Helse
Ein tom mage forlengar livet
Fasting, å gje kroppen periodar då han ikkje får kaloriar, er etter alt å døma særs sunt, både for frisk og for sjuke.
Foto: NTB Scanpix / Gorm Kallestad
No må du eta! er vel den setninga nordmenn flest har høyrt oftast frå bestemødrer. Men det er ikkje sikkert at all denne etinga er så sunn. Ja, vi veit alle at forskingsfronten er omskifteleg. Men gullstandarden er såkalla metagranskingar, som er ei oppsummering av forskingsfeltet. Og den høgste standarden er det New England Journal of Medicine som står for. I artikkelen «Effects of Intermittent Fasting on Health, Aging, and Disease» går dei to meritterte forskarane Rafel de Cabo og Mark P. Mattson gjennom det etter kvart store forskingsfeltet fasting.
For å taka konklusjonen med ein gong: Fasting er lurt, fasting reduserer aldring og reparerer skadar i kroppen. Fasting gjer at vi kan leva lenger. Nei, det handlar ikkje berre om at dei fleste av oss har godt av å gå ned i vekt. Fasting er ikkje det same som slanking, fasting er noko meir. Fasting reduserer inflammasjonar, gjev oss betre motstand mot stress og betre glukoseregulering. Kroppen har kort sagt godt av å få ein pause frå fôringa, som gjer at cellene veks, medan fasting fører til reparasjon, for å seia det litt for enkelt.
Evolusjon
At det er slik, botnar truleg i evolusjon. Ja, det har vorte sagt altfor mange gonger som det er, men det er altså slik at vi menneske har vore bønder i nokså kort tid av vår eksistens. Før var vi jegerar og vandrarar. Mat var noko vi av og til fekk mykje av, og av og til knapt noko av. Det var langt frå sikkert at vi fekk mat kvar dag, og dei som tolte eit regime der mat ikkje støtt var tilgjengeleg, var dei som overlevde og fekk avkom. Slik var det for dyr, og slik var det for menneske. Ingen i steinalderen fekk tre måltid per dag, pluss snacks framføre fjernsynet. Vi voks når vi fekk mat, vi reparererte vekstskadane når vi svalt. Og ja, vi makta å jakta sjølv om vi svalt, for hadde vi ikkje det makta, ville vi svolte i hel.
Vi har nok ikkje like sikre funn frå menneske som vi har frå dyrestudiar. Men funna frå dyrestudiar er klare: Fasting reduserer skadane frå kroniske lidingar dramatisk, det vere seg mot overvekt, hjarte- og karsjukdomar, kreft og hjernenedbryting, slikt som alzheimer og dårleg minne. Ja, fasting fører faktisk til at dyr får betre resultat av både kondisjons- og styrketrening.
5–2-diett
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.