JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Forsvarar privat tilbod

– Dei som får tilbod om NIPT gjennom private aktørar, skal få eit fagleg forsvarleg tilbod, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke i Helsedepartementet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2392
20210924
2392
20210924

eva@dagogtid.no

Då Helsedirektoratet i fjor haust greidde ut korleis tilbodet om tidleg ultralyd og NIPT kunne innførast i helsetenesta, fekk dei innspel frå eit breitt samansett fagmiljø.

Fagfolk frårådde at private aktørar skulle kunne tilby NIPT, og meinte òg at analysane av fostertesten burde gjerast ved offentlege medisinsk-genetiske avdelingar.

Ingen av dei to råda er følgde opp av regjeringa. I godkjenningsordninga for private som ønskjer å tilby NIPT, går det fram at dei kan inngå analyseavtale med private laboratorium òg.

Dei regionale helseføretaka har bede departementet om høve til å kunne tilby NIPT til gravide under 35 år mot eigenbetaling for pasienten, men ønsket vart avvist utan grunngjeving. 

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) i Helse- og omsorgsdepartementet seier vedtaket frå Stortinget prioriterer offentleg finansiering, der den gravide har auka risiko for å få barn med kromosomavvik.  

– I helsetenesta er det vanleg å prioritere ressursar til dei som har størst risiko for sjukdom. Dette er bakgrunnen for at NIPT for gravide som ikkje har auka risiko for trisomiar, berre skal tilbydast i privat regi, svarar ho Dag og Tid i e-post.

– Fostermedisinarar meiner at det av ei rekkje grunnar ville vore betre fagleg om alle genetiske analysar av ufødde foster vart utførte i offentleg sektor. Korleis vurderer de det?

– Stortinget har vedteke at også private skal kunne tilby NIPT. Bakgrunnen for krava i godkjenningsordninga er at også gravide som får tilbod om NIPT gjennom private aktørar, skal få eit fagleg forsvarleg tilbod.

Bjerke syner til at private som vil tilby NIPT, må søkje godkjenning og oppfylle diverse krav. Det gjeld krav til kompetanse, både hjå den private aktøren og ved laboratoriet han samarbeider med, og til dokumentasjon av analysane og kompetansen.

– Vert det påvist auka sannsyn for trisomi hjå fosteret, skal den private verksemda ha kompetanse til å gje naudsynt informasjon og genetisk rettleiing og gje informasjon om gjeldande rettar og aktuelle hjelpetiltak. Verksemdene skal i søknaden om godkjenning skildre korleis oppfølginga skal skje, og rutinar for å sende den gravide vidare til fostermedisinsk avdeling, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis