JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Husleige skal ikkje bygge fattigdomsfeller

Det må politikk til for å løyse norske leigetakarar frå stadig høgare buutgifter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5590
20230310
5590
20230310

I løpet av 2022 auka renta i Noreg med 2,25 prosenteiningar. Korleis ville mediebiletet sett ut om buutgiftene til bustadeigarar i staden hadde auka med 7 prosent? Ville det i endå høgare grad enn i dag vore prega av høge bustadrenter?

Svaret på det er ikkje vanskeleg å gjette. Men for somme – nærare bestemt 550.000 norske hushald med om lag 940.000 personar – er det røyndom: Ikkje berre aukar den delen av bustadutgiftene som er renter, men heile kostnaden ved å bu aukar med 7 prosent. Husleigelova opnar nemleg for – ein gong i året og tidlegast tolv månader etter at kontrakten er underskriven – å auke husleiga tilsvarande endringa i konsumprisindeksen. Og no er den endringa på pluss 7 prosent.

For ein gjennomsnittleg leigetakar av eit husvære med to soverom i Oslo eller Bærum vil det ifylgje Statistisk sentralbyrå utgjere ein auke på om lag 1100 kroner per månad, for denne gruppa betalte i snitt 15.680 kroner i månaden i husleige i 2022.

Låne- eller leigekrone?

Den nye husleiga for eit slikt hushald vert då 16.780 kroner. For den summen kan du, i teorien og ifylgje DNBs bustadlånskalkulator, betale eit lån på nærare 3,2 millionar kroner. For, i det minste om vi ser vekk frå studentar, er det dei færraste i Noreg som ynskjer å leige bustad: Å leige er noko ein gjer i ein periode etter at ein har flytta heimanfrå, ein periode som helst skal vere så kort som mogleg, fordi heile det norske systemet – inkludert den statlege nasjonale strategien for den sosiale bustadpolitikken (2021–2024) – er bygd kring at fleire skal kunne eige eigen bustad.

I røynda er det likevel langt frå alle leigetakarar som ville ha fått eit slikt lån, mellom anna fordi dei då må ha ei fast årsinntekt på minimum 640.000 kroner. Dette tilsvarer om lag ei sjukepleiarløn. Men det går likevel ikkje dersom sjukepleiaren har studielån. Utlånsforskrifta slår ettertrykkeleg fast at «finansforetaket skal ikke yte lån dersom kundens samlede gjeld overstiger fem ganger årsinntekt».

Årsaka er openberr, og god: Ingen skal få lån dei ikkje klarar å handtere. Historia syner kva fylgjer det kan få å sleppe slikt laus. Men kva er det som er så mykje vanskelegare med å handsame eit bustadlån enn ei husleige?

Set husleigetak no

Statistikken syner at leigetakarar brukar meir pengar på å bu enn huseigarar: Definisjonen «høg buutgiftsbelastning» slår inn når ein brukar meir enn 25 prosent av nettoinntekta si på å bu. Og ifylgje Kommunal- og distriktsdepartementets oversikt over bustadmarknaden og låginntektsgrupper hamnar 16 prosent av bustadeigarar i denne kategorien – medan det gjeld 56 prosent av leigetakarar.

Å vere leigetakar er ei fattigdomsfelle, og det må vi gjere noko med. Det fyrste vi kan gjere, er å fylgje naboane våre i sør: Danmark har nyleg vedteke eit mellombels tak på husleigeauke på 4 prosent årleg dei neste to åra. Partiet Raudt har nyleg foreslått det same i Noreg og fått støtte frå mellom andre Leieboerforeningen, Jussbuss, Velferdsalliansen og Fattighuset.

Men dette tiltaket åleine gjev oss ikkje levelege husleiger, mellom anna fordi husleigelova også opnar for å auke husleiga utover konsumprisindeksen kvart tredje år. Tre gonger kvart tiår kan altså huseigaren stikke fingeren i vêret og bestemme sjølv kor mykje utleigeobjektet er verdt. Dette kan få sjølv utlånsforskriftskravet om at låntakaren skal tole ein renteauke på 5 prosent, til å bleikne.

Tapskappløp

Korleis gjer vi reelle endringar for å sørgje for at fleire får tilgang til å byte ut leigekontrakt med eigekontrakt? Vi bør vurdere om utlånsforskrifta kan ta inn over seg at mange lånesøkarar betaler ei husleige som er høgare enn lånet dei kan få, tilseier. Dersom det kan bevisast at lånesøkaren betaler ei viss husleige, kan det gje grunnlag for å avvike frå kravet om at lånet kan utgjere maksimalt ut fem gonger inntekta?

Å få høgare lån hjelper likevel ikkje på kravet til eigenkapital – eit kappløp der det aller meste også jobbar imot leigetakaren: Stadig høgare bustadprisar og stadig høgare husleiger gjer det stadig vanskelegare å spare opp eigenkapitalen som trengst for å nå kravet om 15 prosent av ein kjøpesum.

Statistikken underbygger at leigetakarar dett bakpå her òg: Mellom 2012 og 2018 auka bukostnadene i snitt med 1,8 prosent for sjølveigarar og 20,7 prosent for leigetakarar.

Leige til eige

Marknaden – og Husbanken – har prøvd å finne tiltak for å lette overgang frå leige til eige – gjennom ulike pakkar for å kunne kjøpe seg delvis inn i ein bustad over tid. Gjennom «leige til eige», «deleige» eller «bustart» kan kjøparar på ulike måtar kombinere det å betale husleige med kjøp av ein del av bustaden eller ein opsjon på kjøp til noko redusert pris.

Problemet med desse ordningane er mellom anna at dei berre gjeld nybygde bustader, som sjølv med prisreduksjonar ofte er for dyre for dei tiltaka rettar seg mot. Når det heile samstundes baserer seg på marknadsprisar og -leiger, vert vinsten liten.

Men nokre kommunar praktiserer leige til eige-program der kommunen går inn som kjøpar av anten heile eller delar av bustaden – og leiger ut resten til kostpris, altså under marknadsleige. Gjøvik kommune er eit døme på dette.

Og når vi frå 1. juli i år får ny lov om ansvaret kommunar har for det bustadsosiale feltet, er det berre å krevje at fleire kommunar plukkar opp denne tråden. Galopperande leigeprisar er endå eit døme på at dyrtid råkar dei svakaste mest.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis