Grunnrentelandet

Det norske vasskraftsystemet kan gjerast meir lønsamt gjennom endringar av skattesystemet. Kraftselskapa produserer mykje mindre enn dei kunne gjort.

Dei største kraftkommunane i Noreg står no i fare for å tapa skatteinntekter. Dei vil framleis få mykje meir enn andre kommunar, men litt mindre meir. Her Zakariasdammen til Tafjord Kraftproduksjon AS i Norddal kommune i Møre og Romsdal.
Dei største kraftkommunane i Noreg står no i fare for å tapa skatteinntekter. Dei vil framleis få mykje meir enn andre kommunar, men litt mindre meir. Her Zakariasdammen til Tafjord Kraftproduksjon AS i Norddal kommune i Møre og Romsdal.
Publisert

Bykle heiter ein liten kommune i Aust-Agder. I Noreg har vi såkalla skatteutjamning mellom kommunane. Dei kommunane som får inn meir skatt enn andre, overfører til kommunar som får mindre. Utjamninga er sjølve berebjelken i distriktspolitikken. I 2017 fekk kommunane i gjennomsnitt 30.400 kroner i skatt per innbyggjar etter utjamning. Bykle fekk 180.000 per innbyggjar, seks gonger så mykje som gjennomsnittet. Bruken av oljepengar bleiknar i samanlikning. Neste år vil staten nytta 45.000 i gjennomsnitt per innbyggjar frå Oljefondet.

I september kom eit utval med ei utgreiing om kraftskatt, NOU 2019: 16. Vert framlegga og reknestykka der omsette til ny kraftpolitikk, vil ikkje Bykle lenger få seks gonger så høge skatteinntekter som gjennomsnittet, men berre 3,6 gonger så mykje. Utvalet har vorte skulda for sentralisering og rasering av norsk distriktspolitikk. Det har neppe vore intensjonen. Dei vil derimot ha ein meir samfunnsøkonomisk lønsam kraftpolitikk. Fordelinga av desse eventuelle ekstrapengane er det opp til politikarane å avgjera. Vi ber på førehand om orsaking for litt kompliserte resonnement.

Grunnrente

Grunnrentelandet… Det kunne ha vore ein god tittel på ei bok om Noregs nyare historie. Då sett vekk frå at dei fleste ikkje veit kva grunnrente er for noko. Men grunnrente er såkalla superprofitt eller ekstrapengar ein tener på å ha ein avgrensa naturressurs som det er stor etterspurnad etter, typisk tomtegrunn i område med høg tilflytting av særleg kompetent arbeidskraft. Aker Brygge er dyre saker.

Grunnrenta kan ein stat skattleggja høgt. I Noreg skattlegg vi knapt avgrensa tomtegrunn. Eigarane av Aker Brygge slepp billig unna. Vi skattlegg derimot grunnrente frå olje og kraft. Grunnrenteskatt er truleg den mest fornuftige forma for skatt. Ein slik skatt skaper nemleg ikkje såkalla vriding. Kraftselskapa betalar i dag om lag 60 prosent i skatt. Det igjen vil seia at selskapa med visse problematiske unnatak – som vi skal koma attende til – får trekkja av opp mot 60 prosent av utgiftene på den same skatten. Staten har dimed den same funksjonen som ein passiv investor. Han bryr seg ikkje om korleis du investerer, han deler utgiftene med deg gjennom skattefrådrag, men då vil han òg ha ein tilsvarande del av profitten.

Dette krev rett nok at det er ei grunnrente å skattleggja. For om du som investor ikkje meiner at det er grunnrente å henta, investerer du heller i andre område, der skatten på overskot berre er 22 prosent. Det vi kan slå fast, er at både olje og vasskraft har grunnrente, for elles hadde ingen investert i norsk energiutvinning gjeve det høge skattenivået.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement