Har satsa på ærfugl i hundre år
ISLAND: På Island er det mange som satsar på ærfugl. På ein gard på Skaganeset, som strekkjer seg ut i Nord-Atlanteren, steller dei 3000 ærfuglreir.
For vel 100 år sidan var det tre ærfuglreir på Hraun på Skaganeset. No er det om lag 3000, fortel Merete Rabølle.
Me bankar på døra til eit kvitt murhus. Der bur Merete Rabølle.
– Velkomen til verdas finaste stad, seier ho med eit smil, og inviterer oss inn.
Det er slutten av mai, himmelen er blå og klokka er tolv midt på dagen. Det er lemming på Island, og på Skagagarden er dei midt i lemminga. Merete Rabølle har nett stått opp, etter å ha sove ut etter ei lang vakenatt i sauefjøset.
ÆRFUGL OG SAUER
Island er større enn folk flest trur, og køyreturen frå Reykjavik til den nordlege delen av landet er lang. Langt nord har me svinga av frå ringvegen som ringar inn landet, og køyrd fleire kilometer endå lenger nord på ein grusveg full av hol. Det har ført oss utover langs den storslegne austsida av Skagafjördur og heilt ut på neset mot fyret. Her er det langt mellom husa, men på nordspissen ligg det ein gard og tre bustadhus. Midt i gardsvegen sit minst femti små, kvite og gråe skvatrande havterner, men dei lettar når me kjem nær nok. Havternene har ein lang tur bak seg. Dei trekkjer lengst – frå den sørlege halvkula og Antarktis og heilt opp mot Polarsirkelen. Fuglane ser fredelege ut, men Merete fortel at dei kan vera aggressive. Finn dei det for godt, hakkar dei laus i hovudet på folk som kjem gåande, og då hender det at blodet flyt.
Merete Rabølle og den islandske ektefellen Steinn Rögnvaldsson bur i det eine huset. Svogeren og svigermor til Merete bur i dei to andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.