JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Hysj! Noreg er
samd med Trump

Donald Trump vil ha slutt på at Clas Ohlson må betala 48 kroner for å senda ein pakke internt i Noreg medan ein kinesisk nettstad ikkje betaler noko for å senda same innhaldet til Alta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Når Kina sender ein pakke på to kilo til ein stad i  USA, betaler dei 5 dollar for det. Å senda den same pakken frå éin delstat i USA til ein annan kostar 19 til 23 dollar. No vil president Trump anten ha slutt eller skatt på Kina-importen.

Foto: Ben Margot/AP/NTB scanpix

11208
20181026

UPU

Den internasjonale postunionen eller Verdspostsameininga (UPU) vart danna i Bern i 1874.

I 1947 vart unionen ein del av FN-systemet.

UPU skal syta for at alle land har tilgang til verdas postombering til relativt sett like vilkår.

Ordninga gjer at Vesten subsidier dei fleste land i verda med store summar.

USA seier at dei vil melda seg ut om eitt år dersom subsidieringa av kinesisk pakkepost til USA ikkje stoggar.

Post

jon@dagogtid.no

Ein kan seia mykje om Donald Trump, men éin ting er sikkert: Han kjem verkeleg til å vert hugsa, han var noko heilt anna. Trump er enkelt og greitt er den nye framandfrykta kroppsleggjord. For stort sett alle liberale og venstreorienterte er han meir skremmande enn nokon amerikansk president i soga. Og jau, Trump er kanskje ein av dei fire ryttarane frå apokalypsen. Men fyrst og fremst er han med Hegels ord den nye verdsånda til hest.

No les Trump neppe Hegel – som Gideon Rachman peika på i Financial Times her om dagen. Likevel meinte Rachman at Trump er eit nær perfekt døme på Hegels verdsånd, og det altså utan å vera klar over det. Rachman får støtte frå Emmanuel Macron, som rett nok etter alt å døma snakka om seg sjølv i eit intervju i Der Spiegel: «Hegel», sa Macron, «såg på ‘store menn’ som instrument for noko mykje større (...). Han trudde at einskildindivid kunne ikjøte ‘der Zeitgeist’ (verdsånda) for ei tid, men òg at dette individet ikkje alltid er klar over at det er nett det dei gjer.»

Og nei, Trump er neppe like opplesen på Hegel som på Heffner, men her kjem poenget: Verdsånda Trump ser no heilt uforvarande ut til å ha vorte eit instrument for noko verkeleg stort, nemleg miljø og antimaterialisme. For med eit pennestrøk vil Trump gjera det Noreg i mange år har ynskt å gjera, men ikkje fått til – han vil taka knekken på Vestens subsidiering av kinesisk eksport via Verdas postunion (UPU), og den subsidien er, om du ikkje er klar over det, nokså stor.

Eit par døme

I fjor på desse tider oppstod det eit felles ynske i familien. Vi ville ha såkalla blåtann-hovudtelefonar, altså sånne høgtalarar ein har på øyra og som mobiltelefonen kan senda lyd til trådlaust. Eg gjekk inn i ein elektrobutikk og fann nokre til 1300 kroner per stykk. Det var kjeda si eiga merkevare, og ekspeditøren sa dette var svært mykje for pengane, sidan det ikkje var eit av dei tradisjonell merka.

Eg var likevel skeptisk. Eg la ut bilete og lenkje til produktet på Facebook og spurde om nokon av venene mine hadde synspunkt. Ein fortalde at han sjølv hadde eit par, og at dei var gode, men spurde samstundes kvifor eg vurderte å kjøpa desse i butikk i Noreg. Han la ved ei lenkje til ein kinesisk nettbutikk og sa at dette var nett dei same høgtalarane. Nei, dei heitte ikkje det same, men spesifikasjonane og utsjånaden og alt anna var heilt likt. Dei kosta 350 kroner.

Dette var heilt nytt terreng for meg, men eg klikka meg inn. Eg rekna med at portoen ville føra til at høgtalarane kom langt over 350 kroner dimed ville utløysa moms både på vara og portoen. Nei, som ved magi oppdaga nettstaden at eg var frå Noreg, og gjorde vara portofri. For dei som lurer, nettstaden heitte Aliexpress, som igjen er ein del av Alibaba, som vart starta ein kinesar som kallar seg Jack Ma. Formuen hans er 320 milliardar kroner.

Kjøpte fire

Enden på visa vart at eg kjøpte fire slike hovudtelefonar. Som det dårlege miljøindividet eg er, tinga eg dei individuelt, for då unngjekk eg både toll og porto. Sidan dei var såpass billige, har vi rota vekk tre eksemplar, men pengar spart er pengar spart sjølv for ei kort tid. At Posten i Noreg, den norske staten og dei som har mista jobben i butikkdød, har betalt mykje av mi innsparing, er ei anna sak. Det er snakk om mykje pengar, som tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen skreiv i eit brev til butikkorganisasjonen Virke for to år sidan:

«Posten Norge AS (Posten) (…) taper årlig millionbeløp på å levere ut brevpostsendinger med lavpris e-handelsvarer til UPU-fastsatte rater under kostnadsdekning. Dette er igjen med på å skape en uheldig konkurransevridende effekt for norsk varehandel.» Fekk Solvik-Olsen gjort noko med dette? Nei. «Den norske reservasjonen (under eit møte i Universal Postal Union i Istanbul red. merk) ble imidlertid stemt ned av de andre medlemslandene», skreiv han. Kina og venene deira kom i vegen.

Og dessutan var det Solvik-Olsens regjering som gjorde varer opp til 350 kroner moms- og tollfrie å taka inn i Noreg, noko som igjen har gjort den populære e-handelen endå meir populær og tapet til den statsåtte Posten endå større. Trass i Solvik-Olsens frustrasjon sette han heller ikkje i gang ei samla utgreiing om kor store tap norsk handel og den offentlege åtte Posten har på ordninga med billig post, så dimed veit vi ikkje konkret kort store kostnadene er, berre at dei er store.

USB!

Tak noko så enkelt som ein USB-hub. Det er ein dings du kan stikka mange USB-kablar inn i og som har ei eiga kontakt. Dimed får mange andre dingsar straum frå éin kontakt i tillegg til å gje tilgang til fleire portar for databruk. Norske butikkar plar taka frå 150 kroner og oppover for slike. I skrivande stund får du kjøpt ein hub med tre inntak for 13,19 kroner frå Kina. Dessutan står det «free international shipping». Men det siste er ikkje heilt sant. Det som det eigentleg står, er at produsenten i Kina sender pakken til utskiping, og så tek Posten i Noreg resten av kostnaden.

VGA-til-HDMI-adapter veit du kanskje heller ikkje kva er, men har du ein ung person i hushaldet, kan du spørja han. Clas Ohlson, som prøver å vera billigast i Norden på duppedittar, skal ha 349 kroner «inkl. MVA ekskl. frakt» for ein slik. Fraktprisen som Clas Ohlson skal ha på toppen, er 49 kroner. Dette er ikkje ein urimeleg pris, sidan Posten tek 48 kroner for å frakta ein slik pakke. Vi går inn på nettet. Den same adapteren hjå ein seljar frå Kina med 98,5 prosent nøgde kundar kostar 22,55 kroner, også denne med «free international shipping».

konkurransevridande

I alle høve: Døma med Aliexpress og Clas Ohlson illustrerer eit par problem. Den kinesiske seljaren betaler i praksis ingenting for å senda ein pakke til Alta, Clas Ohlson må senda den same pakken for 49 kroner, og den summen er såpass låg at dei garantert sender med tap. Det vi òg ser, er at ei svært stor mengd varer er billigare å kjøpa frå Kina enn kva det kostar å sende den same vara internt i Noreg.

Avtalen om internasjonal post er frå 1874. Ein del forenkla seier han at fattige land ikkje skal måtte betala relativt meir for å senda post internasjonalt enn det rike land gjer. Relativt er det avgjerande ordet her. Om ei verksemd eller ein privatperson i eit u-land må betala 48 kroner for å sende ein liten pakke til Alta, eller 21 kroner for ein stor konvolutt, ja, så vert det ikkje sendt post frå u-land til Vesten. Men også Kina er frå gamalt definert som u-land, og Kina har vorte heile verdas industrinasjon. Dessutan kan vi seia at den kinesiske staten subsidierer sendinga, for den kinesiske posten betaler faktisk mottakarlanda litt for det som vert sendt, og desse kostnadene vert ikkje attendeførte til sendaren. Men denne subsidien er svært liten.

Trump har tal for kor mykje det kostar den amerikanske posten å subsidiera Kina og andre. Når Kina sender ein pakke på to kilo til ein stad i USA, betaler dei 5 dollar for det. Å senda den same pakken frå éin delstat i USA til ein annan kostar 19 til 23 dollar. US Postal Service seier at dei tapte 135 millionar dollar på ordninga i 2016. Men denne kostnaden bleiknar samanlikna med kva amerikanske butikkar taper på ordninga. Den amerikanske butikkdøden er i dag ekstrem.

Kina lyttar ikkje

USA har difor på lik line med Noreg prøvd å få gjort noko med ordninga. Det har synt seg vanskeleg. Dei landa som tener på ordninga, er langt fleire enn dei som taper. Dei røystar ned endringar. Dessutan: Sjølv om det vert vedteke endringar, går det mange år, som regel fleire tiår før endringar tek til å gjelda.

Så kan ein seia at ein kan gjera noko internt i kvart land med ordninga. Den svenske posten innførte tidlegare ei flat avgift på 75 kroner for alle varer som kosta under 1500 kroner. Ordninga var ein stor suksess i den forstand at handelen gjekk kraftig ned, og tonnevis av pakkar som alt var komne til Sverige, vart liggjande att på Posten, sidan svenskane ikkje ville betala meir i avgift enn det vara kosta. Men seinare har det utvikla seg problem, for svenske selskap har etablert seg i andre land i EØS, og då har dei rett til å senda varene med EØS-prisar til Sverige, og det har ført til mykje styr. Den svenske posten har difor måtta gjera delvis retrett.

Retrettar ligg ikkje for Trump. Den 17. oktober fekk administrasjonen i Den internasjonale postunionen eit brev. Om USA ikkje fekk gjennom sine krav om at alle skulle betala dei reelle kostnadene ved å senda pakkar, trekkjer USA seg ut av postavtalen innan 17. oktober 2019, og det sjølv om det ikkje skal vera ein ny postkongress i FN-systemet før i 2020.

Er det så bra, det som Trump gjer? Det er eit normativt og økonomisk spørsmål. For dei som vil ha dialog og felles forståing, er avgjerda til Trump truleg trist. Men det er et faktum at alle rike land i verda har ynskt å gjera noko med avtalen, og feila. Med Kina i spissen har dei som tener på avtalen, nekta å gjera noko med dei store subsidiane. Dialogen har fungert berre éin veg. Ja, avtalen har fungert svært godt, og gjort at dei fattige i verda òg har kunna vera ein del av det internasjonale postsystemet. Men når Kina er verdas største produsent av varer og CO2, er det kanskje rimeleg at Kina betaler den reelle kostnaden for det dei produserer og sel.

Du og eg tener

Men samla sett kan ein likevel argumentera for at avtalen tener oss i Vesten, og postkostnadene er i alle høve ein liten del av det vi som kundar tener. Når prisskilnaden på ein HDMI-adapter mellom Clas Ohlson og ein kinesisk nettbutikk er over 1000 prosent, seier det seg sjølv at nokon tener og nokon taper. Men slik stoda er no, konkurrer ikkje vestlege og kinesiske butikkar på like fot, særleg ikkje her i Noreg. Adapterane som den kinesiske nettbutikken og Clas Ohlson sel, er båe produserte i Kina. Men berre den eine utløyser MVA og porto. Det er ingen internasjonal avtale som tvingar Noreg å gjera varer selde til norsk konsumentar direkte frå Kina, momsfrie.

I alle høve: No har Trump altså både lagt høg toll på kinesiske varer og sagt at kinesarane må betala det same i porto som amerikanarar. Samla sett vil det føra til ein dramatisk nedgang i den amerikanske importen av varer frå Kina og truleg ein sterk nedgang i amerikansk varekonsum. Det vil etter alle solemerke føra til nedgang i verdas CO2-utslepp. Men så langt har ingen norske miljøorganisasjonar sendt ut pressemelding til støtte for Trump.

Der Zeitgeist Trump rir nokså åleine.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når Kina er verdas største produsent av varer og CO2, er det kanskje rimeleg at Kina betaler den reelle kostnaden for det dei sel og produserer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis