Grøne pengar
Vi vert kanskje grønare av å overføra norsk grunnrente og kapital til skatteparadiset Jersey, men vi får neppe meir velstand av det. Det hjelper heller ikkje å auka formueskatten.
Foto: David Aasen Sandved / Wikimedia Commons
Aktiv grøn næringspolitikk er eit av dei store nye temaa i denne valkampen – eller nei, det er ikkje heilt sant. Aktiv grøn næringspolitikk har vore eit av det store temaa i mange år no, men kravet om ein stadig meir aktiv grøn næringspolitikk berre aukar på. Noreg skal reindustrialiserast grønt, lover til dømes Arbeidarpartiet. Eksporten frå fastlandet skal opp med 50 prosent innan 2030, og det seier dei samstundes som dei har lovd å auka formueskatten, noko også Sp, SV og Raudt seier dei vil gjera.
Det er nesten umogleg å gje ein presis definisjon på aktiv næringspolitikk, det er lettare å seia kva nøytral næringspolitikk er. Ein nøytral næringspolitikk er å gje alle dei same skattesatsane og unngå å gje utvalde grupper eller personar subsidiar, det vera seg i form av direkte pengeoverføringar, billige tomter og lokale eller særmerkte avgiftsfritak andre ikkje har. Vi kan kanskje seia at ein aktiv næringspolitikk, i si snille form, er å gje ressursar frå fellesskapen til utvalde grupper i ei von om at slike overføringar skal gje ei betre framtid for oss alle.
Ikkje tent
Denne artikkelen skal handla om kor vanskeleg aktiv næringspolitikk er, og om at det lett vert slik at aktiv næringspolitikk gjev utvalde personar, grupper og selskap både meir makt og større økonomisk vinst enn fellesskapen truleg er tent med.
Smedvig-familien kjenner dei fleste i Rogalands-området, Smedvig-familien eig Smedvig AS – eller eig og eig. Vi skal koma attende til spørsmålet om kva Smedvig-familien eig. I alle høve: Smedvig AS eigde fram til i sumar datasenterfirmaet Green Mountain, som låg i Rennesøy kommune, som i fjor vart slått saman med Stavanger kommune. Green Mountain vart etablert i 2009. Før var fjellhallane Green Mountain held til i, lagringsplass for militært ustyr for Nato. Då Nato trekte seg ut, nytta kommunen forkjøpsretten og gav Green Mountain ein langtidskontrakt på leige.
Datasenter er avhengig av billig straum, helst litt kaldt klima, stabile politiske tilhøve, tilgang til kompetent arbeidskraft og internasjonale flyplassar. Stavanger-regionen har alt det der, pluss lokale og nasjonale politikarar som gjer sitt beste for å leggja til rette for datasenter. Dessutan har regionen overskot på vasskraft. Og når det er overskot på vasskraft, ynskjer vasskraftselskapa nye kundar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.