JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ho som ber om trøbbel

Ho har lært seg å nytte alle musklane i munnen, og ho kjem frå ein debattglad, sterkt engasjert og ekstra energirik familie. Sjølvsagt kan ikkje Cecilie Hellestveit halde kjeft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cecilie Hellestveit vart kåra til «Årets navn i Akademia» av Khrono førre fredag.

Arkivfoto: Fredrik Varfjell / NTB

7738
20211224
7738
20211224

Akademia

janh@landro.bergen.no

I førre veke kåra ein jury henne til «Årets namn i akademia» nettopp fordi ho song ut om eit tema det helst ikkje har vore snakka om. Ho peikte på at det akademiske honnørordet internasjonalisering også har sine problematiske sider, til dømes ved at det sterke innslaget av utanlandske forskarar og lærarar i somme fag og profesjonar ikkje nødvendigvis tener norske samfunnsinteresser.

Ikkje har ho ein professortittel å stø seg på, ikkje har ho støtte frå ein stor institusjon. Cecilie Hellestveit er «berre» forskar ved Folkerettsinstituttet, noko som gjer det kontroversielle utspelet hennar desto dristigare. For slik er det blitt i norsk akademia, at ikkje alt skal talast om.

Folk, med dåverande OsloMet-rektor Curt Rice i spissen, stod klare til å høvle henne ned på ufint vis. Då kjendest det nok godt at ein nestor som Rune Slagstad offentleg kalla henne «ein akademisk rollemodell».

– Det kjennest roande og trygt at juryen med denne tildelinga tek eit så klart standpunkt mot kansellering og for akademisk ytringsfridom. Alle er samde om at vi må ha internasjonalisering, men på somme område har utviklinga dei siste åra gått heilt over stokk og stein. Det kostar litt å ta opp sensitive problem, men den prisen må vi forskarar vere villige til å betale når vi meiner at det er viktig nok. Eg er privilegert ved å ha mange plattformer eg blir høyrd på, og må derfor tole å ta den støyten av og til.

Der debatten nærma seg gjørmebryting, valde Hellestveit å styre unna med å svare med same mynt. Ikkje la ho seg ned og ropte på offerstatus heller. At juryen har sett og lønt dette, er ho svært takksam for.

– Eg provoserte ikkje for å provosere. Når konsensusen er sterk, vil all usemje verke som provokasjon. Etter mitt syn er takhøgda for låg for akademisk diskusjon i Noreg, det råkar òg måten forskarar deltek i det offentlege ordskiftet på. Presumptivt skal akademikarane vere betre på å vere sakleg usamde og syne veg for måtar å diskutere på.

Offentleg usemje mellom akademikarar skal få fram ulike sider ved ei sak slik at publikum betre kan danne seg si eiga meining, seier ho.

– I mange andre land er det vanlegare at forskarar bidreg til å gi folk eit breitt tilfang av synspunkt og perspektiv, ei form for folkeopplysning som fremjar den offentlege debatten. Gjennom ein opplyst samfunnsdebatt får også politikarane meir motstand og må gå argumenta sine grundigare etter. Dette er eit svært viktig tannhjul i den demokratiske prosessen.

Utfordringar

– Det har vore mykje snakk, det siste året, om at den akademiske fridommen er truga. Korleis ser du på det?

– Dette er eit svært samansett fenomen, som kjem frå mange hald. Mellom anna har det med finansieringsstrukturen i akademia å gjere, ein legg ikkje til rette for å «lage bråk», uttale seg om kontroversielle saker. Dette råkar især yngre, mellombels tilsette forskarar. Så har du kanselleringskulturen, der det er tabu å snakke om somme saker, og ikkje alle kan få ytre seg fritt. I somme miljø er også kvinners tause maktbruk eit problem, der ein heilt overser og frys ut kollegaer som ikkje føyer seg inn i dei tause meiningsrammene.

Juristen og samfunnsvitaren Hellestveit ser tre store utfordringar for det norske samfunnet framover. Det aukande sosiale mangfaldet krev at vi fører den offentlege samtalen med høgare tak for alternative røyster i alle retningar. Den teknologiske utviklinga opnar for ei forskyving av makta til fordel for dei som sit med utøvande makt, og slik utfordrar rettsstaten og demokratiet vårt. Dessutan står vi framfor enorme samfunnsendringar ved at teknologiutviklinga dei neste ti åra truleg vil gå mykje raskare enn dei hundre føregåande åra.

– Om dei villaste prognosane slår til, er det som oppfinninga av hjulet, skrifta og fabrikkane på ei og same tid. Skal vi kunne bevare tillitssamfunnet vårt, må vi bli flinkare til å diskutere dei store og dei sensitive temaa. Og dei står i kø.

Cecilie Hellestveit har ein imponerande CV, med språk- og områdestudium i blant anna arabisk og russisk, internasjonale forskaropphald, tunge norske og internasjonale tillitsverv og viktige publikasjonar. Ho tok doktorgraden på ei avhandling om krigens folkerett, den første i sitt slag her i landet, og ho har stor kompetanse på Midausten og ålmenn konfliktløysing.

Ho har vore knytt til fleire norske og utanlandske forskingsinstitusjonar og jobbar helst tverrfagleg og tverrinstitusjonelt. Forutan arabisk og russisk beherskar ho engelsk, fransk, spansk og tysk.

Ved sida av dette er ho så god til å danse argentinsk tango, som ho også underviser i, at Per Arne Glorvigen ville ha henne med som dansar då han i 2004 gav konsert i Bergen. Alpinist er ho òg, ho elskar å klatre opp på dei høgste vestlandstoppane og køyre telemarksstil nedetter. Ho har også funne tid til å setje tre søner til verda.

Eit kall

– Same kva du snakkar om, verkar du så ivrig og entusiastisk?

– Eg har eit visst behov for å drive med folkeopplysning. Det er nærast eit kall for meg. Eg er oppteken av at folk skal skjøne meir av den verda dei lever i, og eg meiner eg har mykje å gi der.

– Kva er det som driv deg?

– Eg kjem frå ein familie som på farssida har ei ekstra energikjelde, frå mors side fekk eg eit sterkt engasjement. I krysselden mellom hennar interesse for Latin-Amerika og farssidas sympati for Israel og KrF voks eg opp. Heime fekk eg òg utvikla rettferdssansen min. I staden for å bli politisk aktiv valde eg å stå på utsida av partipolitikken, men arbeide med politiske tema. Denne nøytraliteten gir fagleg integritet.

Cecilie Hellestveit er halvt sogning (Kvamsøy) og halvt harding (Ølve), i sum blir det ein heil verdsborgar. Innan ho var tolv år hadde foreldra flytt eit tosifra gonger, og først som femtenåring blei ho bergensar. Då hadde ho vore innom så mange ulike dialektar at ho var klar for å lære seg kva språk det skulle vere.

– Kva drøymer du om?

– At verdas stormakter skaper gode prosessar for å regulere kunstig intelligens og autonomi, sjølv om det jo gjekk til helvete att førre veke. Vi må få ein plattform der vi kan forhandle om korleis verda skal forvalte dei våpena som teknologien no gir oss i rasande fart: autonome våpen frå drapsrobotar til stjernekrig, cyberbaserte masseøydeleggingsvåpen, manipulerande teknologiar og syntetiske biovåpen. Dette må komme inn i meir styrte former – politisk, økonomisk og militært. Teknologien kjem med uendelege potensial, men òg med utsikter til den totale katastrofen.

Vepsebolet

– Kva er det viktigaste du enno har ugjort?

– Den neste sakprosaboka mi, som skal ut i 2023, om konfliktane som oppstår i Europas møte med islam og den islamske verda i det 21. hundreåret. Eg har forska på moderne islamske ideologiar og følgt dette i mange år, og eg har svært klare synspunkt på kva som er viktig, og kva som er avsporingar. Her trer eg med vilje inn i eit vepsebol.

– Du ber om trøbbel?

– Ingenting blir betre av at vi ikkje torer ta i det. Og det går ikkje over. Forskarar må vere krigarar. Eg har gjort mi grunnleggjande soldatteneste i Forsvaret, og eg er fleire gongar blitt skoten på i krigssoner. Eg er ikkje skotredd, og eg har ein destinasjon.

– Og det er?

– Eg vil ikkje overlevere ei verd som er dårlegare enn den eg sjølv fekk overlevert. Det vil vere ei fallitterklæring, men for augeblikket ligg vi nokså dårleg an på ein del punkt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det kjennest roande og trygt at juryen med denne tildelinga tek eit så klart standpunkt mot kansellering og for akademisk ytringsfridom.

Cecilie Hellestveit, jurist og samfunnsvitar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis