølvsagt dette stort opp: covid-19: 3,4 prosent døyr, sesonginfluensa: 0,1 prosent døyr. For vanleg sesonginfluensa drep normalt så lite.
For å spørja rett ut: Korleis kunne Tedros, som verdspressa kallar han, seia noko så uklokt og draga ei så vonlaus samanlikning? Men Tedros sa også andre ting på den pressekonferansen, han sa ein del han umogleg kunne vita, mellom anna om smittefare. Difor spør vi professor Eiliv Lund ved Universitetet i Tromsø om kva han trur var grunnen til at Tedros sa det han sa den 3. mars. Lund er professor i epidemiologi og medisinsk statistikk. Han har fått fleire prisar for forskinga si.
For stor sjølvtillit
– Kva skal vi seia om dette at Tedros samanlikna covid-19 med vanleg influensa og kom med konklusjonar om smittefare?
– Han visste at covid-19 er eit koronavirus. Det er også sars. Dimed trekte han konklusjonar som han ikkje burde ha trekt: at covid-19 og sars mykje er det same. I tillegg samanlikna han altså dei førebelse tala han hadde for letalitet, med sikre tal for vanleg sesonginfluensa. Dimed vart mykje av det han sa, feil.
– Så han uttalte seg med for stor sjølvtillit?
– Ja, det gjorde han. Ein god forskar ville, trur eg, ikkje ha uttalt seg så bastant. I det minste vonar eg det.
– Men dette skapte ein del panikk?
– Ja, og mistru, ein av konklusjonane har mellom anna Trump nytta til å kritisera WHO. For om covid-19 hadde oppført seg som sars, ville det vore nokså enkelt å stogga. Men covid-19 er alt anna enn enkelt å stogga.
Covid-19 er ikkje sars
For å forstå kva Lund her meiner, må vi sjå på ei anna utsegn som Tedros kom med, og det var denne:
«Dette viruset er ikkje sars, det er ikkje mers, og det er ikkje influensa. Det er eit unikt virus med unike karakteristikkar. Både covid-19 og influensa fører til respiratorisk sjukdom og spreier seg på same vis, via små dropar av væske frå nasen og munnen frå ein som er sjuk. Når det sagt, er det nokre vesentlege skilnader mellom covid-19 og influensa.»
Så langt er det Tedros har sagt, i og for seg greitt, men så går det gale:
«For covid-19 spreier seg ikkje like effektivt som influensa, syner data vi så langt har samla inn. Frå vanleg influensa veit vi at personar som er smitta, men enno ikkje sjuke, er dei fremste smittespreiarane. Slik ser det ikkje ut til vera når vi talar om covid-19.»
Så kjem eit særs uheldig ord, i byrjinga av neste setning: evidence, prov:
«Prov frå Kina syner at berre 1 prosent av dei innrapporterte tilfella ikkje har symptom, og dei aller fleste av dei tilfella utviklar symptom etter to dagar.»
Her har WHO og Tedros sett etter prov som stadfestar eit syn dei hadde i utgangspunktet.
– Og det burde dei nok ikkje ha gjort, seier Lund.
I og for seg forståeleg
Å leita etter prov på ein hypotese er det motsette av god forsking, der skal ein nemleg prøva å falsifisera hypotesen og unngå såkalla bias, som er å ynskja seg ein konklusjon.
– Men at dei tenkte slik, er i og for seg forståeleg. For som nemnt, covid-19 er som sars eit koronavirus. Og under sars-epidemien var det personar med symptom som smitta, dei smitta altså etter at dei hadde utvikla sjukdomen, men i hovudsak ikkje før. Difor var det lett å stogga sars. Alle med symptom vart sette i karantene, og sjukdomen kom aldri til Noreg.
Men covid-19 oppfører seg heilt annleis enn sars.
– På dette tidspunktet visste Tedros at covid-19 var eit koronavirus, og difor kom han og WHO til den konklusjonen at sjukdomen ikkje spreidde seg like fort og effektivt som influensa. Han sa at vi vert sjuke før vi spreier sjukdomen. Men det var altså heilt feil, covid-19 spreier seg på same vis som influensa.
Og som vi veit, når nokon seier eller gjer noko feil, så er Trump der.
– For hadde Tedros hatt rett, så burde Kina og dels WHO ha stogga denne smitten lenge før, slik at covid-19 ikkje kom ut av Asia. Hadde Tedros hatt rett, skulle alle smitteberarar ha vorte sette i karantene. Men i Wuhan gjekk det fleire veker før karantene vart innført.
To feil
Pressekonferansen den 3. mars hadde altså to feil. Tedros sa at tala så langt synte at 3,4 prosent døydde, og så samanlikna han det med vanleg sesonginfluensa, som har ein letalitet mellom dei smitta på 0,1 prosent. Denne samanlikninga skapte uro. Samstundes sa han at covid-19 ikkje smitta som influensa, noko som igjen skulle innebera at karantene var nok til å stogga smitten heilt. Men som vi no har lært: Vi veit ikkje kven som har covid-19, av di majoriteten av dei som har smitten, ikkje er sjuke. Når verdssamfunnet så oppdaga at covid-19 smittar som influensa, samstundes som WHO altså hadde rapportert om ein letalitet på 3,4 prosent, så tok panikken verkeleg tak i oss.
– Kort tid etter denne pressekonferansen oppdaga vi altså at covid-19 smittar som influensa, og då byrja vi også å tenkja at letaliteten ville syna det same mønsteret som under influensa, der vi ofte ser at det døyr personar i alle aldersgrupper. Dimed trudde svært mange politikarar at det kom til å verta ei slags spanskesjuke. Det er bakgrunnen for dei tiltaka vi ser over store delar av Vesten. Men vi lærte også nokså raskt at det i hovudsak berre er personar over 70 år som er i faresona. Difor har då også eg vore særs kritisk til tiltaka her i Noreg. Vi burde som svenskane ha skilt mellom dei over 70, og sett inn tiltak i den gruppa, og dei under 70, som kunne ha oppført seg meir som vanleg.
Feil med prov
Lund er klar på at Tedros ikkje burde ha snakka om prov og ikkje gått ut så offensivt som han gjorde, men han har òg forståing for ein del av det Tedros sa.
– I hovudsak var tala som WHO sat på, frå Wuhan. Men Wuhan hadde spesielle tilhøve. Der fekk dei inn svært sjuke pasientar, og dei tenkte ut ifrå desse pasientane. Når ein berre ser svært sjuke pasientar, tenkjer ein annleis enn når ein ser mange som er nokså friske.
I Wuhan målte ein altså resultata frå ei gruppe som på fint heiter «feilselekterte».
– Ein burde i tillegg truleg ha reflektert over at dette var tal frå Kina, som ikkje er kjend for å ha styresmakter som gjev rett statistikk. Når det er sagt, har det den siste tida kome særs gode forskingsartiklar frå Kina, og dei syner, som vi veit, svært låg letalitet og lite symptom mellom dei som er under 70.
– Men Tedros uttalte seg med særs stor sjølvtillit?
– Ja, og det burde han ikkje ha gjort. Men WHO hadde hatt ein mann i Wuhan, og han kom tydelegvis attende med desse tala, som WHO altså valde å tru på. Rett nok snudde WHO fort og korrigerte seg berre få dagar etter pressekonferansen til Tedros. Eg, for min del, når eg har kritisert tiltaka her heime, har ikkje nytta statistikken frå Kina, men frå Italia, som alt då Tedros heldt pressekonferansen, hadde byrja å visa noko anna enn tala frå Wuhan. Men dei høge tala frå Italia kom seinare. Det har vore ei fortløpande utvikling, dette, men det er etter mitt syn nesten berre svenskane som har trekt dei rette konklusjonane.
– Men når Tedros snakka om «prov», så var det vel naturleg at politikarane våre fekk panikk?
– Eg veit ikkje kvifor Tedros nytta det ordet. Ein god forskar bør ikkje nytta eit slikt ord, og særleg burde han ikkje ha nytta det så tidleg. No er det lett å sitja i ettertid og seia at det og det burde han ikkje ha sagt. Men WHO tok altså feil. Dei burde i mykje større grad ha nytta ord og setningar om at «dette berre er førebelse tal», og at «vi bør vita meir før vi gjer det og det».
Eit dårleg mønster
Men Tedros har på ingen måte vore den einaste WHO-direktøren som har trykt på panikknappen.
– Diverre har det lenge vore ein tendens hjå WHO å gå litt i panikkmodus, og denne panikken har det med å smitta over til styresmaktene her heime. Ja, ein god del av dei virusa som WHO gjennom åra har åtvara mot, er særs farlege i u-land, men Noreg er ikkje eit u-land. Vi har heilt andre føresetnader både for vern og for behandling. Vi hugsar til dømes at då hiv kom til Noreg, snakka Folkehelseinstituttet om mellom 30.000 og 100.000 døde av aids.
I dei 30 fyrste åra etter at hiv vart registrert for fyrste gong i 1981, døydde det 612 av aids i Noreg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Diverre er det lenge vore ein tendens hjå WHO å gå litt i panikkmodus.
Professor i medisin Eiliv Lund
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»