JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gratis å permittere tilsette

Fiskeforedlingsbedrifter kan permittere tilsette kostnadsfritt. Staten tek rekninga frå dag ein.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2831
20221118
2831
20221118

peranders@dagogtid.no

I Noreg gjev lova ein enkel og klar regel for arbeidsgjevarar som vil permittere tilsette: Dei må halde fram med å betale ut løn dei første 15 dagane av permitteringa. Lov om lønsplikt under permittering er meint å gje ein viss tryggleik for arbeidstakarar. Det bør ikkje vere for enkelt for arbeidsgjevarane å ty til permittering. Men det finst eitt unnatak frå denne lova, og det gjeld fiskeforedlingsbedrifter. Unnataket har bokstaveleg tala naturlege årsaker: Ein industri som er avhengig av leveransar frå fiske, er spesielt utsett for svingingar i råstofftilgangen. Vêr og vind og sviktande fiske er vanskeleg å føresjå, det er store sesongvariasjonar, og mangel på råstoff kan føre til at arbeidsfolk i landanlegga blir gåande gjerandslause. I denne industrien har difor staten teke ansvar for å betale ut dagpengar til dei som blir permitterte, frå dag ein.

Laks som bestilt

Dette unnataket gjeld ikkje berre for foredling av villfisk, men også for lakseslakteri og andre bedrifter som tilarbeider laks. Her er ikkje dei naturlege årsakene like klare, for lakseoppdrett er ein industri med langt betre kontroll på leveransane sine enn fiskarane. Slakting og levering av laks kan planleggjast lang tid i førevegen, og berre unnataksvis blir leveransane hindra av uvêr eller andre uføresette hendingar. Likevel kan altså selskapa som tilarbeider laks, permittere tilsette på statens rekning frå dag ein. Og ikkje så sjeldan gjer dei det. Kvart år blir det slakta mykje meir laks i månadene fram mot jul enn på vinter og tidleg vår, av grunnar som har med veksten til laksen og dermed lønsemda å gjere.

Sjenerøs

Det siste året har dette fritaket for lønsplikt fått eit kritisk søkjelys på seg. «Et lakseslakteri kan i mye større grad planlegge produksjonen og er ikke utsatt for vær og vind i like stor grad. Dette er en lønnsom og fremoverlent næring som ikke burde ha behov for særskilte ordninger. (...) en periode med lønnsplikt vil sannsynligvis også bidra til at arbeidsgiverne strekker seg litt lenger for å unngå permitteringer», skreiv Anne Berit Aker Hansen i eit innlegg i Fiskeribladet i januar i år. Ho er forbundsleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, som organiserer mange av dei tilsette i fiskeindustrien.

Storparten av anlegga som slaktar og foredlar laks i Noreg, er integrerte delar av oppdrettsselskapa. Denne veka har permitteringsvarsla frå SalMar og Lerøy ført til nye spørsmål om den sjenerøse ordninga. «En del av de rekordoverskuddene selskapene har levert de siste årene, er sparte lønnskostnader til permitterte ansatte. Lønnskostnader som i stedet betales av Nav», skreiv Dagens Næringsliv på leiarplass onsdag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis