Høgreekstreme øydela for bokmessa

GÖTEBORG: Nynazistane skaper store problem for svenskane, og den høgreekstreme avisa Nya Tider var øydeleggjande for bokmessa i Göteborg.

Blant motdemonstrantane var også «klovnar mot nazismen».
Blant motdemonstrantane var også «klovnar mot nazismen».
Publisert

I Sverige strevar dei hardt for å hegna om både ytringsfridomen og demonstrasjonsfridomen, men det kostar. I helga fekk nynazistane lov til å demonstrera like ved bokmessa i Göteborg, og den høgreekstreme avisa Nya Tider fekk marknadsføra seg inne. Dette skaper problem, og den kjende svenske forfattaren Göran Rosenberg er blant kritikarane.

– Me kan ikkje ha ein organisasjon på bokmessa som brukar ytringsfridomen til å undergrava ytringsfridomen, slår han fast.

I fjor strøymde 96.000 menneske til bokmessa i Göteborg. I år kom det ikkje meir enn 77.000, og støyen rundt nynazistane og Nya Tider får skulda for publikumssvikten.

Boikotten av bokmessa har vorte heftig diskutert det siste året. Kring 150 forfattarar valde å boikotta, og det vart skapt fleire alternative messer. For fleire av forlaga vart bokmessa eit vonbrot, og Natur & Kultur har uttalt at dei ikkje vil delta neste år – om Nya Tider får vera der. Andre tel på knappane. Dermed kan det spøkja for framtida til bokmessa, men få trur ho vert nedlagd. For messa er populær både blant forlaga, forfattarane og publikum.

PISTOL PÅ BOKMESSE

Det er laurdag i Göteborg, og eg har aldri sett så mykje politi på éin gong. På jernbanestasjonen kryr det av dei. I hovudgata – Avenyn – rullar det inn ein ny politibil så snart den førre har forsvunne. Inne på messa er det uniformerte vakter og politi med pistol i beltet. Det har eg aldri sett her før. Ved inngangen må eg opna ryggsekken og visa innhaldet. Heile landet har sendt politifolk, og det vert hevda at meir enn tusen er ute i gatene for å sikra at det ikkje vert samanstøytar mellom nynazistar og motdemonstrantar. Etterpå uttalar politiet at rekninga kjem på minst 20 millionar kroner. Så mykje politi har det ikkje vore i gatene i Göteborg sidan det store toppmøtet i EU i 2001.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement