JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Held fram med russiske verk

Eugen Onegin er eit verk som viser at musikk og kunst som har gått inn i den kollektive historia vår, ikkje er eigd av eit land eller imperium, seier Randi Stene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den Norske Opera & Ballett lyst opp med det ukrainske flagget i fjor. Norsk teater- og orkesterforening (NTO) stod bak markeringa.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

4882
20230217

Samtalen

Randi Stene

operasjef ved Den Norske Opera & Ballett

Aktuell

Boikott av russiske verk

sofie@dagogtid.no

Er det rett å setje opp russiske verk som teater, opera og konsertar etter at Russland i snart eit år har bomba Ukraina? Spørsmålet har skapt debatt, seinast denne veka etter premieren på Eugen Onegin ved Den Norske Opera & Ballett.

Den russiske operaen er basert på verseromanen med same namn skriven av Aleksandr Pusjkin. Musikken er komponert av Pjotr Tsjajkovskij. På Operaens eigne nettsider skildrar dei framsyninga som «et nært møte med den ungdommelige forelskelsen», og at det er ei historie «om det vi alle kjenner på: tida som går, sjanser vi ikke tok – og at vi innerst inne er alene». Randi Stene er operasjef ved Den Norske Opera & Ballett.

– Kvifor er det så viktig å setje opp operaen Eugen Onegin no?

– Innan opera arbeider me med lange planleggingshorisontar. No arbeider me med programmeringa av 2024–25 og heilt fram mot 2028–29. Dette har å gjere med at det er ein utprega internasjonal spesialisert kunstform, der songarane er trena innan stemmefag tilpassa einskildroller. Produksjonen var planlagd for fleire år sidan, og valet dreidde seg difor ikkje om me skulle setje han opp, men om me skulle kansellere. Dette verket, og andre russiske verk me har framført i Operaen det siste året, er ikkje sette opp som ein kommentar til Russlands invasjon av Ukraina. Eugen Onegin blir også framført mange andre stader i Europa, blant anna i Zürich, Wien, München og Brussel no i februar. Det er også blant dei 20 mest framførte operaverka på verdsbasis og ein produksjon som alt er i repertoaret vårt, som hadde premiere i 2020.

– Korleis kan de vere relevante for publikum i dag når de har så lange planleggingshorisontar?

– Me meiner me kan vere det gjennom kombinasjonen av kanoniserte verk, som me retolkar i vår tid og som seier noko universelt om det å vere menneske i verda, og det å skape nye, meir samtidige verk, slik som Missy Mazzolis nye opera The Listeners, som hadde urpremiere hos oss hausten 2022.

– Har Operaen sett opp ukrainske verk?

– Me har framført to mindre verk, blant anna har Operakoret spelt inn «Prayer for Ukraine» av Valentin Silvestrov.

– Komande måndag skal de ha ein panelsamtale om det er rett å setje opp russiske verk no, i lys av krigen i Ukraina.

– Me meiner at den noverande situasjon i Russland og Ukraina bør adresserast når me får kritiske spørsmål om kvifor me ikkje kansellerer historiske russiske verk.

– Burde de ikkje ha teke denne diskusjonen før de valde å setje opp Eugen Onegin?

– Som sagt, innan opera arbeider me med lange planleggingshorisontar. Denne produksjonen var planlagd for fleire år sidan. Når me no inviterer til debatt i samband med produksjonen, gjer me det fordi me får kritiske spørsmål om kvifor me ikkje kansellerer historiske russiske verk, og me ønskjer å løfte denne debatten, som ikkje berre handlar om denne spesifikke produksjonen.

– Er de redde for at dei store russiske verka skal forsvinne frå norske operascener?

– Nei, verken i Noreg eller internasjonalt. Me reknar desse verka som verdas kulturarv.

– På kva måte markerer Operaen avstand frå Russlands invasjon av Ukraina?

– Straks etter Putins invasjon avslutta me alt samarbeidet med russiske ballett- og operahus. Neste fredag, på eittårsdagen etter invasjonen, vil Operaen bli lyst opp i ukrainske fargar for andre gong for å vise støtte. Me har også spelt inn fleire ukrainske verk, som me vil synleggjere denne dagen.

– I lys av kritikken mot oppsettinga av Eugen Onegin, kor stort handlingsrom føler de at de har for å fritt kunne planlegge dei komande produksjonane?

– Me har valt å følgje Norsk Teater- og Orkesterforening, som ikkje tilrår å boikotte verk skapte i eller rundt Russland, på same måte som me heller ikkje boikottar andre historiske verk skapte av kunstnarar som har levd i andre land i ei anna tid. Me er medvitne om at dette vil vekke reaksjonar hos nokre og kanskje såre andre. Likevel vel me å spele Eugen Onegin, fordi det er eit verk som først og fremst handlar om oss sjølve. Det er eit verk som viser at musikk og kunst som har gått inn i den kollektive historia vår, ikkje er eigd av eit land eller imperium, men av menneska som skaper det og opplever det her me er. Det er viktig for oss, og det må me ikkje tape av syne.

– Planlegg de i 2024–25 og 2028–29 framsyningar av fleire russiske verk?

– Planlegginga av desse sesongane er ikkje ferdigstilt enno, men det er høgst sannsynleg at Den Norske Opera &?Ballett også vil ha historiske verk frå Russland på repertoaret i framtida. Eit døme er den tradisjonsrike Nøtte­knekkeren som blir sett opp årleg av Nasjonalballetten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis