Hysj! Noreg er samd med Trump
Donald Trump vil ha slutt på at Clas Ohlson må betala 48 kroner for å senda ein pakke internt i Noreg medan ein kinesisk nettstad ikkje betaler noko for å senda same innhaldet til Alta.
Når Kina sender ein pakke på to kilo til ein stad i USA, betaler dei 5 dollar for det. Å senda den same pakken frå éin delstat i USA til ein annan kostar 19 til 23 dollar. No vil president Trump anten ha slutt eller skatt på Kina-importen.
Foto: Ben Margot/AP/NTB scanpix
Ein kan seia mykje om Donald Trump, men éin ting er sikkert: Han kjem verkeleg til å vert hugsa, han var noko heilt anna. Trump er enkelt og greitt er den nye framandfrykta kroppsleggjord. For stort sett alle liberale og venstreorienterte er han meir skremmande enn nokon amerikansk president i soga. Og jau, Trump er kanskje ein av dei fire ryttarane frå apokalypsen. Men fyrst og fremst er han med Hegels ord den nye verdsånda til hest.
No les Trump neppe Hegel – som Gideon Rachman peika på i Financial Times her om dagen. Likevel meinte Rachman at Trump er eit nær perfekt døme på Hegels verdsånd, og det altså utan å vera klar over det. Rachman får støtte frå Emmanuel Macron, som rett nok etter alt å døma snakka om seg sjølv i eit intervju i Der Spiegel: «Hegel», sa Macron, «såg på ‘store menn’ som instrument for noko mykje større (...). Han trudde at einskildindivid kunne ikjøte ‘der Zeitgeist’ (verdsånda) for ei tid, men òg at dette individet ikkje alltid er klar over at det er nett det dei gjer.»
Og nei, Trump er neppe like opplesen på Hegel som på Heffner, men her kjem poenget: Verdsånda Trump ser no heilt uforvarande ut til å ha vorte eit instrument for noko verkeleg stort, nemleg miljø og antimaterialisme. For med eit pennestrøk vil Trump gjera det Noreg i mange år har ynskt å gjera, men ikkje fått til – han vil taka knekken på Vestens subsidiering av kinesisk eksport via Verdas postunion (UPU), og den subsidien er, om du ikkje er klar over det, nokså stor.
Eit par døme
I fjor på desse tider oppstod det eit felles ynske i familien. Vi ville ha såkalla blåtann-hovudtelefonar, altså sånne høgtalarar ein har på øyra og som mobiltelefonen kan senda lyd til trådlaust. Eg gjekk inn i ein elektrobutikk og fann nokre til 1300 kroner per stykk. Det var kjeda si eiga merkevare, og ekspeditøren sa dette var svært mykje for pengane, sidan det ikkje var eit av dei tradisjonell merka.
Eg var likevel skeptisk. Eg la ut bilete og lenkje til produktet på Facebook og spurde om nokon av venene mine hadde synspunkt. Ein fortalde at han sjølv hadde eit par, og at dei var gode, men spurde samstundes kvifor eg vurderte å kjøpa desse i butikk i Noreg. Han la ved ei lenkje til ein kinesisk nettbutikk og sa at dette var nett dei same høgtalarane. Nei, dei heitte ikkje det same, men spesifikasjonane og utsjånaden og alt anna var heilt likt. Dei kosta 350 kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.