🎧 Det kompliserte koronalandskapet
Same kor få innlagde det er på sjukehusa, synest det no klart at tiltaka mot korona kjem til å vera på plass til vaksineringa byrjar. Kven skal betala rekninga? Framtida.
Helse- og omsorgsminister Bent Høie, med rett brukt munnbind, etter nok ein pressekonferanse om koronasituasjonen. Politikarane vert populære når dei vernar oss mot fare.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Bakgrunn
Offentleg forvalting har tapt 457 milliardar på koronaen, trur Finansdepartementet i revidert statsbudsjett.
Medan talet på smitta har gått kraftig opp, har talet på innlagde på sjukehus gått kraftig ned.
Det er ein månad sidan to personar var på respirator i Noreg. No er talet null.

Lytt til artikkelen:
Korona
jon@dagogtid.no
Mange som les dette, fekk sin inngang til svart og tragisk humor gjennom romanen Catch 22 av Joseph Heller. Hovudpersonen er Yossarian, som er ein del av ein amerikansk bombeskvadron under andre verdskrigen i Europa. Yossarian er forståeleg nok heilt knekt over dei stadige bombeåtaka mot Tyskland han er ein del av. Dødsrisikoen er nemleg ekstrem, til dømes døydde 45 prosent av dei som var med i den britiske Bomber Command. Yossarian meiner at han vert galen av risikoen, og er du galen, skal du verta dimittert og sleppa å flyga meir.
Men, seier paragraf 22, som i boka var ein del av regelverket til det amerikanske flyvåpenet, om du hevdar du vert galen av å flyga, er det eit prov på at du veit at det er høg risiko, det er normalt å vera redd for å flyga bombefly. Då er du ikkje galen. Dessutan må du be om å verta dimittert om du meiner du er galen. Men seier du at du er galen, er det eit prov på at du tenkjer rasjonelt, og då er du ikkje galen. Kort sagt: Paragraf 22 enda i den paradoksale effekten at anten du var galen eller ikkje, måtte du halda fram med å flyga sjølv om regelverket sa at galne ikkje skulle flyga.
Paradoksalt smittevern
Ein skal ikkje strekkja analogiar for langt, men måten smittevernet rundt covid-19 vert praktisert i Noreg og mange andre land, kan minna litt om catch 22: Smittevernreglane skal vera der anten det er få eller mange smitta. Er det få som er smitta, er det eit prov på at regelverket fungerer, er det mange som vert smitta, er det eit prov på at regelverket må vera på plass for at endå fleire ikkje skal verta smitta.
Til å byrja med i pandemien skreiv norske og internasjonale aviser om kor mange som vart innlagde og døydde på sjukehus. Avisene var fulle av reportasjar og artiklar frå Wuhan, Nord-Italia, London, Stockholm og New York. Den vanlege illustrasjonen var kister med døde. Vi forstod at no måtte samfunna stengjast ned slik at færre skulle døy. No er vinklinga ei anna, no er det talet på nye smitta alt vert konsentrert om: «Norge har nå flere smittede enn Sverige.» «Snart kan Norge bli rødt». Norsk media er på ingen måte åleine om dette. Som britiske Daily Mail skreiv her om dagen: «Frankrike set med 8975 nye smitta på éin dag ny rekord». Men kva var talet på nye sjukehusinnleggingar? 28.
Både og
Trenden i EU har vore at ja, talet på smitta stig igjen, og dei stig til dels kraftig, men talet på døde og verkeleg sjuke har, med visse unntak, lenge vore på veg ned. Noreg er eit typisk døme i så måte: Medan media rapporterer om stadig fleire stadfesta tilfelle av smitte, er knapt nokon innlagde på sjukehus. Det er i skrivande stund ein månad sidan to personar var kopla til respirator med covid-19 i Noreg. I ein månad no har talet på personar med respirator vore éin eller null, i skrivande stund er talet null, og det samstundes som avisene fortel at 2300 er sett i karantene i Fredrikstad og Sarpsborg. Få skriv at det samla talet på innlagde med covid-19 er elleve i heile Noreg.
Men samstundes som færre og færre vert verkeleg sjuke av covid-19, testar vi stadig fleire. Den 31. august var godt over 18.000 testa. 99,3 prosent fekk negative svar, viser tala til FHI. Dette er sjølvsagt positivt på eitt vis: Når ein testar stadig fleire og avslører stadig fleire sjuke, samstundes som talet på innlagde og døde går ned og ned, ja, så syner det at den såkalla letaliteten, talet på døde per sjuke, er langt lægre enn vi i si tid frykta. Men baksida av at vi testar stadig fleire som ikkje har symptom, som til dømes ved handelshøgskulen i Bergen (NHH), er at vi får stadig fleire falske positive. For sjølv om covid-19-testen er god, vil det alltid vera somme som får påvist smitte utan å vera smitta. Di fleire vi testar i ei folkegruppe med store sett friske, di fleire falske positive svar får vi.
Trass alt positivt
Hovudbodskapen er likevel svært positiv i både Noreg og EU som heilskap: Ja, det er ein aukande smittetrend i store delar av Europa, men talet på innlagde og døde er stabilt lågt eller fallande. Kvifor det er slik, er det truleg mange forklaringar på, og dei spriker. Ja, det er heilt klart at for dei unge er viruset stort sett heilt ufarleg, men kvifor talet på døde mellom dei eldre har gått så mykje ned, er det vanskeleg å gje eit fullgodt svar på. Det kan ha med betre behandling og betre smittevern å gjera, men det er òg slik at færre eldre vert lagde inn på sjukehus. Same kort godt smittevernet er, skulle smitten reint statistisk råka fleire eldre når det totale talet på smitta går opp. I Noreg sette vi inn strenge tiltak i mars, og dei varte ei god stund, men likevel døydde ein del eldre. No har vi alle lenge fått vitja våre kjære på sjukeheimar, likevel er det få eller ingen eldre som vert lagde inn på sjukehus eller døyr av covid-19.
I alle høve er konklusjonen nokså klar: Det kjem ikkje ei total opning korkje i Noreg eller i EU før koronavaksinen er på plass og kan gje oss flokkimmunitet. Vert færre innlagde på sjukehus, er det eit prov på at tiltaka må vera på plass. Vert fleire registrert smitta, er det eit prov på at tiltaka må vera på plass. Grunnen til at det er slik, er truleg enkel: Folk er framleis redde, oppslag i media om covid-19 sel aviser, og politikarane vert populære når dei gjer noko som kan verna oss mot fare, reell eller ikkje. 2300 i karantene i Sarpsborg og Fredrikstad sel betre enn null med respirator.
Økonomisk usemje
Men dette får store konsekvensar for økonomien. Her skal vi ikkje taka stilling til om dei strenge tiltaka har vore fornuftige i eit økonomisk perspektiv. På økonomifeltet spreier forskarane og forskingsresultata seg minst like mykje som innanfor medisinen. Svaret på om det var fornuftig av Sverige ikkje å stenga ned, kjem til dømes heilt an på kven du spør. Nokre vil seia at Sverige har hatt like stor nedgang i økonomien som grannelanda. Andre vil seia at nedgangen i svensk økonomi kom av di dei var det einaste fornuftige landet, og svensk økonomi fekk ein knekk av di eksportmarknaden deira forsvann.
Alt no veit vi at det ikkje kjem til å verta semje om det var mest angsten eller mest tiltaka som førte til den økonomisk nedgangen. Økonomane kjem til å krangla i mange år om den brøkdelen. Det vi kan slå fast, er at rekninga for tiltaka og otten som spreidde seg mellom folk, vert høg. Før covid-19 omsette ein pub i Tromsø for 160.000 kroner på ein vanleg laurdagskveld, så forsvann omsetninga heilt, før regjeringa på ny opna opp. Då kom omsetninga etter kvart opp i 120.000 kroner. Men så kom meldinga om at det ikkje var lov å servera etter midnatt. Omsetninga ramla til 6000 kroner. Då Bernt Høie samstundes sa at han, som tidlegare ymta om, ikkje ville opna for forsamlingar på over 200 på grunn av høgre smittetrykk, vart det som kunne ha vorte ein meir normal haust for hotellnæringa, stogga. Kanselleringane frå næringslivet tikka inn, skal vi tru NHO.
Nasjonalrekneskapen
Dette vert dyrt, frykteleg dyrt. Som sjefen for Nasjonalrekneskapen, Pål Sletten, peika på i førre nummer av Dag og Tid, har balansen til offentleg forvalting, frå Nasjonalbudsjettet vart lagt fram i fjor haust til revidert no i vår, vorte forverra med 457 milliardar – truleg vert talet endå større. Som Sletten sa: «No er spørsmålet korleis rekninga skal gjerast opp.» Ja, det er rimeleg at reise- og utelivsnæringa vert kompensert når regjeringa stengjer henne ned, men rekninga er det framtida som skal betala. Dei tapte arbeidstimane får vi truleg ikkje att, korkje i Noreg eller ute i verda.
For å forstå kvifor kan vi sjå nærare på kva pengar er. Pengar er aldri ein ressurs, pengar er i hovudsak tre andre ting: 1) Pengar er eit vekslingsmiddel. I staden for å byta arbeid eller produkt av arbeid, byter vi pengar. 2) Pengar er eit sparemiddel. Pengar vi ikkje nyttar no, kan vi nytta i framtida. 3) Pengar er ei bokføringseining. Pengar fortel oss kva noko er verdt på eit gjeve tidspunkt. Summert opp er pengar «storkna mannesveitte», som Vinje sa det.
Bokføring
Pengar vert nytta til bokføring både fram og tilbake i tid. Ein av grunnane til at Nasjonalrekneskapen syner ein slik ekstrem attendegang i inntektene til offentleg forvalting, er manglande utbyte frå det staten eig. Aksjane Oljefondet eig, gjev knapt utbyteutbetalingar av di mange arbeidarar ikkje har fått høve til å produsera, og kundar ikkje har fått høve til å kjøpa. Det som gjeld for Oljefondet, gjeld òg for mykje av det staten eig her heime.
I staden for å finansiera mykje av statsbudsjettet med utbyte og renter, som er den normale måten, har vi selt – og vi kjem til å halda fram med å selja – delar av det vi eig gjennom Oljefondet. Det geniale med Oljefondet er at vi med hjelp av det får arbeidarar ute i verda til å arbeida for oss. Dimed kan vi arbeida mindre og laga færre ting som utlendingar vil kjøpa av oss. Verdien av aksjar vert sett på basis av kor mykje marknaden trur arbeidarar i framtida kjem til å arbeida og produsera, og kor mykje som vert kjøpt av det arbeidarane lagar. Når vi no sel aksjar og får pengar, som altså også er ei bokføring av framtidig arbeid, tapar etterkomarane våre arbeidskraft i utlandet. Koronaen gjer at vi både har tapt verdien av arbeidstimar no og i framtida.
Formue er arbeid
Det heile kan illustrerast med pensjon. Det er to måtar å finansiera pensjon på: framtidig skattlegging eller framtidig utbyte frå oppsparte verdipapir, som regel er moderne pensjonssystem ein kombinasjon av dei to. Er du i midten av 50-åra og går inn på Nav for å sjekka kor mykje du kan få i pensjon, vil du sjå at dei fortel deg kor mykje opparbeidd pensjonskapital du har. Truleg er talet på rundt 3 millionar. Staten seier at dette er ein garanti. Men det er det ikkje.
Alt talet seier, er at staten i framtida vil prøva å skattleggja framtidige arbeidarar så mykje for arbeidet deira at du skal få desse pengane. Det same gjeld for aksjar og rentepapir. Skal dei ha verdi, må framtidige arbeidarar gje delar av verdiskapinga si til deg. Formue er bokført noverdi av framtidig arbeid. Det finst ikkje noko sikkert pensjonssystem, like lite som pengar har ein garantert framtidig verdi. Men det som er sikkert, er at om du nyttar formuen din no, har du mindre pengar, bokført verdi, i framtida.
Dyre lækjarar
Konsekvensen av tapte arbeidstimar gjeld ikkje berre for Noreg, han gjeld for heile verda. Det er to løysingar på problemet: Den eine løysinga er å auka innsatsen. Den andre er å auka skattane.
Dei fleste vil nok vera samde i at pubeigaren i Tromsø og alle andre som har vorte tvinga til å stengja ned, skal verta kompenserte for det dei har tapt. Det kunne vi andre ha ordna gjennom å arbeida meir, utan kompensasjon. Men det kjem vi i Noreg neppe til gjera.
Den største einskilddelen av nedgangen i norsk økonomi, viser Nasjonalrekneskapen, kjem frå helse- og omsorgssektoren. Men det er berre delvis sant. Eldreomsorg har vorte gjeven fullt ut som før, ein stor del av nedgangen kjem frå lækjarkontora og sjukehusa. Ja, folk slutta å møta opp av di dei var redde for smitte, men mykje av nedgangen kom av di sjukehusavdelingar stengde ned. «Tall fra Helsedirektoratet viser stor nedgang i planlagte døgnopphold på sykehusene sammenlignet med fjoråret», skriv SSB. Sjukehusa slutta å produsera det dei produserte til vanleg. Men lækjarane vart ikkje permitterte, sjølv om dei ikkje hadde noko å gjera, dei fekk full løn. I dag har vi lange ventelister. Folk som ikkje fekk behandling, må få det no og i månadene og åra framover.
Dette vert svært dyrt, av di lækjarane må taka att det tapte, og Stortinget har løyvd og kjem til å løyva store pengar til ekstrainnsatsen, pengar som kunne ha gått til pubeigaren i Tromsø i staden. Desse pengane vert henta frå Oljefondet, som i framtida vil ha færre utlendingar til å arbeida for seg. Lækjarane kunne ha gjort denne ekstrainnsatsen gratis, sidan dei fekk betalt som normalt då dei ikkje gjorde noko. I Noreg og i Vesten har vi ikkje tradisjon for slikt. Fagforeiningar går ikkje med på å auka normalarbeidsveka frå 37,5 timar til 45, sjølv for korte periodar.
Det som gjeld for norske lækjarar, gjeld i stort. Dersom vi ikkje vil arbeida meir for å taka att dei tapte arbeidstimane, må skattane opp eller formuen ned. Igjen: Pengar, det vera seg i form av formue, som vekslingsmiddel eller bokføringseining, er ikkje noko anna enn arbeidstimar og produksjon omsette til kjøpekraft. Om dei av oss som framleis har arbeid etter koronaen, ikkje er viljuge til arbeida meir for å taka att dei tapte arbeidstimane under koronaen, kjem etterfylgjarane våre til å ha ein lægre velstand eller måtte arbeida meir.
Kunne det ha vore gjort annleis? Det er like vanskeleg å svare på som koronaen er komplisert. Denne svenske løysinga leverte ikkje så godt økonomisk. Når utlandet stengde ned, tapte svensk industri eksportmarknader og fekk vanskar med å importera. Dessutan vart også svenskane redde, og dei byrja å forbruka mindre, medan dei reduserte aktiviteten. I tillegg døydde mange. Men det kan vera at dei etter kvart gjer det betre enn andre land. Kven veit? Det som derimot er sikkert, er at når koronaen er borte, vil forskarane ha eit fantastisk rikt materiale å granska. Men, som ei rekke statsleiarar har gjort heilt klart, dei kjem ikkje til å stengja ned like mykje neste gong.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dersom lækjaren ikkje vil arbeida gratis for å taka att dei tapte arbeidstimane, må skattane opp eller formuen ned.
Oppslag om covid-19 sel aviser. 2300 i karantene i Sarpsborg og Fredrikstad sel betre enn null med respirator.
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.