– Alvorlege feil i Michelets bok om Heimefronten
Tre historikarar har gått grundig gjennom dei oppsiktsvekkjande påstandane Marte Michelet sette fram i boka Hva visste hjemmefronten? frå 2018. Rapporten deira er svært kritisk.
Elise B. Berggren er masterstudent og har skrive om antijødiske haldningar blant dei som hjelpte jødar med å flykte.
Foto: Dreyers Forlag
Historie
janh@landro.bergen.no
I boka Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?, som kom i går, plukkar dei tre forfattarane frå kvarandre faktagrunnlag, argumentasjon, tolkingar og konklusjonar i det Michelet i undertittelen på boka si kallar Holocaust i Norge: varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet. Dei peiker på direkte feil, mistydingar, feillesingar, skeivframstillingar, manglande forståing, sitatfeil, sitatkutt, graverande påstandar utan hald, selektivt kjeldeval, selektiv kjeldebruk og grunnlause konklusjonar. Dei meiner at framstillinga ikkje framstår «sanningssøkjande», og at det gjennom heile boka hennar finst «ein konspiratorisk undertekst».
Likevel vil ikkje Elise B. Berggren, ein av dei tre forfattarane, bruke ord som «tendensiøs» om framstillinga i Michelets bok.
– Vi har presentert våre funn. Så får andre avgjere kva det inneber, det skal ikkje vi ha noka meining om. Men eg trur ikkje det vil gagne debatten at vi nyttar slike karakteristikkar.
– Alvorleg
Forutan Berggren står Bjarte Bruland og Mats Tangestuen bak rapporten, som er skriven etter initiativ frå ansvarleg redaktør Svein Gjerdåker i Dag og Tid. Berggren er masterstudent og har skrive om antijødiske haldningar blant dei som hjelpte norske jødar med å flykte. Bruland er statsstipendiat og står bak det store verket om Holocaust i Norge. Tangestuen har forska på jødane som flykta til Sverige, og er fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.
I arbeidet sitt har dei konsentrert seg om nokre sentrale påstandar i Michelets bok: Var tre tyskarar ansvarlege for å gi tidlege, konkrete varsel om arrestasjonen av fleire hundre norskjødiske menn 26. oktober 1942? Blei flyktningrutene til Sverige stengde for jødar berre fordi dei var jødar? Blei jødar på flukt utsette for pengeutpressing av profittdrivne menneskesmuglarar? Og har historikarar og sentrale aktørar prøvd å skjule sanninga?
Med få atterhald svarar historikarane nei på alle desse spørsmåla.
Berggren fortel at alt før dei blei spurde om å skrive ein kritisk artikkelserie om Michelet-boka, det som til slutt blei ei eiga bok, hadde dei kvar for seg reagert på mykje av det som kom fram hos Michelet.
– Ei av våre oppgåver som historikarar med jødisk historie og holocaust i Noreg som spesialfelt er å diskutere ny forsking og formidle funna våre til allmenta. Det inneber fagleg dialog, diskusjon og kritikk. Dei mange og alvorlege problema er systematiske gjennom heile boka til Michelet. Mange av premissane hennar er ikkje støtta av det empiriske kjeldematerialet. Vi fann dette så alvorleg at vi meinte det var viktig å formidle funna våre. Slike feil er alvorleg i all faglitteratur, men især i holocaust-forskinga. Det er eit felt der det er særleg viktig at ein gjer ting på rett måte.
Ikkje dekning i kjeldene
– De feller ein hard dom over både bok og forfattar?
– Det er vel ein hard dom over boka, for funna våre er absolutt alvorlege. Vår oppgåve har vore å gå kritisk gjennom boka, forfattaren meiner vi ingenting om. Vi uttalar oss berre om det som står i Hva visste hjemmefronten? Vi har berre undersøkt fleire av hovudkonklusjonane i boka hennar.
– I grove trekk gjeld dette at sentrale kjelder er feiltolka eller ikkje nytta, at kjeldebruken er selektiv og tidvis fører til skeive konklusjonar, at sitatkutt og endringar i sitat gjer at fleire av utsegnene til historiske aktørar blir vridde. Dessutan er boka delvis vanskeleg å etterprøve. Når slike tendensar fører til at éin konklusjon blir feil, og ho så nyttar det som premiss for neste konklusjon, får det ein dominoeffekt gjennom heile boka.
– De nyttar mykje plass på å tilbakevise Michelets påstand om at tre tyskarar var dei som først varsla om at aksjonen mot jødane var nær føreståande. Poenget er vel at det kanskje blei varsla før aksjonen?
– Det viktige er ikkje kven som varsla, men kva tid ein først fekk konkrete varsel om at det ville komme arrestasjonar og deportasjonar av norske jødar. Hovudpoenget vårt er at Michelet ikkje har god nok dekning i kjeldematerialet for å hevde at det kom konkrete varsel i april 1942 og tidleg i september. Vi har gått boka hennar etter i saumane, men har undervegs også via nye kjelder komme fram til funn som gjer at tidlegare synsmåtar også vi har hatt, var feil.
– Michelet gjer den tyske greven Helmuth James von Moltke til ein slags «helt» fordi han varsla på førehand om jødeaksjonen. Men de finn at han «ikkje nokon gong – i kjent skriftleg materiale – har nemnt norske jødar eller lagnaden til norske jødar». Kva provar det, om noko?
– Moltke har gitt frå seg mykje skriftleg materiale. Han uttrykkjer ikkje nokon stad at han har vore oppteken av dei norske jødane eller varsla om det som skulle skje. I det heile skriv han lite om jødar generelt. Han er berre ei av mange kjelder vi har sett på. Men at han ikkje skriv noko om dette, kombinert med mangelen på kjelder andre stader, er ein av fleire grunnar til at vi har komme fram til konklusjonen vår.
Minneforskyving
I 1970 gjorde Ragnar Ulstein eit stort intervju med Gunnar Sønsteby, dette finst det lydopptak av. Der seier han at han fekk varsel om jødeaksjonen alt sommaren 1942, altså fleire månader før arrestasjonane og deportasjonane. Men Berggren og kollegaene hennar avviser det som lite truverdig at han fekk eit konkret varsel.
– Skal vi tru at Sønsteby ikkje skjøna kva han snakka om?
– Det heilskaplege kjeldebiletet støttar ikkje teorien om at Sønsteby fekk eit konkret varsel sommaren 1942. Vi trur det må vere tale om ei minneforskyving, og det kan vere mange grunnar til at han seier dette. Det vi har påvist, er at han var involvert i å hjelpe jødar til å flykte tidleg, og det er sannsynleg at han hadde generell informasjon om overgrep mot jødar i andre land.
– Kor sannsynleg er det at Sønsteby skulle hugse feil om ei så sentral hending?
– Vi vil ikkje spekulere så mykje om dette, men det kan handle om at han har tilbakedatert eit konkret varsel han fekk seinare. Det kan hende at han fekk generelle vink eller rykte, som han i ettertid såg som meir konkrete. Vi har komme fram til denne konklusjonen etter å ha vurdert denne utsegna opp mot heile kjeldesituasjonen. Dessutan seier aldri Sønsteby at han fekk eit konkret varsel, men han er kategorisk på at han trudde noko ville skje.
– Ragnar Ulstein hadde store kunnskapar om krigshistoria. Men de problematiserer ikkje kvifor han i det heile skulle stille Sønsteby dette spørsmålet om han ikkje hadde grunn til å tru at han ville få det svaret han fekk?
– Vi kunne sikkert skrive mykje meir om Sønsteby, på det punktet er han ei omdiskutert kjelde i norsk holocaust-forsking. Men vi konkluderer med at det er lite sannsynleg at han fekk konkret informasjon så tidleg.
– De syner ofte til minneforskyving som talar mot Michelets tolkingar, men nyttar sjølve same argument, til dømes i samband med Sønsteby-intervjuet. Det er aldri tale om minneforskyving hos folk som støttar dykkar oppfatning. Kva slags inntrykk trur du det gir lesarane?
– Vi nyttar sjeldan minneforskyving som ei forklaring. Men ein historikar må ta høgd for slikt. Minneforskyving er alltid ei mogleg forklaring, og spesielt viktig når vi har einskildkjelder som ikkje har støtte i andre kjelder. Især kan dette vere ein faktor når kjelder snakkar om ting som ligg mange år tilbake. I arbeidet vårt står sjeldan dei munnlege kjeldene åleine. Gjer dei det, er vi tydelege på at det er slik.
– Men det er aldri tale om å problematisere minnet til folk som støttar dykkar oppfatning?
– Vi gjer slike konkrete vurderingar heile vegen.
– Grov mistolking
I Hva visste hjemmefronten? hevdar Michelet at Gunnar Sønsteby stengde fluktrutene sine for jødiske kvinner same dag som dei jødiske mennene blei arresterte. Dei tre granskarane meiner at denne konklusjonen er basert på grov mistolking av ei kjelde.
– Her byggjer Michelet på ei melding som det blir referert til i eit intervju Ragnar Ulstein hadde med Sønsteby i 1984. Der skal det vere tale om ei jødisk kvinne, men dokumentet – som Michelet hevdar det ikkje er råd å finne, sjølv om det ligg kopiar i to ulike arkiv – seier ingenting om at kvinna var jøde. Det var ho heller ikkje. Ikkje noko i Sønstebys melding slår fast at jødar ikkje skulle hjelpast ut av landet, eller at ruta berre skulle reserverast for motstandsfolk, slik Michelet tolkar det.
– Ein annan påstand i Michelet-boka er at jødane blei sett på som ei vanskeleg gruppe flyktningar berre fordi dei var jødar. Også det avviser de?
– Jødane blir av fleire flyktninglosar omtala som vanskelege, mellom anna fordi dei meiner at dei vil ha med seg så mange ting. Slike utsegner frå flukthjelparar finst det mange av, i ulike versjonar. Men vi ser nett dei same utsegnene både når offiserane og når studentane skal flykte. Det er altså feil å tolke dette som noko som gjeld jødane fordi dei er jødiske.
– Vi skal ikkje underslå at det fanst rikeleg med antisemittiske haldningar i Noreg både før, under og etter krigen, det har det då også vore skrive mykje om. Men vi meiner at Michelet ikkje har grunnlag for å hevde at jødar blei nedprioriterte av fluktapparatet på grunn av antijødiske haldningar.
Personar hengde ut
Det som blei kalla «Carl Fredriksens Transport», har i alle år hatt heltestatus. Den illegale fluktorganisasjonen frakta 340–350 jødar over grensa. Men i boka si sytte Michelet for å rive helgengloria av Alf T. Pettersen, som var hovudmannen bak dette arbeidet. Forfattartrioen meiner at Michelet har sverta han på heilt manglande grunnlag. Ho meinte, og skreiv mellom anna, at han slutta i politiet og gjekk inn i flyktningtransporten for å tene pengar.
– Det er ingen tvil om at mange einskildpersonar blir hengde ut i boka hennar. Mykje av dette er basert på eit feilaktig kjeldegrunnlag, og Pettersen er ein av dei som blir råka. Det vi har undersøkt, syner at Michelet tek feil på mange punkt. Av det vi har granska, finn vi feil på feil på feil, som fører til djup sverting av folk som Pettersen. Han slutta ikkje frivillig i politiet, han blei sparka fordi han var for kritisk til nazismen. Ikkje finst det dokumentasjon for at han prøvde å tene pengar på transporten heller. Tvert om.
Berggren seier at Michelets behandling av jødiske individ også er interessant.
– Ho skriv at ho har prøvt å sjå historia frå perspektivet til jødane. Men vi finn lite spor av det i boka. Jødiske nordmenn blir til romankarakterar eller statistar. Jødiske namn blir feilskrivne, ho blandar saman ulike personar og plasserer folk der dei aldri var. Ho nyttar også svært få jødiske kjelder, til dømes intervju med jødar om flukt.
– Sverre Lie og Reidar Larsen, begge viktige personar i det illegale arbeidet, blir av Michelet skulda for kvitvasking av pengar som høyrde til jødar, idet ho totalt feiltolkar ei brevveksling mellom dei. Korleis ser du på det?
– Det er symptomatisk for kjeldebruken i boka, og eit illustrerande døme på korleis ei kjelde blir feiltolka, og kva for konsekvensar det får. Utan grunnlag og prov hevdar ho at brevet er skrive i kode og med dekknamn og handlar om pengar frå jødisk flukt. Slik får ho eit brev som ikkje har med kvitvaska pengar eller jødar å gjere, til å handle om noko heilt anna. Med ein slik metode kan ein få kva som helst brev til å handle om kva som helst. I røynda syner det seg at «dekknamnet» ikkje var noko dekknamn, at brevet var genuint og slett ikkje i kode.
Underslå «sanninga»?
– Michelet er ofte upresis, får vi vite. Men til tider er de like upresise. De avviser til dømes at jødedeportasjonane skulle vere planlagde mange månader på førehand, for det vil «innebere at deportasjonane av jødane har føregått heilt annleis i Noreg enn i andre land». Kor mange andre land – to eller ti, og kva for land? Dette fortel meg svært lite.
– Denne utsegna har vi utdjupa i boka, og vi har synt til annan litteratur om emnet. I vurderinga av utsegna til Sønsteby tek vi med mange element – både andre kjelder og kunnskap om korleis overgriparane gjennomførte jødeaksjonane. Vi kan ikkje gå djupt inn i alle spørsmåla, men dette er kritikk vi tek til oss.
– I boka si rettar Michelet også skuldingar om at historikarar og sentrale aktørar har prøvd å underslå dei «sanningane» ho meiner å ha funne. Korleis ser de på det?
– Ho hevdar at historikarar og andre har unngått desse temaa. Norsk historieforsking er ikkje éi samla røyst som snakkar, norsk forsking på krigen har mange ulike aktørar og mange ulike perspektiv. Det er eit faktum, som òg er skrive mykje om, at okkupasjonsforskinga dei første tiåra etter krigen hadde lite om jødane og holocaust, og at dei presenterte motstandsrørsla i eit svært rosa lys. Det er ukontroversielt. Men frå 2000-talet er det gjort mykje forsking på holocaust i Noreg, og dette er ikkje på nokon måte eit eintydig felt. Å påstå at alle historikarar har hatt ein konsensus om å skjule visse sanningar frå 1945 og opp til i dag, held ikkje vatn. Viktige spørsmål skal vi halde fram med å stille i holocaust-forskinga, men svara vi skal presentere, må vere godt forankra i kjeldematerialet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er vel ein hard dom over boka, for funna våre er absolutt alvorlege.
Elise B. Berggren, masterstudent
Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.