Historie
Snart talar berre skriftlege kjelder
Tyske historikarar samlar dokument om nazistane si «Endlösung» i 16 band for å motarbeida minnetap.
Ei fangedrakt utstilt i Auschwitz-Birkenau statsmuseeum.
Foto: AP / NTB
Den 13. desember 1939 skreiv, Marie Bless, krinsleiar i det tyske nazipartiet, til borgarmeisteren i den vesle byen Teschen. Ho bad om å få gå gjennom nokre jødiske husvære for å finna møblar. Ho ville supplere det ho alt hadde stole: «Neste veke planlegg me å gjera i stand partihovudkvarteret vårt i rådhuset. Framleis saknar me nokre skrivebord og nokre stolar (…) særleg av nøttetre, som passar til møblane frå husværet til den jødiske familien Durst i Friedrichstrasse. Eg vil vera takksam for snarleg svar. Heil Hitler!»
Dette brevet – grufullt i all sin kvardagslege stil – er eit av 5000 dokument over 14.000 sider i 16 band som no snart er sluttførte. Femten år har det teke historikaren Susanne Heim og staben hennar å få prosjektet i hamn. Christian Staas i Die Zeit har intervjua henne.
Tommelfingerregelen for Heim og staben hennar har vore 40 prosent dokument frå offera, 40 prosent frå overgriparane og 20 prosent frå ymse andre kjelder, framfor alt tilskodarane. Kjeldene er av alle slag: private brev, offisielle naziproklamasjonar, lover, kyrkjelege dokument, avisartiklar, augnevitneskildringar, militære ordrar og så vidare. Dei er organiserte land for land under tittelen Verfolgung und Ermordung der europäischen Juden (forfølging og drap på europeiske jødar). Ei engelsk utgåve er under arbeid i samarbeid med forskingssenteret Yad Vashem i Jerusalem.
Kritikarane er alt på bana. Er ikkje dette berre «ein dokumentlavine», spør dei. Svaret til Heim er at det skal utarbeidast eit detaljert register som kan føre vegen inn i alle stoffområde.
Akkurat no er oppslagsordet «Ungarn» klart. Dette oppslagsordet ligg nær ei kriminalhistorie, for få er så gode som Orbán-regimet til å forgylla si eiga redslesoge under holocaust. Ungarn hadde eit kollaborasjonsstyre av verste sort, med fascistrørsla Pilkrossen i førarsetet. Dei og det ungarske gendarmeriet var gode å ha for Adolf Eichmann då han fekk myrda 450.000 ungarske jødar på nokre veker i 1944.
Heim seier til Die Zeit at ho har funne eit førebilete i den israelsk-amerikanske historikaren Saul Friedländers tobindsverk om det tredje riket og jødane. Saknet av ei vitskapleg dokumentsamling stod då klart for henne. Det galt òg å bruka dei nyopna arkiva frå Aust-Europa. Tallause arkiv elles i verda er saumfarne, og alle sosiale sjikt er representerte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.