Storbritannia
Ho er død, men legg ho seg ned?
50 år etter at Margaret Thatcher vart leiar for det konservative partiet, er delar av populærkulturen framleis opptekne av henne.
Margaret Thatcher vart gravlagd i London 17. april 2013.
Foto: Matt Dunham / AP / NTB
For ikkje så lenge sidan, på veg til ein bydel vest i Belfast, kom eg forbi nokre veggmåleri av IRA-heltar med Armalite-gevær og finlandshette. Men òg eit digert bilete av ein pen ung mann. Bobby Sands, den mest namngjetne av dei ti mennene som døydde i den lange sveltestreiken i 1981.
– Og der har vi sjølvaste Bobby S...
Eg rakk knapt å fullføre setninga før drosjesjåføren sette i gang. Heile historia, lidingane, sterke ordelag. Og så, Margaret Thatcher, denne kvinna utan kjensler som kaldt lét dei svelte i hel, alle ti.
– Du veit, da Maggie døydde, var det fest i gatene her i fleire dagar, sa drosjesjåføren da vi stansa framfor huset til mannen eg skulle møte, Richard O’Rawe.
Det ironiske var at O’Rawe var ein av særs få tidlegare IRA-folk som var villig til å nyansere biletet av den tidlegare statsministeren. O’Rawe var sjølv IRA-fange i Maze-fengselet på den tida. Han tok del i protestaksjonane og vart talsmann for medfangane som sveltestreika. Dei kravde status som politiske fangar.
Vi skulle snakke om bøkene hans, der han slo fast at det ikkje var sant at Thatcher hadde nekta å forhandle om ei løysing heilt til alle dei ti var døde. O’Rawe visste at det hadde kome eit tilbod via ein mellommann, og at leiinga i IRA fekk dei streikande til å avvise det. Seks av dei streikande var framleis i live da tilbodet kom. Mange venner vende O’Rawe ryggen da han ikkje lenger ville teie om det han visste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.