Historie
Hitlers Nord-Noreg-plan
Hitler hadde mange megalomane planar. Polarbanen var ein av dei største. Prosjektet kosta enormt og var ein total fiasko.
I romjula 1942 farta Hitlers rustingsminister Albert Speer att og fram på Nordkalotten. Han køyrde sjølv den opne Mercedesen.
Foto: Ukjend / Norsk Teknisk Museum
«Noregsven» er eit positivt ladd uttrykk, og det kling kanskje litt feil å kalla Albert Speer det, men noregsven, det var han. Julaftan 1943 kryssa han grensestasjonen på Storskog, og om kvelden nådde han fram til Kirkenes. Han køyrde den opne Mercedesen sjølv og med i fylgjet var mellom andre den store fiolinisten Siegfried Borries, som skulle underhalda dei 500 tyske arbeidarane i Organisation Todt (OT), Noregs store byggherre under krigen. OT hadde namn etter grunnleggjaren Fritz Todt, som var Hitlers favorittingeniør og Speers føregjengar som rustingsminister.
OT bygde infrastruktur over heile det okkuperte Europa, men særleg mykje bygde dei i Noreg. Av alle dei okkuperte landa var Noreg det einaste som fekk overført meir ressursar frå Tyskland enn det som vart henta ut. I tillegg var Noreg truleg det landet målt mot folketal som tok mot flest tvangsarbeidarar. Ja, okkupasjonsmakta øydela eit stykke på veg det norske pengestellet og kredittvesenet med hemningslaus pengetrykking, og norske spararar fekk i praksis kverrsett mykje av sparepengane, som tyskarane mykje sløste bort. Men jau, samla sett fekk vi altså meir frå tyskarane enn dei tok.
Boris Gleb
I romjula farta Speer att og fram på Nordkalotten, mellom anna vitja han Boris Gleb – den finske enklaven som no er russisk, vest om Passvikelva – for å finna ut meir om dei tyske planane om eit nytt kraftverk der. Kraftplanane vart noko av. Men fyrst etter krigen, då Noreg og Sovjetunionen bygde ut prosjektet i samarbeid og attpåtil flytta grensesteinar.
Som så mykje anna av tyske planar for Noreg vart dei gjennomførte, men fyrst lenge etter at okkupasjonen var over. Speer tok seg òg tid til å vitja krigsfronten og dei tyske soldatane som prøvde å taka Murmansk. Ein soldat som stod ved sida av han, vart skoten rett ned. Då fekk Speer for fyrste gong oppleva «frontkrigens røyndom», som han seinare skreiv.
Tysk presse var med på Speers reise for å sjekka alle dei pågåande byggjeprosjekta til OT. Pressa rapporterte ikkje om at to tredjedelar av dei 374 jugoslaviske fangane som vart sette inn i vegprosjektet mellom Karigasniemi i Finland og Karasjok, var omkomne. OTs underavdeling i Noreg og Danmark hadde namnet Einsatzgruppe Wiking. Dei la att blodspor mange stader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.