Strategi for å slanke britar og klimautslepp
Den britiske regjeringa vert tilrådd å gjere store endringar for å påverke matproduksjon, handel og kosthald. EAT-strategisjef Olav Kjørven håpar tilrådingane inspirerer den norske regjeringa.
Britane er fanga i ein søppelmatsirkel, ifølgje rapporten «The National Food Strategy – The Plan». I rapporten vert det føreslege ein ny skatt på salt og sukker og at fastlegar skal få høve til å skrive ut resept på frukt og grønsaker.
Foto: Wikimedia Commons
The National Food Strategy – The plan
Rapporten er ein gjennomgang av matsystemet i England, bestilt av den britiske regjeringa i samband med Brexit. Rapporten gjeld i hovudsak England og berre til dels Skottland, Wales og Nord-Irland.
Arbeidet med rapporten er leidd av forretningsmannen Henry Dimbleby, som var med å starte restaurantkjeden Leon og å lage «The School Food Plan» for regjeringa i 2013.
Rapporten vart lagd fram for ein månad sidan og inneheld 14 tilrådingar.
Den britiske regjeringa skal kome med eit svar til rapporten i løpet av eit halvt år.

Kosthald
eva@dagogtid.no
Ein sukkerskatt på 3 pund (nær 40 norske kroner) og saltskatt på 6 pund per kilo for å få matindustrien til å lage sunnare produkt, eit gratis skulemåltid til alle frå låginntektsfamiliar, at fastlegar kan skrive ut resept på frukt og grønsaker eller matrelatert opplæring til folk med usunt eller mangelfullt kosthald, obligatorisk rapportering for større butikkjeder om matavfall og sal av produkt med høgt feitt-, salt- og sukkerinnhald, og statlege innkjøpsreglar som skal sikre at skular, sjukehus, fengsel og offentlege kontor serverer mat som er både sunn og berekraftig – dette er nokre av tiltaka rapporten «The National Food Strategy – The Plan», som vart lagd fram for ein liten månad sidan, tilrår at den britiske regjeringa innfører.
Rapporten, som er ein gjennomgang av matsystemet i England, frå produksjon til konsum, vart bestilt av regjeringa i 2019, i høve Brexit. Mandatet innebar å føreslå endringar for å sikre at alle innbyggjarar har tilgang til trygg, sunn og rimeleg mat, og at matproduksjonen er både robust og berekraftig.
Rapporten tilrår såleis òg å redusere kjøtforbruket med heile 30 prosent i løpet av ti år, og at delar av dagens jordbruksjord vert omdisponert til å binde karbon og å gjenopprette biologisk mangfald, gjennom skog, torvmark, lyng og artsrike grassletter. Andre delar av jordbruksjorda bør ifølgje rapporten drivast lågintensivt, med meir naturvenleg produksjon, samstundes som ein andre stader igjen bør drive så intensiv produksjon som mogleg ved hjelp av ny og meir klimavenleg teknologi.
Ei anna tilråding er at handelspolitikken i mykje sterkare grad må tilpassast dei overordna miljø- og klimamåla til den britiske regjeringa. «Det er ingen vits å få britiske bønder til å jobbe hardt for å redusere karbonutslepp og gjenopprette biologisk mangfald om vi samstundes opnar marknaden for billeg mat som er produsert til lågare standardar i utlandet», heiter det i rapporten.
Fryktar nye skattar
Sjølv om den britiske regjeringa har bestilt strategien, står det att å sjå om ho kjem til å følgje opp tilrådingane. Statsminister Boris Johnsen har avslørt at han ikkje er særleg entusiastisk til ideen om ein skatt på salt og sukker, eller «ekstra skattar på hardtarbeidande menneske», som han kalla det, men han har sagt at han skal studere rapporten.
Strategien har òg vorte kritisert for å leggje opp til overformynderi og å gjere vondt verre for dei fattigaste. Food and Drink Federation, som er medlemsorganisasjonen for produsentar av mat og drikke i Storbritannia, meiner at ein sukker- og saltskatt kjem til å gå ut over forbrukarar som alt slit med å få endane til å møtast, ikkje bidra til endring av produkta. Andre produsentorganisasjonar fryktar at nye skattar kjem til å auke presset på matverksemder som alt slit med å kome seg på beina att etter koronanedstenginga.
National Farmers Union meiner tilrådingane om kjøtreduksjon bør skilje mellom «grasbasert britisk kjøt» og «billeg import».
Organisasjonen er òg kritisk til tilrådingane om omdisponering av jordbruksjord, noko som òg er føreslege i den nye landbrukspolitikken som skal erstatte EUs felles landbrukspolitikk i Storbritannia. «Vi vil ikkje at bønder eller forvaltarar av jord skal måtte velje mellom å produsere mat eller å verne jorda si. Målet vårt er at landbruk skal vere å dyrke mat, fiber og energi, samstundes som det bidreg til miljøet og biologisk mangfald», skriv organisasjonen i eit innspel til den nye landbrukspolitikken.
Samstundes får mange av tilrådingane i strategien òg støtte, både frå matprodusentar, handelen og politikarar.
Planen er òg at regjeringa skal svare med eit såkalla White Paper, tilsvarande ei stortingsmelding, om matsystemet i løpet av det neste halve året.
Eit av få land
Olav Kjørven, som er strategisjef i stiftinga EAT, meiner at den britiske rapporten er både framtidsretta og spanande.
– Det rapporten gjer, er nett det vi arbeider for at alle land bør gjere: lage heilskaplege strategiar for matsystemet, der produksjon, ernæring, miljø, klima og biologisk mangfald vert sett i samanheng. EU har nyleg lagt fram strategien «From farm to fork», og Storbritannia kjem med denne rapporten no, men elles er det veldig få land som har gjort denne typen analysar, seier han.
– Korleis vurderer de dei føreslegne tiltaka?
– Vi har ikkje kapasitet til å setje oss inn i nyansar i matsystema i kvart land, så eg kan ikkje på vegner at EAT gå god for dei ulike tilrådingane for Storbritannia enkeltvis, men ut frå heilskapen å dømme ser det svært bra ut. Fleire av tiltaka er òg i tråd med endringar som vi går inn for for det globale matsystemet. Det EAT-Lancet-rapporten ikkje tok opp i særleg grad, men som den britiske rapporten legg stor vekt på, er det sosioøkonomiske aspektet, med fattigdom og ulikskap. Dette er ting EAT jobbar med no og som vi kjem med ein ny serie rapportar om i 2022 og utover, seier han.
Junk food-sirkel
Ifølgje «The National Food Strategy – The Plan» er britane fanga i ein vond junk food-sirkel: Ikkje berre er vi som menneske predisponerte til å ønskje mat som inneheld mykje feitt og sukker. Sterkt omarbeidd mat – mat med høgt saltinnhald, mykje sukker og feitt og lite fiber – er òg tre gonger billegare per kalori i Storbritannia enn sunnare mat, ifølgje rapporten. Han skildrar eit kosthald som over tid har vorte dårlegare og dårlegare.
Mellom anna konsumerer britane i snitt fem gonger meir potetgull og éin og ein halv gong meir sukkerhaldige frukostblandingar i dag enn for 50 år sidan. Delen av hushaldningsbudsjettet som vert brukt på frukt og grønt, vart redusert frå nær 60 prosent til 35 prosent frå 1980 til 2000, på same tid som at delen som vert brukt på omarbeidd mat, auka frå 26 til 45 prosent.
– Vi et meir junk food, lagar mindre mat og mistar ferdigheitene og kunnskapen som gjer det mogleg for oss å handle, lage mat og ete på ein måte som er helsefremjande, oppsummerer den britiske matjournalisten Sheila Dillong i BBCs Food Programme.
Sosiale skilnader
Det britiske kosthaldet har store kostnader, både menneskelege og økonomiske. Ifølgje rapporten er tre av ti vaksne britar i dag overvektige, og i 2019/2020 vart det registrert over ein million sjukehusinnleggingar der fedme var hovuddiagnosen eller medverkande diagnose. I England har éin av tre personar over 45 år diabetes eller hjartesjukdom.
Rapporten fortel òg om store og aukande klasseskilnader når det gjeld helse. Det er mellom anna fire gonger meir truleg at eit barn frå dei fattigaste områda i landet er alvorleg overvektig når det begynner på skulen, enn at eit barn frå dei rikaste områda i landet er det. Diabetes er òg langt meir utbreidd blant folk i den lågaste inntektsgruppa enn blant dei med høg inntekt.
Samla bidreg dårleg kosthald til 64.000 dødsfall i England kvart år, ifølgje rapporten, og den samla kostnaden for forhold relatert til høg BMI – i tapt arbeidsproduktivitet, reduksjon i venta levetid og kostnader for det statlege helsevesenet – vert rekna til rundt 74 milliardar pund årleg.
Ineffektiv bruk
Når det gjeld skadeverknadene for miljøet, syner rapporten til at det britiske matsystemet – all matproduksjon, distribusjon og detaljhandel inkludert – samla står for 20 prosent av dei nasjonale utsleppa, og 30 prosent når utsleppa frå importert mat vert tekne med.
Det vert òg lagt vekt på at 85 prosent av jordbruksjorda vert brukt til beite og fôr, samstundes som kjøt og meieriprodukt berre utgjer 32 prosent av kaloriinntaket hjå befolkninga.
– Dette er vilt ineffektiv bruk av jord. Plantevekstar til menneskeleg konsum genererer rundt 12 gonger fleire kaloriar per hektar, heiter det i rapporten.
– Noreg treng liknande
Det er store skilnader mellom Noreg og Storbritannia når det gjeld både klasseskilje, kosthald, landbruksproduksjon og klimaavtrykk frå landbruket. Kjørven meiner likevel den britiske rapporten har relevans for Noreg.
– Sjølv om utfordringane i dei to landa ikkje er like, har dei nokre fellesnemnarar. Vi slit òg med auke i fedme og kosthaldsrelaterte sjukdomar, og vi har utfordringar når det gjeld tilgangen til sunn og næringsrik mat for svakare grupper, sjølv om desse ikkje kan jamførast med utfordringane i land som Storbritannia og USA. Miljøfotavtrykket frå landbruket er òg eit anna, men òg i Noreg er mykje av fôret basert på import av soya, og ein stor del av matjorda vert brukt til korn til fôr. Denne typen utfordringar må sjåast på også her. Eg meiner den britiske rapporten bør vere ein klar spore til regjeringa i Noreg om at vi treng ein liknande strategi, sjølv om han ikkje kjem til å sjå lik ut. Og så treng vi ein større nasjonal samtale om desse temaa, seier han.
Verd i endring
– Kva betydning trur du den britiske rapporten får?
– Det står att å sjå, men han har i alle fall skapt debatt så langt, og det er eit godt teikn. Når han får merksemd offentleg, kjem han òg høgare på den politiske dagsordenen. Vi håpar politikarane har mot til å ta tak i utfordringane. Men vi er ikkje naive. Vi veit at det står mykje på spel for sterke interessegrupper.
– Nokre av tilrådingane vil innebere kollektiv planlegging og arbeidsdeling på heilt andre nivå og felt enn i dag. Er det realistisk å få til?
– Under normale omstende er det mange av tiltaka som kan synast urealistiske å få til, fordi dei strider mot den marknadsorienterte ideologien og samfunnsordenen. Men omstenda er ikkje normale lenger. Vi har hatt ein pandemi som alt har ført til at mykje etablert politikk som før syntest umogleg å endre, er kasta ut av vindauget. Det er brukt enorme summar på å nærast stenge ned land og i tillegg å kompensere for at det er gjort. Verda har endra seg. I tillegg har vi IPCC-rapporten, som er utvitydig på at både matproduksjonen og matforbruket må sjåast på om vi skal ha høve til å unngå eit klimaragnarokk. Vi kan ikkje lenger operere etter etablert logikk. Det er faktisk ikkje logisk lenger.
– Er du viss på at eit tiltak som skatt på sukker og salt, til dømes, fungerer?
– Ja, eg høyrer til dei som har stor tru på at det å endre prisar er eit verkemiddel som har effekt. Det veit vi òg frå andre politikkområde. Og så må det gjerast mykje anna samstundes: med informasjonsarbeid, reglar for offentleg innkjøp av mat, merking av matvarer og innsats i skulen, til dømes. Det finst ikkje éi enkel og elegant løysing, seier Kjørven.
Få lyspunkt
– Den britiske rapporten tilrår meir overordna og mykje strengare krav for handelen med mat.
– Ja. Vi treng handel, men problemet no er at vi har eit handelssystem som manglar køyrereglar som er i tråd med mål for klima, miljø og helse. Så det er behov for ein gjennomgang av handelsregimet i dag og for nye felles køyrereglar.
– Er det nokre teikn til at det kjem til å skje?
– Per i dag er det lite som tyder på det. Det einaste lyspunktet når det gjeld å ta tak i handel med mat, er EU og nokre enkeltland, men det kjem ikkje til å skje noko utan rørsle frå andre tunge aktørar i tillegg til EU. Det er mange lyspunkt med Biden-administrasjonen når det gjeld klima, men vi har ikkje sett noko særleg å glede oss over så langt når det gjeld handelspolitikken, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi treng ein liknande strategi her, sjølv om han ikkje kjem til å sjå lik ut.
Olav Kjørven, strategisjef
i stiftinga EAT
Fleire artiklar
Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Foto: Sigbjørn Berven
Solide røter
Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.
Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.
Foto: Cappelen Damm
Den tunge kampen mot bileufori
Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.