Litteratur
Hyllest til slitet
Ida Frisch har skrive ei kort, men gjennomgripande historie om eit unnseleg menneske på ei lita øy. Fleire burde velje å leve av og i naturen, meiner ho.
Ida Frisch bur i periodar her, på vesle Notholmen nordvest for Molde. Designaren som laga omslaget til den nye romanen hennar, syntest det var rart at forfattaren ikkje var ein eldre kar.
Foto: Marius Nilsen
Sort hund opnar med eit dødsfall: Ein gut mistar mor si. Havet tar henne, viss ikkje ho vel havet. Som den fåmælte enkemannen gjentar i åra som kjem: «her ute er bare død og slit».
Samtidig er det her dei vil vere – på Ytterholmen, med fisk og sauer og utsyn mot fastlandet som er i endring. Handlinga er ikkje tidfesta. Eg ser for meg 1850-åra eller noko sånt.
– Eg ser for meg 1920-åra, seier Ida Frisch.
Forfattaren er sjølv rotfesta til ei lita øy: Notholmen. Her har ho – saman med familien – hus og båt og sauer. Når guten ho fortel om, lærer å ta imot lam, slakte, sanke egg, ro, fiske, slipe ljåen og slå, går han kanskje i fotspora hennar?
– Ytterholmen er ikkje Notholmen, konstaterer ho.
– Men vi er på kysten av Nordmøre, der gudstrua var sterk. Gud var frykta, slik havet var det, og djevelen kunne vise seg som ein svart hund. Samtidig kan han vere ein dødsengel, trygg meir enn skummel. Når døden kjem, kan det vere fint. No er eg ferdig. Du kan hente meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.