Hadde støtte, måtte gå
Dokument Finansdepartementet har halde løynde, syner at den avgåtte leiaren av Statistisk sentralbyrå Christine Meyer hadde støtte frå leiinga i departementet i freistnaden på å omorganisera byrået. Likevel måtte ho gå av.
SSB-sjef Christine Meyer etter at ho gjekk av 10. november 2017.
Foto: Mariam Butt / NTB
Det er mykje snakk om Jens Stoltenberg og den snart ledige stillinga som sentralbanksjef i Noregs Bank, men ei anna og viktig stilling i sentralbyråkratiet vert snart ledig. Finansråden i Finansdepartementet Hans Henrik Scheel vert i år 66 år. Det er ein høg alder for ein finansråd, som har ei arbeidskrevjande stilling. I røynda er finansråden både redaktøren og forfattaren av stats- og nasjonalbudsjettet. Stillinga er i røynda langt viktigare enn stillinga som sentralbanksjef.
Favoritten til å taka over stillinga som leiar av Finansdepartementet er ekspedisjonssjefen i økonomiavdelinga, Amund Holmsen, som alt har vikariert når Scheel har vore sjukmeld.
Dag og Tid har fått tilgang til ei rekkje dokument og e-post som Finansdepartementet ikkje har ynskt å frigjeva til pressa, men som dei etter press frå kontroll- og konstitusjonskomiteen lét den same komiteen lesa under lovnad om at ingenting skulle verta kopiert eller sitert frå. Holmsen er sentral i desse dokumenta. Leiaren av kontroll- og konstitusjonskomiteen Dag Terje Andersen kalla i si tid, den 1. mars 2018, desse dokumenta for «manipulerte». Det var til dels Holmsen som hadde stått bak denne påståtte «manipuleringa».
Vil ikkje snakka
Då Dag og Tid fekk dokumenta lenge før jol, bad vi straks Finansdepartementet om eit intervju, både med Holmsen og Scheel, og sa at vi hadde dokument og e-post om saka. Finansdepartementet sa at dei ikkje vil stilla opp i saka. Vidare har vi spurt Finansdepartementet om kva tid eit referat vart arkivert i arkivsystemet deira: «Vi ser ikkje grunnlag for å opplysa om registreringsdato», er svaret deira.
Referata det stort sett handlar om, er frå eit møte i Finansdepartementet den 19. september 2017 mellom leiinga i Statistisk sentralbyrå (SSB), direktøren Christine Meyer og forskingssjefen Kjetil Telle, og leiinga i Finansdepartementet, Scheel og Holmsen. Dei ulike versjonane av referatet som Dag og Tid sit på, har alle overskrifta «Referat» i Finansdepartementets arkivsystem, men Finansdepartementet hevdar likevel at referata frå møtet ikkje er referat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.