JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Hanskane er av i laksekampen

Grunnrenteskatten på oppdrett skal berre gjelde vinstane frå sjøen. Men det er landanlegga som har blitt kampsona.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Produksjonshallen ved SalMar-anlegget på Frøya, 2010. Det er landanlegga til oppdrettsnæringa som no er råka av permitteringar.

Foto: Foto: Gorm Kallestad / NTB

10349
20221118

Grunnrenteskatt

28. september la regjeringa fram eit forslag om ein grunnrenteskatt på oppdrett av laks og aure.

Skatten skal ha ein effektiv sats på 40 prosent.

Skatten skal etter planen gjelde frå 1. januar neste år.

Inntektene skal delast likt mellom staten og kommunane.

Skatten skal reknast ut frå lakseprisen på spotmarknaden, men mykje laks blir seld til andre prisar.

Oppdrettsnæringa er sterkt imot skatten.

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Striden om grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa spissar seg til. SalMar, verdas nest største lakseprodusent, har sendt ut permitteringsvarsel for 851 tilsette på Frøya og Senja frå nyttår. Det er 45 prosent av alle tilsette i selskapet. Lerøy Seafood vil permittere 339 tilsette ved fire anlegg, NovaSea vil kutte 18 stillingar på Lovund, og alle legg skulda på grunnrenteskatten som regjeringa vil innføre. Forslaget frå regjeringa inneber ein ekstraskatt på 40 prosent for oppdrettsnæringa og eit tilsvarande skattefrådrag for investeringar i oppdrett, og skatten skulle gjelde frå 1. januar neste år. Men om det faktisk blir slik, står att å sjå. Permitteringsvarsla dei siste dagane har skrudd opp trykket på regjeringa enda nokre hakk, og ingen bør bli overraska om det kjem ein delvis retrett.

Kan hende kjem retretten alt før du får denne avisa i handa, for i dag (fredag) skal finansministeren og fiskeriministeren møte «de største aktørene i næringen. Det tror jeg kommer til å oppklare en del ting», sa statsminister Jonas Gahr Støre til NTB onsdag.

Berre på land

I skrivande stund må vi nøye oss med å sjå på bakgrunnen for krisestemninga. Permitteringsvarsla frå lakseselskapa kan ved første augekast verke rare: Dei råkar berre tilsette ved lakseslakteri eller foredlingsanlegg på land, og den industrien skal framleis ha normal bedriftsskatt i forslaget frå regjeringa. «Regjeringen har ikke foreslått grunnrenteskatt på den delen av næringen som det nå varsles permitteringer i», sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NTB. Og det er rett at grunnrenteskatten gjeld berre for sjølve oppdrettsverksemda, for det er der det er grunnrente (ekstraprofitten ein kan få gjennom eksklusiv tilgang til ein naturressurs, i dette høvet lokalitetane i sjøen). Likevel kan ein slik skatt få store følgjer også på land. Det store spørsmålet er: Kor mykje er ein kilo oppdrettslaks eigentleg verd?

Sjø og land

I forslaget regjeringa sende ut på høyring i slutten av september, skulle kiloprisen på laksebørsen – den såkalla spotprisen – vere grunnlaget for grunnrenteskatten. Oppdrettarane skulle altså ikkje skattleggjast ut frå den prisen dei faktisk har avtalt med kjøparane. Dette skulle hindre at dei store lakseselskapa kunne lure mykje av overskotet sitt unna ved såkalla internfakturering, til dømes ved å selje laksen billeg til sine eigne foredlingsbedrifter på land. Den industrien har som nemnt vanleg skattesats, og ved å flytte overskot dit kunne konserna redusere skatten frå 62 til 22 prosent.

Problemet med løysinga regjeringa valde, er at ein god del av laksen ikkje blir seld for spotpris. På laksebørsen kan prisane variere svært mykje gjennom året, og foredlingsbedrifter, daglegvarekjeder og restaurantar treng meir stabile lakseprisar. Difor blir mykje av laksen omsett gjennom fastprisavtalar som kan ha opptil eitt års lengd. Og om oppdrettarane har selt fisken sin for mindre enn spotpris, risikerer dei å bli skattlagde ut frå større inntekter enn dei faktisk har hatt. Difor førte skatteforslaget i haust til at lakseselskapa vegra seg for å inngå fastprisavtalar med kundane sine. Og det er dette som er grunngjevinga til selskap som SalMar og Lerøy for at dei no vil permittere så mange tilsette. Laksekritiske røyster meiner selskapa også har andre motiv. Næringa brukar permitteringsvarsel til å skape inntrykk av ein bransje i krise, hevda til dømes Simen Sætre, medforfattar av oppdrettshistoria Den nye fisken, i Klassekampen onsdag.

Alarm

Om desse avgjerdene er berre økonomisk motiverte, eller om det også er ei uvanleg hard form for politisk kommunikasjon, veit berre leiinga i selskapa. Det vi veit, er at permitteringar ikkje er uvanlege ved landanlegga til lakseindustrien i delar av året. Laksen veks raskast på hausten, og det blir slakta mykje meir laks seinhaustes enn på vinter og vår. I desember i fjor permitterte SalMar 600 tilsette utan at fagforeininga i selskapet slo alarm, og det vart aldri ei politisk sak. I pressemeldinga si måndag skriv selskapet sjølv at 155 av dei varsla permitteringane frå nyttår har med vanlege sesongvariasjonar å gjere.

Men i år er det altså sendt ut varsel om fleire permitteringar enn vanleg, dei tillitsvalde i SalMar har slått alarm –?og dette er definitivt ei politisk sak.

Daud marknad

For å vurdere alvoret i situasjonen må vi gå litt meir detaljert til verks. Kva er eigentleg konsekvensane når kontraktane blir borte?

I media har problemet ofte blitt presentert på ein forvirrande måte. «Kontraktmarkedet er helt dødt», sa Mowi-sjef Ivan Vindheim nyleg til E24. «Kontraktstørke for SalMar: – Stein dødt, det er null bevegelse», var tittelen på ei sak i Finansavisen denne veka. Dette høyrest ut som om det ikkje lenger fanst kjøparar til laksen. Men både laksekjøparane ute i verda og foredlingsbedriftene i Noreg vil meir enn gjerne ha nye fastprisavtalar. Det er oppdrettarane sjølve som ikkje vil inngå slike avtalar lenger, fordi dei ikkje vil ta sjansen på å bli skattlagde ut frå ein høgare laksepris enn dei faktisk har selt fisken for.

SalMar mot SalMar

I dei store konserna som har kontroll over heile verdikjeda, gjev dette paradoksale utslag. Når til dømes foredlingsleddet til SalMar permitterer folk, er det ikkje fordi det ikkje finst kjøparar til laksefiletane – supermarknadene og restaurantane er like lystne på laks som før. Det er fordi SalMar-konsernet ikkje vil inngå fastprisavtalar så lenge det rår uvisse om skatten selskapet må betale neste år. Sett på spissen: SalMar vil ikkje levere laks til SalMar-anlegga fordi SalMar ikkje vil inngå kontraktar.

Det er ikkje fare for at oppdrettarane kjem til å brenne inne med fisken. Den slaktemogne laksen som står i merdane, kan ein ikkje dytte attende til klekkeriet eller sitje på særleg lenge. Men mykje laks som normalt ville gått til foredling, blir truleg seld rund i spotmarknaden i staden. Og det vil ikkje vere rart om mange oppdrettsselskap køyrer på med litt ekstra slakting frå no og fram til nyttår, da grunnrenteskatten er tenkt å slå inn.

Hell og uhell

Problemet med fastpriskontraktane gjeld langt frå all laksen frå Noreg. Storparten av lakseproduksjonen – 60–70 prosent, er anslaget frå Sjømat Norge –?blir omsett på den opne marknaden til spotpris. Kor mykje av produksjonen som har blitt selt gjennom fastprisavtalar, varierer frå selskap til selskap og frå år til år. Vi kan nytte SalMar som døme: I 2016 selde selskapet halvparten av laksen sin på fastpriskontrakt, i 2020 og 2021 var fastprisandelen 25 prosent. Meir interessant: Korleis har prisane vore for høvesvis laks seld på kontrakt og laks seld i spotmarknaden?

Også det varierer, syner årsrapportane. I 2016 og 2017 låg fastpriskontraktane til SalMar i snitt under spotprisen, i 2018 kom dei ut omtrent likt, i 2019 og 2020 låg fastpriskontraktane over spotprisen, og i 2021 var dei under spotprisen att. Det er som i kraftmarknaden: Du kan vinne eller tape på å inngå ein fastprisavtale, alt etter korleis spotprisen utviklar seg.

Slik vil det òg vere dersom grunnrenteskatten blir innført, berre med enda mykje større utslag enn før. Er du heldig med fastprisavtalen din og får betre betalt enn spotprisen, får du meir pengar for laksen enn den inntekta du må skatte for. Er du uheldig og spotprisen blir høgare enn fastprisen du har avtalt, blir det ein fæl skattesmell for inntekter du faktisk ikkje har fått.

Sjølv om denne uvissa i prinsippet kan slå båe vegar, ser det slett ikkje ut til at oppdrettarane har lyst til å spele så høgt. Da sel dei heller i spotmarknaden. Og om foredlingsindustrien ikkje får fastprisavtalar med oppdrettarane, blir tilværet til filetprodusentane i Noreg mildt sagt vanskeleg.

Lys i husa

Korleis ein grunnrenteskatt for lakseoppdrett faktisk vil slå ut i praksis, veit vi ikkje før han eventuelt blir innført. Men omsynet til foredlinga og arbeidsplassane der er det sterkaste kortet oppdrettarane har overfor regjeringa i kampen mot skatten. Drifta av oppdrettsanlegga er i stor grad automatisert og krev ikkje mange tilsette på kvar lokalitet. Det er lakseslakteria og foredlingsanlegga som er hjørnesteinsbedrifter i ein god del lokalsamfunn langs kysten, og dei er det mange som vil slå ring om. Protestane mot den nye lakseskatten frå både politikarane, fagrørsla og befolkninga elles på stader som Frøya har vore mange og skarpe. Og «lys i husan»-argumenta til oppdrettsnæringa har stor atterklang også i rikspolitikken. «Høyre ber nå Stortinget om å gi laksearbeidere trygghet før jul», sa Linda Hofstad Helleland, næringspolitisk talsperson i Høgre, til E24 denne veka.

Store pengar

Rett nok skaper norsk laks langt fleire arbeidsplassar i andre land enn Noreg. Kring 80 prosent av laksen blir berre sløgd og slakta i Noreg og eksportert rundt til vidare tilarbeiding i Polen, Danmark eller andre land. Men dei arbeidsplassane som faktisk finst i industrianlegga her heime, har vore med på å sikre oppdrettsnæringa legitimitet. Dette har vore ein underforstått del av samfunnskontrakten for næringa og har skaffa selskapa mykje politisk velvilje.

Lønsemda i filetering og anna lakseforedling er marginal i eit høgkostland som Noreg, det er i sjølve oppdrettet at dei store pengane ligg. Og slik lakseprisane har vore i år, er dei pengane verkeleg store. SalMar hadde til dømes eit driftsresultat på 1,3 milliardar kroner berre i tredje kvartal. Og sjølv om selskapet har investert i nye, store anlegg for tilarbeiding av laksen i Noreg, kjem det aller meste av inntektene frå oppdrettsdelen av konsernet. Dersom SalMar gjer alvor av å permittere nesten halvparten av alle tilsette i selskapet frå nyttår, kjem det ikkje til å gje så store utslag på årsresultatet. Men konsekvensane vil vere store for mange menneske på Frøya og Senja.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis