JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Kostbar ­vaksineskepsis

Kor mykje kostar det å behandla ein uvaksinert covidpasient som hamnar på intensivavdeling? Vi snakkar truleg om minst éin million kroner. Om vi derimot ser på samla samfunnskostnad, snakkar vi om langt høgre tal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Demonstrasjon ved rådhuset i Oslo mot koronatiltak i november 2020.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

10985
20220107

Koronautgifter

Holden-utvalet, som såg på kostnader ved pandemien, sa i byrjinga av pandemien at dei rekna med at kvar covidpasient som vart lagd inn på intensivavdeling, kosta 800.000 kroner.

Eit norsk sjukehus har sendt ei rekning på 5 millionar for behandling av ein covidpasient til heimlandet til pasienten.

Covid-19

jon@dagogtid.no

No skal vi taka opp nokre vanskelege spørsmål som det ikkje finst veldig gode svar på. Det som vert skrive her, er basert på statistikk og bakgrunnssamtalar. Spørsmåla er kva uvaksinerte kostar oss, og om vi gjev for god behandling til for mange. Kostnadsoverslag er noko helsevesenet held på med konstant, det er difor staten har eit eige prioriteringsutval.

Fyrste høyrer det med å nemna at Noreg har god vaksinedekking. I skrivande stund har 79,5 prosent teke minst éin dose, 72,7 har teke to dosar, og 28,8 prosent har fått tre dosar. Island er best i Norden, dei har 82,7 fullvaksinerte, altså minst to dosar. Best i Europa er Portugal, som har fullvaksinert 89,6 prosent. Men så har dei òg vaksinert langt fleire born enn andre land.

Truleg er dei norska tala til og med betre enn dei offisielle tala viser. Noreg er eit av Europas fremste innvandringsland, og ein del som står som uvaksinerte i våre journalar, har truleg fått vaksine i heimlandet. Men det er ikkje til å koma forbi at rundt 5–6 prosent av vaksne som bur i Noreg, ikkje ser ut til å ha planar om lata seg vaksinera. I skrivande stund er 7 prosent av dei over 18 som bur i Noreg, registrerte som uvaksinerte.

Og nei, det er ikkje slik at mange ikkje kan taka vaksinane på grunn av ein eller annan underliggjande sjukdom. Det finst ikkje såkalla kontraindikasjonar mot vaksinen. Ja, nokre særs få kan få allergiske reaksjonar. Desse promillane av promillar kan ikkje få same vaksinen igjen. Det er rett at nokre særs få har fått myokarditt, infeksjon på hjartemuskelen, etter å ha teke Moderna-vaksinen. Før jol var det publisert ein studie i Nature Medicine på 38 millionar vaksinerte britar over 16 år. Risikoen for å få myokarditt var mykje høgre etter å ha fått covid enn etter å ha fått vaksine.

Tiltaka

Det er mykje på grunn av dei uvaksinerte vaksne vi i dag har covidtiltaka, som i all hovudsak botnar i at vi skal hindra at kapasiteten på norske intensivavdelingar vert sprengd. Ein kan sjølvsagt velja ein alternativ tanke, at styresmaktene ikkje hadde stengt ned, og kva som hadde skjedd då, men det vert ein hypotetisk tanke vi ikkje diskuterer her.

Aftenposten henta inn tal for nye innlagde på norske sjukehus i veka før jol. Dei målte talet på innleggingar per 100.000 vaksinerte og innleggingar per 100.000 uvaksinerte. I den siste gruppa var 32 per 100.000 innlagde. Av vaksinerte var talet 2,1 per 100.000. Her høyrer det med å nemna at vaksinerte ligg mykje kortare tid på sjukehus enn uvaksinerte.

Sagt i klartekst: Vaksinering vernar oss i svært stor grad mot sjukehusinnleggingar og sparer oss som samfunn for særs mange milliardar, i form av både redusert trong til behandling og redusert trong til tiltak. Om alle vaksne valde å vaksinera seg, hadde det norske samfunnet fungert som vanleg no.

Den gode nyhenda er at vi truleg er ved enden av tunnelen. Omikronvarianten er så smittsam at vi alle skal få det, både vaksinerte og uvaksinerte. Når alle dei uvaksinerte har fått omikron, er pandemien over om ikkje ein ny og styggare variant dukkar opp. Om vi ikkje får ein ny variant, er pandemien truleg over i mars eller april.

Manglar tal

Det underskrivne mellom anna har prøvt å finna ut, er kor mykje kvar intensivpasient med covid kostar oss. Svaret er at vi ikkje har gode og konkrete tal. Men ved starten av pandemien fekk det såkalla Holden-utvalet laga eit sjablongreknestykke på basis av timeverk og nokre formlar som har vore nytta på intensivpasientar i tidlegare granskingar. Dei kom til at kostnaden var 50.000 kroner per intensivdag, og at pasientane i gjennomsnitt vart liggjande på intensivavdeling i 16 dagar. Svaret vart altså 800.000 kroner.

Men svaret er ikkje særleg godt, gjennomsnittstal er ofte ikkje det. Ein sjukehustilsett fortel at dei hadde inne ein person frå eit land utanfor EØS-området. Pasienten låg inne i to månader, halvparten av tida på intensivavdeling. Sjukehuset såg på kor mange timar dei hadde nytta på pasienten, all medisinen han hadde vorte gjeven, og dei ulike undersøkingane han hadde fått. Sjukehuset sende av garde ei rekning på 5 millionar kroner til heimlandet, ei rekning dei ikkje hadde noka von om å få oppgjord.

USA

I USA opererer dei òg med heilt andre tal enn Holden-utvalet. Uvaksinerte pasientar på intensiv i Oregon låg i haust inne i 17 dagar når dei fyrst fekk intensivbehandling. Gjennomsnittsrekninga sjukehusa sende forsikringsselskapa, var på 248.000 dollar, eller 130.000 kroner per dag. Men dette er i eit profitt- og forsikringsbasert system.

Grunnen til at vi ikkje har gode tal eller kjem til å få gode tal på kor mykje kvar innlagd covidpasient kostar oss, ligg mykje i korleis sjukehusa våre vert finansierte. Planlagd behandling vert finansiert som butikk. Kjem ein pasient inn og skal få ei ny hofte eller verta hjarteoperert etter ein standardprosedyre, utløyser det ein konkret sum til sjukehusa. Men om noko går gale og pasienten hamnar på intensiven, vert kostnadene til dette dekte av ei sekkeløyving.

Finansieringsmodellen gjer det altså lønsamt å ha låg intensivkapasitet. Nye bygg og nytt utstyr finansierer norske helseføretak gjennom å gå med overskot. Mange hofteoperasjonar inneber høgre overskot, mange intensivpasientar inneber underskot. Det er ein av grunnane til at intensivkapasiteten i Noreg er såpass låg.

To måtar

Men om ein verkeleg skal finna ut kva ein intensivpasient kostar, finst det to måtar å tenkja på. Ein ser på alle timane eit sjukehus har nytta på ein pasient. Så ser ein på løna dei tilsette får, og så trekkjer ein frå tida dei tilsette har nytta på andre pasientar. Deretter må ein spørja om pasienten til dømes fekk røntgen eller ikkje. Dette er ein særs tidkrevjande operasjon. Ein må enkelt og greitt finrekna og nytta mykje byråkrati. Det er òg ein av grunnane til at ein fjerdedel av kostnadene amerikanske forsikringsselskap og sjukehus har på ein pasient, er administrasjonskostnader.

Ein annan måte å rekna på er å sjå på budsjetta til avdelingane. Ein splittar opp talet på liggjedøgn per pasient og deler så desse med det samla budsjettet. Men så har ein administrasjonsavdelingar og andre tilsette og så bortetter. Kvar høyrer dei heime i kostnadsbiletet? Og ingen pasient er ein gjennomsnittspasient. Undervegs i pandemien har vi tillegg fått nye medisinar, som ofte er særs dyre, og dessutan har vi fått stadig meir sofistikerte behandlingsmetodar. Ein intensivpasient i dag er truleg dyrare enn ein intensivpasient i byrjinga av pandemien.

Om vi likevel skal koma med ei kvalifisert gissing, er tala til Holden-utvalet om kostnadene per covidpasient på intensivbehandling for låge. At ein uvaksinert covidpasient som må på intensivavdeling, kostar over 1 million kroner i gjennomsnitt, er neppe ein heilt feil påstand.

Sjukeheimar

Så til det andre spørsmålet: Legg vi inn for mange på intensiven? Prøver vi å berga for mange pasientar som likevel snart skal døy? VG har heile tida under pandemien drive med omfemnande innhenting av statistikk og samanlikna Noreg med andre nordiske land. VG samanliknar per 100.000. I skrivande stund ligg det inne 5,6 covidpasientar på norske sjukehus per 100.000. I Danmark er det same talet 13,3. Her høyrer det igjen med å nemna at Danmark i langt større grad enn Noreg har vore viljug til å lata omikron gå gjennom samfunnet, men òg testar mykje meir enn vi gjer her heime.

Underleg nok har Danmark langt færre innlagde på intensiv enn Noreg. I Danmark får 1,3 covidsjuke no intensivbehandling per 100.000, i Noreg er det same talet 1,8. Vi har altså langt fleire på intensivavdelingar enn Danmark sjølv om vi har eit mykje lægre registrert smittetrykk, og slik har det vore under heile pandemien. Noreg ser tilsynelatande ut til å driva med overbehandling av covidpasientar.

For enkelt

Dette vert diverre ei altfor enkel samanlikning, meiner dei vi har snakka med. Å samanlikna intensivbehandlinga i ulike land er notorisk vanskeleg. I starten av pandemien var det til dømes slik at Danmark hadde høgre gjennomsnittsalder på sine intensivpasientar med covid enn Noreg hadde. Det tyder på at Danmark har vore meir viljug til å behandla eldre pasientar enn det Noreg har vore.

Og det er på ingen måte nokon automatikk i at eldre har fått intensivbehandling i Noreg. Dei færraste som er på sjukeheim og får covid, har vorte innlagde i Noreg. Om lag halvparten av dei vel 1300 i Noreg som har døydd med covid, har døydd på sjukeheim. Og om lag halvparten av dei som har vore innlagde på sjukehus, har døydd på ein intensivpost. Altså har om lag ein fjerdedel av dei som har døydd med covid i Noreg, døydd på ei intensivavdeling.

Organisering

At tala for intensivbehandling er så ulike som VGs tal tyder på, kan handla om organiseringa av sjukehus i dei ulike nordiske landa. Kvar plasserer ein til dømes avansert medisinsk utstyr på dei ulike avdelingane? Eller slepper ein i det heile teke inn pasientar på sjukehus? Noreg har heile tida under pandemien prøvt å unngå å leggja inn pasientar, både av di sjukhusa har sett at smitta som regel greier seg godt heime, og av di ein vil unngå smitte på sjukehus.

Når Noreg har relativt mange på intensiv, kan det faktisk tyda på at vi har hatt ein høgre terskel for å leggja smitta inn på sjukehus. Det at Noreg har relativt mange på intensiv, viser kanskje at ein må vera verkeleg sjuk av covid før ein får behandling. Dessutan har Noreg mykje høgre del positive testar enn Danmark, noko som er ein sterk indikasjon på at Noreg har store mørketal med smitta samanlikna med Danmark. Med åra vil vi få betre svar her.

Mykje dyrare

Dei store kostnadene ved at ein del har valt ikkje å vaksinera seg, kjem likevel ikkje frå behandlinga av dei, sjølv om den ofte kjem på over éin million kroner, men mellom anna av di uvaksinerte fortrengjer andre pasientar. Ja, sjukehusa er der, personalet er der, men for kvar uvaksinert som må få behandling, er det nokre andre som ikkje får behandling.

Men heller ikkje det er den største kostnaden. Den suverent største kostnadene uvaksinerte påfører oss, kjem på grunn av tiltaka ute i samfunnet, tiltak regjeringa meiner vi må gjennomføra for å hindra at kapasiteten på intensivavdelingar og sjukehus vert sprengd. Om vi tenkjer slik, er kostnaden per smitta uvaksinert intensivpasient ikkje éin million, men fleire titals millionar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det tyder på at Danmark har vore meir viljug til å behandla eldre pasientar enn det Noreg har vore.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis