JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Historier frå landet vi forlét

Åsne Seierstad har skrive bok om Afghanistan eitt år etter at Noreg og andre vestlege land trekte seg ut. – Bortsett frå at vi har gjeve nokre barn utdanning, er det ingenting att etter oss, seier ho.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I den nye boka si fortel Åsne Seierstad historia til tre afghanarar som er fødde i kvart sitt tiår, og skildrar korleis skiftande forhold og føresetnader har prega livet deira.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

12686
20221028
12686
20221028

Afghanistan

eva@dagogtid.no

Det kom brått på dei fleste då Kabul fall og Taliban tok makta i Afghanistan 15. august i fjor, berre veker etter at Nato-soldatane var ute. Journalist og forfattar Åsne Seierstad var òg overraska. Ho hadde ikkje fått med seg den raske framrykkinga til den islamistiske rørsla i vekene før. Det var nesten 20 år etter at ho skreiv Bokhandleren i Kabul og sjølv var i Afghanistan.

Då ho vart oppringd frå medium kringom i verda med spørsmål om å kommentere maktovertakinga, takka ho nei. Men det er over eitt år sidan no. Medan Afghanistan har forsvunne frå avisframsidene og den internasjonale merksemda har flytta seg til andre krigar og kriser, har Seierstad vore tilbake i det krigsherja landet tre gonger og gjort eit nytt djupdykk blant liv og lagnader.

I boka Afghanerne, som kom ut førre veke, fortel ho historia til tre afghanarar som er fødde i kvart sitt tiår, og skildrar korleis skiftande forhold og føresetnader har prega livet deira. Den eine var tre år då Sovjetunionen invaderte landet i 1979, den andre fekk barndomen prega av borgarkrig og Talibans fyrste maktovertaking i 1996, og den tredje kom til verda året før vestlege styrkar invaderte i 2001. Alle tre fekk livet endra i august i fjor.

– Eg ville skrive frå dette fyrste året med Taliban for å syne kva det er som står att etter oss, og kva vi har vore med på. Noreg og andre vestlege land var i Afghanistan i 20 år og gjekk inn med mål om å betre levevilkåra og byggje opp kvinnene si rolle i samfunnet, men ingenting av dette vart ståande. Bortsett frå at landet no har ei meir utdanna befolkning, er det ikkje noko att etter oss. Likevel er det ingen debatt om dette i dag, seier Seierstad til Dag og Tid.

Tre liv og lagnader

I boka fortel ho om Jamila, fødd i 1976, som vart råka av polio som liten. Infeksjonen gjorde henne halt og mindre attraktiv på ekteskapsmarknaden, noko som var medverkande til at ho klarte å mase seg til å få gå på skule saman med brørne sine i staden. Jamila tok høgare utdanning, starta seinare utviklingsorganisasjonen Noor og vart i 2015 viseminister i regjeringa til Afghan Ghani. Då Taliban tok over makta, måtte ho flykte med ektemann og barn og kom til Noreg. Det var her Seierstad kom i kontakt med henne.

Då Seierstad i januar i år drog til Afghanistan igjen for fyrste gong på 20 år, var det for å prøve å forstå meir av regimet Jamila hadde flykta frå. Ho ville vite korleis Taliban styrer, og kva dei ønskjer å oppnå i Afghanistan. Etter litt leiting kom ho i kontakt med talibankrigaren Bashir, som vart fødd i 1987 i ein landsby like utanfor Kabul. Han var ni år då Taliban kom til makta fyrste gong. Han rømde heimanfrå for å delta på treningsleir med den islamistiske rørsla alt som tolvåring og vart seinare ein slags mellomleiar i rørsla. I dag er han blant sigerherrane og har busett seg i Kabul med storfamilien, i eit herskapshus som tidlegare tilhøyrde ein parlamentsmedlem.

Eigentleg skulle boka berre handle om desse to – ein som var del av og ein som var motstandar av Taliban. Men så møtte Seierstad 22 år gamle Ariana, som voks opp i eit samfunn vakta av vestlege soldatar og med høve til å ta utdanning, men som no har fått både jusstudiar, livet utanfor ekteskapet og framtidsdraumane om å verte dommar lagde i grus.

– Det tok litt tid før eg skjøna at heile denne boka eigentleg handla om henne. Ho er den som er att. Ho er ei av dei fleire hundre tusen unge jentene som sigeren til Taliban fyrst og fremst påverka, seier Seierstad.

Brei støtte

– Er dei tre representative for afghanarar flest?

– På ein måte, fordi det er eit så delt land. Ariana representerer dei vi reiste for å hjelpe ved å gje skulegang og å syte for tryggleiken for. Ho er blant dei som skulle opp og fram. Jamila er ei av dei som prøvde å jobbe fram ei framtid for kvinnene. Samstundes er arbeidet hennar fundert på Koranen og islam, meir enn det er vestleg orientert. Og Bashir tilhøyrer rørsla som ein stor del av befolkninga støttar opp om. For mange afghanarar er han som «gutta på skauen», ein som har kjempa mot okkupasjonsmakta og for religionen til det invaderte landet. Mange afghanarar trudde jo Vesten ville omvende dei og innføre kristent styre. Samstundes er jo alle dei tre middelklasse, så slik sett er dei ikkje representative. Vel har Bashir vakse opp i fattige kår, men ikkje blant millionane som verkeleg strevar og ikkje har nok mat.

– Kor sterk støtte har Taliban i dag?

– Regionalt har dei mest støtte i sør og i aust og på landsbygda. Dei fleste afghanarar er likevel mindre ekstreme enn Taliban, dei ønskjer skulegang for barna, og dei ønskjer ein jobb dei kan leve av. Klarer ikkje Taliban å gje dei det, kan det verte eit problem. Men det eg trur folk ikkje veit så godt her i Vesten, er kor dårleg det førre regimet leverte. Det er ein del ting Taliban gjer betre, berre fordi dei ikkje er så korrupte. Og Taliban har brei støtte i store delar av landet.

Seierstad seier det afghanske samfunnet også er langt meir kvinnefiendtleg enn mange har teke inn, og brukar historia til Ariana som døme. Familien hennar støtta opp om livet ho levde og utdanninga ho tok, men berre til Taliban tok over. Då prøvde dei å tvinge henne inn i ekteskap med ein mann ho ikkje ville ha.

– Dei gamle haldningane låg rett under overflata. Samfunnet er patriarkalsk frå topp til botn, uavhengig av om Taliban sit ved makta eller ikkje. Der trur eg dessverre ikkje vi har endra på noko varig, same kva Laura Bush, Michelle Obama eller Anniken Huitfeldt seier, seier Seierstad.

Før og no

Taliban hadde nett vorte fjerna frå makta då Seierstad var i Afghanistan for 20 år sidan, rett etter terroråtaka 11. september 2001. Den gongen var vegen inn meir krunglete enn no. Ho måtte til Berlin for å få visum, deretter med fly frå München til Tadsjikistan, så leige bil og til slutt segle på ein flåte i mørket over grenseelva til Afghanistan. No kunne ho fly rett til Kabul.

Elles er det derimot mykje likt mellom landet då og no, ifølgje Seierstad.

– Taliban ser heller ikkje ut til å ha endra seg mykje sidan den gongen. Dei har letta på ein del ting og klarer ikkje å handheve alle reglane. Burkapåbodet vert ikkje handheva veldig strengt, til dømes, og avgjerda om å stoppe skulegangen for jenter vert omgått. Mange stader vert det no oppretta private jenteskular, og dei trur eg ikkje det kjem til å verte slått ned på. Ting kan endre seg, men befolkninga no er jo ei anna enn for 20 år sidan, seier ho.

– Ikkje blant dei verste

Seierstad har ønskt å forstå kven det er som går med i Taliban. Ho ville snakke med nokon som kunne fortelje om seg sjølv, om bakgrunn og familie, ikkje berre om krigshandlingar og Taliban som rørsle. I tillegg til Bashir sjølv har ho intervjua familien hans, mora, dei to konene, barna og ho som skal verte kone nummer tre.

I boka får vi høyre korleis Bashir jobbar seg oppover i hierarkiet i Taliban – med åtak mot okkupasjonsstyrkar, dei vantru og mot dei som har kome til makta ved hjelp av dei vantru – og om korleis heile familien hans står saman på kjøkkenet om natta for å byggje vegbomber mynta på amerikanarane. Samstundes vert det teikna eit bilete av ein kjær son, bror, ektemann og far som tek godt vare på sine nære, og som hjelper ei ung kvinne som er på flukt både frå eigen familie og frå ein fråskild ektemann.

– Kva inntrykk fekk du av Bashir?

– Då han hjelpte den unge kvinna på flukt, handla det også om å skaffe ei gratis kone til ein av soldatane sine, så det var ikkje for å vere snill. Men for å stige i gradene i eit så uformelt hierarki som Taliban er, slik Bashir har gjort, kan det vere ein fordel å vere ein grei person. Han er oppteken av at alle si ære skal varetakast. Taliban har no innført pisking mot utruskap, og folk kan verte dømde til døden ved steining, men denne gongen går det føre seg bak lukka dører, det er ikkje noko dei kringkastar. Bashir er på si side ein slik som går inn og prøver å ordne opp før det kjem til slik avstraffing. Slik sett er han ein grei kar. Men når han har fått så høg status i Taliban, fortel det at han ikkje berre kjem med gode råd, men også kan setje makt bak krava når det trengst.

– Kor representativ vil du seie han er for Taliban?

– Han representerer eit veldig ideologisk Taliban, og ikkje det mest ekstreme, men heller ikkje det mest pragmatiske eller moderate. Mange i Taliban lèt jo barna gå på skule. Over halvparten av leiarskapen i Taliban meinte at skulane skulle haldast opne og for jenter. Det gjorde Bashir òg, men han ønskte ikkje at hans eigne barn skulle gå på vanleg skule før dei kunne Koranen både framlengs og baklengs. Men oppsummert er han nok ikkje blant dei verste, seier ho.

– Kvifor trur du ein person som han vart med i Taliban?

– Det er vanskeleg å sjå korleis han ikkje skulle verte det. Dei tre eldre syskena hans var det, og landsbyen han voks opp i, var ein talibanlandsby, seier ho.

Bak historia

I eit kapittel om korleis boka vart til, skriv Seierstad at talibankrigaren vaktar orda sine vel i intervjua og berre har fortalt henne det han sjølv vil fortelje om. Å fortelje om drap på amerikanarar og okkupasjonsmakt var ikkje kontroversielt for han, men kven som stod bak konkrete kidnappingar, drap, massakrar, tortur eller åtak mot sivile mål som sjukehus og utdanningsinstitusjonar, ønskte han ikkje å svare på.

– Kva for anna informasjon har du inntrykk av at han heldt tilbake?

– Det er nok primært det med kva han konkret har gjort og ikkje. Og så veit eg ikkje om det er rett, det han fortalde om det nye huset sitt, at det var fråflytta og noko han fekk i krigsbytte. Men han svarte på det meste, og han kontrollerte heller ikkje kva konene hans sa då eg snakka med dei.

– Kvifor trur du han sa ja til å fortelje historia si?

– Det han sa, var at han ville hjelpe meg med å forstå. Kan hende gjev det han også litt status å vere den det vert skrive historie om. Det er ikkje så mange journalistar i Afghanistan som dreg rundt og intervjuar folk som han. Dessutan er han jo ein religiøs fundamentalist som trur på misjon, og han var etter kvart oppteken av å prøve å få meg til å konvertere. Å få til det ville ha gjeve han ekstrapoeng i paradis.

– Fekk du inntrykk av at han har eller har vore i tvil om at det han driv med, er rett?

– Ja, han var ikkje glad i å snakke om terror. Eg veit jo ut frå kva andre har fortalt, at han har avretta folk, og han har òg garantert vore med på å torturere folk.

– Var du nokon gong redd under intervjua?

– Det einaste eg var redd, var barna som hadde våpentrening. Ein av sønene til Bashir, på tolv år, sat der med ein kalasjnikov ein av gongene eg var på besøk. Då det intervjuet seinare vart transkribert, fekk eg vite at sonen hadde sagt han ville drepe meg, men også at Bashir då vart kjempesint på sonen. Det einaste eg elles er redd for i Afghanistan no, er IS, som er på frammarsj, og som har ei interesse av å ta vestlege. Taliban har ikkje det. Dei vil syne at dei har kontroll og orden.

Bistand og diplomati

– Kva trur du skjer med og i Afghanistan framover?

– Eg vågar ikkje å spå, men det går feil veg. Taliban har stramma inn på kontrollen og innfører stadig nye reglar for kva folk kan ha på seg, kvar dei kan gå, og liknande. Dei har sagt opp alle kvinner i ministeria og seier òg opp andre som kan noko, og set inn sine eigne – brør og nevøar – i statsadministrasjonen. Skal landet ha ein sjanse, må dei moderere seg, for dei øydelegg for seg sjølv no. Samstundes kan Taliban òg få misnøya retta mot seg. Folk kan gå over til IS. Det er det verkeleg farlege scenarioet Vesten no står overfor.

– Kva bør Noreg og andre vestlege land gjere?

– Det er vanskeleg å vite, men vi må i alle fall halde fram med bistand og aktivt diplomati på alle nivå. Det hjelper ikkje å ikkje snakke med Taliban. Det er vanskeleg å gjere noko med den øvste leiinga i Taliban i dag, men det går an å gjere mykje lokalt.

– Kva tenkjer du om måten Nato trekte seg ut på?

– Det er forferdeleg at vi i det heile teke har vore der i så mange år, lukka augo for korrupsjonen og samstundes ført krig mot så store delar av befolkninga. Eg synest ikkje vi har gjort nok for å prøve å byggje opp samfunnet, byggje skular, fabrikkar og skape arbeidsplassar. Vi gjekk inn i krigen og kampane som trigga motstand, men gjorde ikkje nok fredsskapande arbeid, sjølv om vi sa at vi gjorde det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vågar ikkje å spå, men det går feil veg.

Åsne Seierstad, forfattar og journalist

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis