Historie

Urkatastrofen

Kvar kom det etniske hatet som langt på veg øydela Sentral-Europa mellom 1939 og 1945, frå? Ein del av svaret ligg i kampen om fortet og byen Przemysl i Galicia i 1914–1915. Det jødiske kvarteret er i dag ein polsk parkeringsplass.

Nærkamp mellom austerrikarar og russarar i forsvaret for Przemysl i januar 1915. Illustrasjonen er henta frå ei tysk avis.
Nærkamp mellom austerrikarar og russarar i forsvaret for Przemysl i januar 1915. Illustrasjonen er henta frå ei tysk avis.Nærkamp mellom austerrikarar og russarar i forsvaret for Przemysl i januar 1915. Illustrasjonen er henta frå ei tysk avis.
Publisert

Kva skjer om du midt på vinteren, når temperaturen nærmar seg minus 30 og snøen ligg meterhøg, sender ein hær på 1 million menn opp i Karpatane for å bryte gjennom dei russiske linene? Det seier seg sjølv: Når russarane har dei høge posisjonane, og dine menn ikkje maktar å draga tunge kanonar med seg opp fjellveggane og opplever at all olja og alle våpena frys i kulda, er du sjanselaus. Du får 560.000 døde, såra og skadde soldatar.

Kven kunne finna på noko så uklokt? Det kunne den øvstkommanderande generalen for den habsburgske hæren, Franz Conrad von Hötzendorf, gjera vinteren 1915. Det gjorde han, og dette går klart fram av breva han skreiv, kvar kveld gjennom krigen, av di han var livredd for at ei snart 30 år yngre kvinne ville avvisa han som ein tapar om han ikkje makta å berga eit fort inne i Galicia, og difor ikkje kom til å gifta seg med han. Conrad var lysande inkompetent og ofra millionar av menn på jakt etter ei riddarære moderne krig ikkje kunne gje han.

Fekk han så kvinna etter krigen?

– Du seier noko. Eg burde sjølvsagt ha teke med svaret i epilogen, seier Alexander Watson då eg spør.

Leseglede

Det er mykje negativt å seia om covid-19, men all fritida gjer at vi som kjøper altfor mange bøker, får høve til å taka att det tapte. Ei slik bok er den kritikarroste The Fortress: The Great Siege of Przemysl, som handlar om kampen om eit stort fort som låg i provinsen Galicia i det habsburgske riket, og som no ligg i Polen. Ho har stått altfor lenge i bokhylla. Men covid-19 har også gjeve oss noko anna, internettmøte. No sit det professorar overalt og saknar merksemd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement