Politikk
Grenselaus liberalisme
Venstre er meir radikalliberalistiske enn nokon gong. Ja, så radikale er dei at dei til og med vil kutta i pengebruken frå Oljefondet.
Venstres partiprogram er dekt av eit stor bilete frå heimfjorden min, grenda Trandal i Hjørundfjorden, melder Jon Hustad med ein viss godhug.
Framsida av Venstres partiprogram er dekt av eit stor bilete frå heimfjorden min, grenda Trandal i Hjørundfjorden. Eg les det som ein freistnad på muting. Men jau, det fyller meg med ein viss godhug. At partiprogrammet er meir enn halvvert, til berre 74 sider samanlikna med det førre, hjelper òg på humøret.
Men alt frå starten skjer det seg litt, eg forstår ikkje omgrepsbruken: «Frihet handler om å skape forutsetninger for at alle kan leve på sine egne premisser. Det handler om friheten til å ta den utdanningen du ønsker, starte den bedriften du brenner for, leve det familielivet du ønsker, og leve i trygge fellesskap.»
Denne absolutteringa av fridomen trur eg ikkje på. Ein manns absolutte fridom er ein annan manns fengsel. Eg kunne godt ha tenkt meg å verta sivilingeniør, men eg hadde korkje kompetansen eller karakterane som skulle til. Det er òg slik at eg skulle ynskja eg kunne sjå ungane mine heile tida. Eg, og mange med meg, lever ikkje det familielivet eg ynskjer, men ingen stader i programmet står det at Venstre vil oppheva retten til skilsmisse. Berre eit mindretal av dei som ynskjer å verta lækjar, kan verta det. Det finst ei rekkje verksemder som ikkje kan etablerast. Programkomiteen kunne ha teke ein samtale med nokre pelsdyroppdrettarar for å få stadfesta det. Venstres fridom er umogleg og difor dårleg tenkt.
Bort med oljen
Når dei i neste avsnitt så skriv at «vårt samfunn blir bedre når ingen faller utenfor», går humøret mitt endå meir ned. Venstre har nytta det meste av våren på å kjempa for avkriminalisering av narkotika, eit samfunn som lèt folk velja, er også eit samfunn der mange er garanterte å falla utanfor. Eit samfunn der ingen ramlar, er eit totalitært samfunn. Nei, eg trur ikkje Venstre verkeleg ynskjer eit samfunn der ingen fell utanfor, men til neste gong bør dei skaffa seg ein programkomité med betre språkforståing.
Svært mykje av plassen går med til å ramsa opp klimatiltak. Det er ikkje særmerkt for Venstre, og det meste har stått i tidlegare program, men eit nytt tiltak er der: «Verden har allerede funnet mer fossil energi enn klimaet tåler at vi utvinner. Derfor må vi slutte å lete etter mer olje og gass og ikke tildele nye lisenser på norsk sokkel.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.