JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Abortutvalet under overleveringa av NOU 2023: 29 «Abort i Norge - Ny lov og bedre tjenester». Utvalsleiar Kari Sønderland i grønt saman med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Heiko Junge / NTB

8150
20240412

Samtalen

Kamzy Gunaratnam er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet

Ho har fått ansvar for å få stortingsfleirtal for ny abortlov

Foto: Stortinget

Abortlova

pernille@dagogtid.no

Førre veke kom nyhendet om at helseminister Ingvild Kjerkol vil ha ei ny abortlov på plass i løpet av 2024. Lovframlegget vil følgje tilrådingane frå fleirtalet i abortutvalet om å utvide abortgrensa til 18 veker og fjerne dei omstridde abortnemndene. Kjerkol fekk straks motbør frå statsrådkollega Kjersti Toppe (Sp), som til den kristne nettavisa Verdinytt sa at ho vil gå imot framlegget. Olaug Bollestad i KrF kalla framlegget direkte uansvarleg.

Kamzy Gunaratnam er stortingsrepresentant for Ap, og har vorte kalla partiets abortgeneral på Stortinget.

– KrF meiner ei abortgrense på 18 veker vil redusere vernet av det ufødde livet og føre til eit sorteringssamfunn. Er ikkje det ei alvorleg innvending?

– Eg går ikkje med på premissane til KrF. Bollestad lèt som om KrF forsvarar det abortsystemet og den lova vi har i dag. KrF ønskjer å innskrenke sjølvråderetten til kvinnene, så den kritikken frå Bollestad kan eg ikkje forhalde meg til, seier ho.

– Når det gjeld nemndene, så heng ikkje argumentasjonen til KrF på greip. Det store vernet om retten til det ufødde livet står og fell ikkje på om vi har nemnder eller ei. Dei aller fleste kvinner får jo innvilga abort i dag, også etter veke 12, i nemndene. Om vi skal ta vernet om det ufødde livet på alvor, så er det med andre verkemiddel. KrF set barn med Downs syndrom opp mot ei liberal abortlov. Om dei verkeleg ønskjer å verne om folk som er annleis, må dei vere med på å skape eit samfunn som er bygd for slike. Eit døme på det er å få FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) inn i menneskerettslova i 2021. Det framlegget stemde KrF imot.

«Målet er ikkje at fleire skal ta abort, men at dei som treng abort, får det.»

Kamzy Gunaratnam, stortingsrepresentant (Ap).

– Slike standpunkt kjem også frå parti som er for sjølvråderett i abortspørsmålet, til dømes frå regjeringspartnaren dykkar, Senterpartiet. Er kritikken annleis når det kjem frå dei?

– Sp er jo, som du seier, for sjølvråderett, så utgangspunktet for diskusjonen vert heilt annleis. Difor kan eg vere litt mildare mot dei. Eg veit jo at fleire av representantane hjå Sp ønskjer ei utviding av dagens abortgrense. Sp er ikkje imot sjølvråderett i seg sjølv. Det er ein viktig skilnad. Samstundes gjeld nemndsargumentet her òg. Vi kan ikkje tru at det er nemndshandsaminga i seg sjølv som skal verne det ufødde livet. Når det gjeld vern om det ufødde livet-retorikken, så vil eg berre seie at det er ingen stader der samfunnet har klart å få kvinner til å bere fram barn dei ikkje ønskjer. Det som skjer då, er at kanskje også kvinna mister livet.

– Nemndshandsaming skal jo nettopp verne om det ibuande menneskeverdet til fosteret, uavhengig av kvinna si stilling.

– Det er berre kvinna som veit kva som er best for livet hennar. Og det er ingen som er ein sterkare forkjempar for sin eigen graviditet enn nettopp kvinna. Vi må respektere valfridomen og sjølvråderetten hennar, og ikkje minst: respektere livssituasjonen til ulike kvinner. Det vert ikkje meir etisk av å sende kvinner gjennom ein ekstra strafferunde fordi nokon andre skal ta ei avgjerd som det berre er kvinna som skal leve med. 

– Utvalet peiker på at nemndene ikkje har nokon einskapleg praksis. Kunne dei vore organisert betre, slik mindretalet peiker på, og like fullt vorte oppretthalde?

– Det er faktisk føreslått ei ny organisering av nemndene. Men støtta skal kvinna få gjennom rettleiing og oppfølging, ikkje ved at nemnda avgjer abortspørsmålet, meiner vi. Det er skilnad på at nokon stiller opp for deg, og at nokon avgjer for deg.

– Nokre angrar jo på aborten, dei kunne vel ha funne støtte i ei nemnd som kunne ha fatta ei avgjerd?

–Absolutt, og difor er rettleiing og oppfølging viktig. Vi veit at omtrent alle som ønskjer abort mellom veke 12 og 18, får innvilga abort. Sjølv med ei nemndhandsaming er det kvinna som må be om aborten. Det vert korkje meir eller mindre sannsynleg at nokon angrar, om dei går gjennom ei nemndhandsaming som nesten alltid endar i eit ja.

Akerselva Kvinnekor syng bak ei parole, 8. mars 2019. Ifølgje Ingvild Kjerkol får dei det som dei ville.

Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Eit mindretal i abortutvalet meiner ei abortgrense på 18 veker ikkje er i takt med folkemeininga. Dei viser til ei undersøking frå SSB i 2021 der 47 prosent av dei som svara, ønskte å halde på 12-vekersgrensa. Er det noko i det?

– Om vi berre skal høyre på meiningsmålingar, treng vi ikkje politikarar. Denne målinga er uansett laga før den offentlege utgreiinga kom, altså i 2023. Ei av dei største og mest gledelege overraskingane med utvalet er jo at det var så brei semje om kva som skulle vere vegen vidare. Det meiner eg syner at jo meir og djupare vi jobbar med desse verdispørsmåla, jo likare vert røyndomsoppfatninga vår. Eg trur at det grundige arbeidet til abortlovkommisjonen har endra folkeopinionen.

– Eit mindretal, Elham Bhagestan, meiner abortgrensa bør liggje på 22 veker. Helse Bergen HF skriv det same i eit høyringssvar. Det er inga medisinsk grunngjeving for å setje grensa på 12 veker, meiner dei, og denne vil vere meir i tråd med internasjonale konvensjonar vi er slutta til. Kvifor 18 veker?

– Personleg har eg sympati for det standpunktet. Når det er sagt, så er det ikkje fleirtal for 22 veker i Stortinget, det vil ikkje vere mogleg å få gjennomslag for det slik situasjonen er i dag. Politikk handlar om å finne ut kva som er mogleg. Så 18-vekersgrensa ligg fast. Vi må ikkje gløyme at framlegget til ny abortlov er ei heilskapleg pakke, med mange andre punkt enn berre abortgrensa. Vel så viktig er spørsmål som til dømes om kvinner får god nok abortrettleiing og -oppfølging i primærhelsetenesta. Ikkje minst må lova òg vareta omsynet til dei kvinnene som bur i distrikta. Retten til sjølvråderett må vere lik for alle kvinner, uansett kor dei bur.

– Til Aftenposten førre veke seier du at abortlova må vere der for dei som ikkje ønskjer seg barn. Kan ikkje friviljug barnlause verte varetekne med betre prevensjonsrettleiing eller rettleiing kring familieplanlegging? 

– Nei. Den setninga representerer ein langvarig fridomskamp. Vi kan ikkje sitje i Noreg og seie at vi har eit fritt samfunn om kvinner må få løyve frå andre når dei skal ta val om det å få barn. Ein tredjedel av dei som har søkt abort dei siste åra, var folk som brukte prevensjon. Vi veit ikkje kvifor dei enda der, og derfor kan vi ikkje gjere oss til overdommarar. 

– For ti år sidan handsama vi ein handlingsplan mot uønskt svangerskap og abort i Oslo bystyre. Då hugsar eg innvandrarkvinner som ikkje nytta prevensjon, og som fekk barn som ikkje var ønskte. Det er klart ein må arbeide parallelt med familieplanlegging og prevensjonsrettleiing, ikkje minst overfor marginaliserte grupper. Abort er jo på ingen måte eit mål i seg sjølv. Men det vi ønskjer, og som er viktig, er at dei som treng abort, får det utan å måtte gå gjennom ein tung og nedverdigande prosess. Abortutvalet synte kor mange kvinner som opplevde nemndene nærast som ei straff.

– Dykkar eigen regjeringspartnar Sp vil halde på ei grense på 12 veker. Helsepolitisk talsperson Lise Marie Ness Klungland har likevel sagt at representantane er fristilte i spørsmålet. Korleis jobbar de for å få dette igjennom?  

– Fyrst og fremst er eg glad for at abortutvalet gjorde eit så godt førearbeid. Eg meiner at tilrådingane til utvalet står seg godt. Eg kjem ikkje til å angripe nokon andre parti enn KrF. Strategien til Arbeidarpartiet er å skolere kvarande, å ta kvarandre i beste meining, slik at vi kan få på plass ei lov i 2024. Vi har fått signal som tilseier at 80 representantar vil røyste for. Då manglar vi fem stemmer. I Frp har alt sju representantar gått ut og varsla at dei vil røyste for framlegget. Det tyder at vi får fleirtal. Men røynsla syner at nokon kan kome til å trekkje seg i siste liten, fordi den politiske semja ikkje er brei nok. Difor er det viktig med tverrpolitisk semje. Det ser ut til at vi har det, akkurat no.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis