JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Historia bak ei IS-kvinne

– Eg har sett brutaliteten til IS og ville vite kvifor, seier Kristin Solberg.
Ho har skrive bok om Aisha Shezadi Kausar som slutta seg til Den islamske staten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristin Solberg har hatt samtalar med Aisha Shezadi Kausar over tre år og vitja henne i leiren ho sit i i Syria fleire gonger.

Foto: Delil Souleiman / AFP / NTB

12551
20220826
12551
20220826

eva@dagogtid.no

I august 2014 reiste norskpakistanske Aisha Shezadi Kausar inn i Den islamske staten, IS, i Syria. Ho var 22 år og hadde med seg sonen ho eitt år tidlegare hadde fått etter eit kort ekteskap med islamisten Arfan Bhatti. Til Syria kom ho som kone nummer to for den norskchilenske IS-krigaren Bastian Vasquez, og ho budde saman med han og den fyrste kona hans, som Kausar kjende frå Noreg.

Nokre månader etter innreisa til Syria mista son hennar livet. Han vart, etter det som er kjent, mishandla til døde av den nye ektemannen. Kausar skilde seg frå Vasquez og gifta seg med ein tunisiar som ho etterkvart òg fekk ein son med.

I 2017 kom ho til ein kurdisk fangeleir nordaust i Syria, og i mai 2018 bad ho norske styresmakter om hjelp til å kome seg tilbake til Noreg saman med sonen.

Delar av historia til Kausar har vorte kjende gjennom media, frå Åsne Seierstads bok om to norsksomaliske systrer som drog til Syria i 2013, og frå rettssaka mot den fyrste IS-kvinna som returnerte til Noreg frå IS i fjor.

I boka Den andre, som kjem ut i dag, fortel forfattar og journalist Kristin Solberg heile historia til Kausar, frå barndom til notid.

Solberg, som har dekt både veksten og fallet til terrororganisasjonen IS gjennom jobben som journalist i Midtausten, seier boka er eit forsøk på å forstå korleis ein organisasjon med ein slik sjokkerande brutalitet samstundes kunne ha så sterk tiltrekkingskraft på så mange.

– Mellom 44.000 og 52.000 personar frå fleire land slutta seg til IS. Det er eit historisk høgt tal på framandkrigarar. Og 7000 av dei var kvinner, som er ei kvinneleg tilslutning til jihad heilt utan sidestykke, seier Solberg.

– Ifølgje PST var det minst 10 norske kvinner som slutta seg til IS. Kvifor valde du Aisha Shezadi Kausars historie?

– Aisha er den einaste norske IS-kvinna som har stått fram med fullt namn, som om det var noko heilt kompromisslaust med henne. Det gjorde meg interessert. Etterkvart skjøna eg òg kor sterk historia hennar er, seier Solberg.

Frå ateist til nikab

I Den andre skildrar Solberg ein oppvekst med mobbing både på skulen og heime, ein valdeleg far, barnevern, politi og konfliktråd som ikkje er til særleg hjelp, og eit ungt menneske som er åleine og utanfor, som har få og til tider ingen vener: Ho er ikkje norsk nok for dei norske og ikkje utanlandsk nok for dei utanlandske, som Solberg skriv.

Då Aisha Shezadi Kausar gjekk på ungdomsskulen, kalla ho seg ateist, men etter ein sommar med besøk av og mykje merksemd frå ei tante frå Pakistan – «den mest religiøse i familien» – byrja ho å tru sjølv. Då ho starta på vidaregåande, tok ho på seg hijab, ho vart med i organisasjonen Islam Net og tok til å leve etter reglar om kjønnssegregering. Rett etter vidaregåande skiftar ho hijaben ut med nikab, som dekkjer heile andletet – alt anna enn augo.

– Kva ser du som den viktigaste forklaringa på at ho vart radikalisert?

– Å ha det slik ho hadde det som barn, trur eg skapar og set djupe spor i eit menneske. Og då ho vaks opp og fann islam, gjekk alt plutseleg mykje betre for henne. Ho fann eit slags tilhøyre i det radikale miljøet, kjende seg sett og verdsett, seier Solberg.

Mykje merksemd

Aisha Shezadi Kausar vart spurd om å skrive om nikabvalet til ein antologi med essay av norske muslimske kvinner. Seinare laga NRK ein laurdagsreportasje med den då 20 år gamle kvinna om korleis det var å bruke nikab, og om reaksjonane ho fekk, både på gata, i moskeen og frå organisasjonar. Det var lite støtte å hente der. Ho vart invitert til vidaregåande skular for å snakke om nikab, og drog, sponsa av Foreningen Les! og Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening. Dette vart kritisert offentleg, fordi ho om lag samstundes skreiv på Facebook at ho støtta Taliban i kampen mot Nato-soldatane i Afghanistan.

– Kva veg drog denne merksemda henne?

– Eg trur det berre forsterka opplevinga av å stå utanfor storsamfunnet, og at Noreg ikkje hadde plass til slike som henne. Parallelt gav det henne òg aksept i miljøet av ekstreme islamistar. Der vart ho ein slags rollemodell. Så ho fekk respekt der, samstundes som ho fekk meir og meir avstand til storsamfunnet. Om ho valde seg vekk eller vart skyvd ut, er vanskeleg å svare på. Slik eg forstår henne, prøvde ho å verte forstått, men så var reaksjonane uventa for henne. Ho var sjokkert over kva kommentarar ho fekk med nikab og har fortalt meg at det kjendest som at ho vart sett på som kriminell og terrorist. Verdsbiletet ho etter kvart fekk, der ho såg Noreg som eit land i krig med muslimar, og der muslimar vart undertrykte og diskriminerte, vart forsterka gjennom desse episodane.

– Kva rolle spelar islam og religion for radikaliseringa, og kva ansvar vil du seie det offentlege Noreg, inkludert skule, barnevern, politi og liknande, har?

– Det er vanskeleg å porsjonere ut skuld og ansvar, så det trur eg ikkje at eg skal prøve på.

– Forstår du at ho kunne hamne der ho hamna?

– Eg kjem i alle fall nærare å forstå det. Ho hadde noko sårt i seg heilt frå barndomen. Så må vi sjølvsagt spørje i kor stor grad liva våre er prega eller avgjorde av omstende og tilfeldige hendingar, og i kor stor grad dei er prega av eigen agens. Det svaret har eg ikkje, men det håpar eg dei som les historia hennar, kan gjere seg nokre tankar om etterpå, seier Solberg.

Ideologi og omstende

– Sjølv sit eg etter å ha lese boka att med bilete av ein person som har opplevd lite tryggleik og glede, og som har kjend seg sviken av dei fleste ho har prøvd å klamre seg til, system så vel som enkeltpersonar. Skal vi ha sympati for Aisha Shezadi Kausar?

– Det lèt eg vere opp til lesaren å vurdere. Eg vil ikkje diktere kva folk skal få ut av boka, men eg trur vi som samfunn har godt av å kjenne nyansane i historia. IS-kvinnene er mykje snakka om, men lite snakka med, og å kjenne historia deira – både kvifor dei drog, og kva som skjedde då dei var der, er av offentleg interesse.

– Ho drog til Syria med eit eitt år gamalt barn. Kva kan forklare det?

– Her er det fleire faktorar. Ho var ideologisk motivert, det er det ingen tvil om. Ho trudde på kalifatet og ville bu i ein islamsk stat. Samstundes bidrog også omstenda rundt henne. På det tidspunktet då ho fekk tilbodet om å kome til Syria av den seinare ektemannen og medkona, var ho ei heimlaus åleinemor, utan jobb, som ikkje visste kvar ho skulle gjere av seg.

Forklare, ikkje forsvare

Solberg har hatt samtalar med Kausar over tre år. Ho rakk å vitje henne i leiren i Syria fem gonger før pandemien braut ut, og har kommunisert via telefon og meldingar sidan, i periodar dagleg. Samla finst det fleire hundre timar lydopptak og fleire hundre sider med meldingsloggar mellom dei.

– Kvifor trur du ho sa ja til å fortelje?

– Eg sa i det fyrste møtet at eg ville skrive boka for å vite kven dei som slutta seg til IS, var. Då hadde eg nett funne henne i ein interneringsleir etter å ha leita etter henne i ein annan leir i fleire dagar, og ho sat overfor meg i ein brun og sliten sofa. Ho sa at ho vart sett på som terrorist og ekstremist, og lurte på om folk hadde gløymt at ho er like mykje menneske som alle andre. Men IS har gjort grufulle ting, sa eg. «Bak det heile er eg eit menneske», svara ho då. Det er nok noko av grunnen til at ho vart med, trur eg. Alle menneske har behov for å verte sette. Så opplever eg at ho fekk tillit til meg, og den tilliten vil eg takke henne for. Det å fortelje så detaljert, over så lang tid, er ei modig handling.

– Du er ikkje redd boka vert opplevd som eit forsvarsskrift for henne?

– Nei, eg trur ikkje det. Føremålet har vore å forklare, ikkje forsvare vala ho tok. Eg har sett brutaliteten til IS og ville vite kvifor. Eg meiner vi som samfunn bør vite svaret på det òg. IS er nedkjempa, men berre territorialt. Dei er der ute og held fram med drap, kidnappingar og sjølvmordsåtak framleis. Global jihad lever vidare, også her i Vesten. Før eller sidan, i ei eller annan form, kjem dei igjen til å forsøke å erobre nye område. For å hindre det må vi fyrst forstå, seier ho.

Solberg syner til at Høgsteretten i dommen frå saka mellom PST og filmskaparen Ulrik Imtiaz Rolfsen har slått fast at det å rapportere frå dei ekstreme islamistane ligg i kjernen av det journalistiske oppdraget.

– Det er eit svært lukka miljø, som det er viktig å få sett lys på, om ein klarar å få tilgang til aktørane, seier ho.

– Eg trur òg at Aishas historie er representativ for fleire. Alle som drog, har sjølvsagt ulike historier og ulike grunnar, men mange av faktorane som går att i forskinga som er gjort av temaet, finst òg i Aishas historie. Slik sett er ikkje boka berre ei historie om ein enkeltperson.

Overraska over slutten

– I boka får vi vite ein del om kva Kausar til kvar tid visste og var kjend med om IS si framferd og handlingar, og ho svarar òg på kva ho tenkte om det den gongen. Samstundes står det lite om kva ho kan ha vore med på i Syria, utover det som gjekk føre seg innanfor heimen, og i relasjonen mellom familiemedlemmene. Opplever du at du har fått eit utfyllande bilete av kvardagslivet hennar i kalifatet?

– Sjølvsagt kan ein aldri vere sikker, for ei forteljing er prega av både perspektiv og minne, men i og med at eg har jobba med boka over tre år, har eg kunna vende tilbake til nokre av temaa fleire gonger, stille kontrollspørsmål og be om fleire detaljar. Det meste av det ho har fortalt, kan òg stadfestast av andre kjelder, særleg det som skjedde i Noreg, men òg det som skjedde i Syria. Eg har aldri teke henne i å snakke usant. Eg har òg vitja dei to stadene ho budde lengst på i Syria, og snakka med sivilbefolkninga der om korleis det var der for dei under IS. Eg har vore i huset der det mest dramatiske i livet hennar hende, på sjukehuset der son hennar vart erklært død, og eg har sett gravplassen der han ligg gravlagd, for å kunne skildre hendingane i livet detaljert. I tillegg har eg snakka med dei sivile i områda der ho budde, om IS-kvinnene si rolle. Eg har spurt fleire titals om dei nokon gong såg norske IS-kvinner på gata eller ute, og alle svarte nei. Alt eg har fått vite, fell saman med det som var kvinners rolle i kalifatet generelt. Sjølv om enkelte var med i politiet og moralpolitiet, var det hovudsakleg det å vere husmor og mor, ta vare på mannen og oppdra neste generasjons krigarar som var oppgåva deira.

– Kva har vore dei vanskelegaste etiske problemstillingane for deg i dette prosjektet?

– Det har vore fleire problemstillingar, men dei viktigaste var om eg skulle skildre valden i barndomen, og om eg skulle skrive kva som skjedde med sonen. Eg skriv om desse vurderingane i metodekapittelet. Valden i barndomen er viktig å fortelje om fordi han forklarar kva som skjer seinare. Den amerikanske forskaren Anne Speckhard, som leiar The International Center for Study of Violent Extremism, har intervjua 220 IS-avhopparar. Ho seier at dersom færre barn hadde vorte slegne i barndomen, ville det vore mindre rekruttering til terrorgrupper. Det trur eg nok stemmer. Aisha sjølv seier at vald for henne er normalisert, og at ho reagerer seinare enn andre på det. Det eg skriv om valden i barndomen er òg basert på dommen faren fekk i retten, og på barnevernsdokument. Når det gjeld det som hende med sonen, syner det korleis vald i krig smittar over på vald i nære relasjonar. Det som skjedde han, er òg det verste som har skjedd Aisha i livet. Det går ikkje å forstå henne utan å forstå det.

– Etter ein del fram og tilbake, takka Aisha Shezadi Kausar tidlegare i år nei til å verte henta tilbake til Noreg med sonen. Kva tenkjer du om valet hennar?

– Eg var overraska då det skjedde, og hadde trudd historia skulle få ein annan slutt. Men ut frå perspektivet ho har, og historia hennar, som pregar valet, kan eg òg forstå at ho valde som ho gjorde.

– Ho har sjølv sagt at ho ikkje er nokon trussel i dag. Trur du henne på det?

– Det synest eg det er vanskeleg å svare på utan å leggje føringar for korleis andre skal lese boka. Eg har late mykje vere ope, fordi eg vil at boka skal bidra til refleksjon, utan å presentere svara. Eg veit jo ikkje heller kvar ho er om ti år. Det kan eg ikkje vite.

– Veit du kvar ho og sonen er i dag?

– Ja, det veit eg, og eg har kontakt med henne framleis. Det har eg med alle eg har skrive om – kontakt med dei i ettertid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg hadde trudd historia skulle få ein annan slutt.

Kristin Solberg, journalist og forfattar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis