JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

17. mai ti år etter grunnlovsreforma

I 2014 vart menneskerettane tekne inn i Grunnlova. Det var ikkje berre ei symbolhandling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dåverande statsminister Erna Solberg (H) poserer ved fotostand på Eidvollsbygningen 20. mai 2014, 200 år etter at eidsvollsmennene klista saman ei norsk grunnlov frå europeiske og amerikanske fragment.

Foto: Berit Roald / NTB

5610
20240516
5610
20240516

Kva feirar vi 17. mai? Mange vil nok svare at vi feirar sjølvstendet og fridomen vi fekk med Grunnlova i 1814, etter fleire hundreår i union med Danmark. Dette historiske perspektivet vil gå att i dei mange 17. mai-talane rundt om i landet i år. Eg føreslår at vi like mykje feirar at det er ti år sidan vi fekk ei «ny» grunnlov.

Heilt ny er Grunnlova ikkje. Ho er framleis datert 17. mai 1814, og vi finn framleis nokre paragrafar som har stått uendra sidan då. Men dei aller fleste paragrafane har blitt endra éin eller mange gongar opp gjennom åra, til saman langt over 300 gongar. Dei viktigaste grunnlovsendringane i nyare tid kom på denne tida for ti år sidan. Det var 200-årsjubileet for Grunnlova som gjorde at Stortinget fekk ånda over seg og ville reformere Grunnlova. Jubileumsgåva var ein nynorsk grunnlovstekst og menneskerettar.

Nye menneskerettar

Der Grunnlova før verna eit fåtal rettar som grunnlovsfedrane i 1814 meinte var viktige, som ytringsfridomen, eigedomsretten og forbod mot tortur, kom det no til mange fleire, som familie, privatliv, personleg integritet og likeverd, retten til liv og forbod mot umenneskeleg og nedverdigande behandling, krav til rettvis rettargang og forbod mot vilkårleg fridomstap, rett til demokratisk deltaking gjennom frie og hemmelege val og forsamlingsfridom, rett til utdanning og ein særskilt paragraf om rettane til born.

«Grunnlovsfestinga av menneskerettane skal verne oss dersom demokratiet skulle forvitre ein gong i framtida. Det er verdt å feire.»

Det var likevel eit litt nervøst storting som vedtok eit nytt kapittel om menneskerettar i Grunnlova. Partia hadde og har framleis ulike syn på kor mange og kva type rettar som høyrer heime i Grunnlova. Difor var Stortinget oppteke av at menneskerettsreforma ikkje skulle endre det vi juristar kallar gjeldande rett. Vi skulle altså få menneskerettar i Grunnlova, men ikkje nye eller fleire rettar.

Det kan høyrast litt rart ut at ei grunnlovsendring ikkje skal endre noko. Det Stortinget meinte, var at alle dei menneskerettane som vart skrivne inn i Grunnlova, alt gjaldt som norsk lov gjennom Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og andre menneskerettskonvensjonar.

Vern mot kriser

Dersom grunnlovsfestinga av menneskerettane ikkje skulle endre gjeldande rett, var grunnlovsfestinga i 2014 berre ei symbolhandling? Nei, så lett er det ikkje. Grunnlova er ikkje som andre lover, som eit vanleg fleirtal på Stortinget kan oppheve eller endre på ei veke. For å endre Grunnlova må grunnlovsframlegg «kvile» over eit stortingsval og deretter vedtakast med to tredjedels fleirtal. Forseinkinga og det auka fleirtalskravet gjer at rettane i Grunnlova kan stå seg mot knappe politiske fleirtal som vil rive ned demokratiet eller rettsstaten eller undertrykke mindretalet. Funksjonen til Grunnlova er å tryggje særleg viktige ordningar og verdiar for staten mot raske endringar drivne av særinteresser.

EMK gjev ikkje eit slikt vern av menneskerettane av di konvensjonen gjeld som lov og kan opphevast av eit vanleg fleirtal på Stortinget. Det kan høyrast usannsynleg ut at eit stortingsfleirtal skal finne på noko slikt, men det er berre å sjå over Nordsjøen. I Storbritannia har statsminister Rishi Sunak lenge truga med at landet kan forlate EMK, etter at menneskerettsdomstolen i 2022 la ned forbod mot planen til regjeringa om å sende asylsøkjarar til Rwanda.

Dette er grunnen til at menneskerettsreforma i 2014 var viktig, trass i at Stortinget meinte grunnlovsendringane ikkje skulle endre noko. Grunnlovsfestinga av menneskerettane skal verne oss dersom demokratiet skulle forvitre ein gong i framtida. Det er verdt å feire.

Ei europeisk grunnlov

Ein kan likevel spørje om ikkje menneskerettsreforma har endra norsk rett. Av di dei same rettane finst i Grunnlova og i EMK, meinte Stortinget at grunnlovsrettane burde tolkast på same måte som menneskerettsdomstolen i Strasbourg tolkar dei parallelle rettane i EMK. Tanken var at rettane er dei same etter Grunnlova som etter EMK. Så langt har Høgsterett lojalt følgt menneskerettsdomstolen. Konsekvensen er at innhaldet i menneskerettane i Grunnlova i praksis blir utvikla av menneskerettsdomstolen og ikkje av Høgsterett.

Her ligg det ein kime til konflikt: Kva om menneskerettsdomstolen går mykje lenger i tolkinga av menneskerettane enn Stortinget såg føre seg i 2014? Til dømes har menneskerettsdomstolen nyleg tolka EMK slik at han vernar individa mot skadelege følgjer av klimaendringar. I ei avgjerd mot Sveits påla domstolen medlemsstatane å etablere eit nasjonalt rettsleg rammeverk for å nå klimamåla. Her gjekk menneskerettsdomstolen mykje lenger enn Høgsterett gjorde i den norske klimasaka i 2020.

Parallell

Retten til privatliv som menneskerettsdomstolen viste til, har ein parallell i Grunnlova paragraf 102. Høgsterett har i tidlegare saker tolka denne grunnlovsføresegna med utgangspunkt i avgjerdene frå menneskerettsdomstolen.

Betyr avgjerda til menneskerettsdomstolen at også Grunnlova no pålegg Stortinget konkrete klimamål? Det siste ordet ligg til Høgsterett. Eg tippar at dei øvste dommarane i riket vil svare ja.

Om du synest denne europeiseringa av Grunnlova – sjølve symbolet på Noreg – er ein trugsel mot den fridomen vi feirar 17. mai, så tenk på dette: Den grunnlova riksforsamlinga vedtok i 1814, var mest av alt klipp og lim frå franske og amerikanske grunnlover og europeiske idear.

Eirik Holmøyvik er jussprofessor ved Universitetet i Bergen og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis