Kommentar
HL-senterets problem
Ved å vike unna det moglege folkemordet mot palestinarane bryt HL-senteret med oppgåva vi som samfunn har gitt dei.
Palestinarar synfer restane av moskeen og gravplassen i Deir Al-Balah på Gazastripa etter eit israelsk luftåtak 2. juni.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Etter 600 dagar med krig i Gaza er rundt 55.000 palestinarar drepne, rundt halvparten er kvinner og barn, og Gaza er så godt som jamna med jorda. Det er omfattande svolt, og FN klassifiserer via sitt IPC-system situasjonen i ulike område som svolt på nivå av «krise» og «katastrofe», dei siste nivåa på skalaen før full hungersnaud og massedød.
Krigføringa har vore retta mot sivil infrastruktur som sjukehus og helsearbeidarar. Den israelske regjeringa snakkar ope om å fordrive palestinarane, om ein varig militær okkupasjon og om å la jødiske busettarar ta over heile eller delar av området. Israel har nekta å lytte til pålegg frå Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ), FNs høgste juridiske organ.
UAVHENGIGE HUMANITÆRE organisasjonar som Amnesty International og Human Rights Watch publiserte mot slutten av fjoråret rapportar som forklarte kvifor Israels krigføring i Gaza systematisk bryt med folkemordkonvensjonen av 1948 og Roma-statuttane til ICC av 1998. Det same synet kom klart til uttrykk i ein rapport frå FNs spesialkomité om Gaza-krigen i september 2024, der det mellom anna blei peikt på korleis Israel nytta svolt som våpen, og at krigføringa elles er «konsistent med det som karakteriserer folkemord». FNs menneskerettsråd publiserte 13. mars i år ein rapport som konkluderer med det same, da med spesielt fokus på seksuell og reproduktiv vald.
Også mange leiande ekspertar meiner jussen er klar: Israels krig blir ramma av folkerettens definisjon av folkemord. Tom Fletcher, som er FNs leiar for humanitære spørsmål og naudhjelp, nytta folkemord-ordet i ein tale til FNs tryggingsråd for eit par veker sidan. Fleire anerkjende holocaustekspertar meiner Israels krigføring i Gaza må klassifiserast som folkemord. Til dømes uttala Daniel Blatman, historieprofessor og leiar for Instituttet for jødisk historie og jødiske samtidsstudiar ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem, nyleg til NRK: «Det som skjer i Gaza i dag, er folkemord.»
FLEIRE AV DEI FREMSTE israelske ekspertane
på holocaust, folkerett og folkemord er av same oppfatning. Som Amos Goldberg (også
historieprofessor og holocaustspesialist ved Det hebraiske universitetet),
eller den London-baserte jussprofessoren og folkerettseksperten Neve Gordon,
eller den israelske historikaren Adam Raz. Eller menneskerettseksperten Michael
Sfard, som er barnebarn av Zygmunt Bauman. Det same gjer Omer Bartov, som er professor i holocaust- og folkemordstudium ved Brown-universitetet i USA og har skrive boka Genocide, the Holocaust and Israel-Palestine.
Slik kunne ein fortsette. Her heime meiner ein ekspert som Terje Einarsen, jussprofessor og leiar for Den internasjonale juristkommisjon (ICJ Norge), at «betegnelsen folkemord er på sin plass».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.