Kommentar

Gjer døra høg for sjukepleiarstudentane

Eit karakterkrav som fører til at sjukepleiestudieplassar står tomme, må fjernast snarast.

Publisert Sist oppdatert

I 2040 kjem Noreg til å trenge 40.000 fleire sjukepleiarar enn vi gjorde i 2019, ifylgje Statistisk sentralbyrå. Det vert vi langt unna å klare å levere: Tvert om kan vi om 17 år kome til å mangle så mange som 30.000 sjukepleiarar.

Og sidan yrkestittelen sjukepleiar – heldigvis – er verna, er det berre éin måte å få fleire sjukepleiarar på: utdanne dei. Så då skulle ein tru det var full fart på sjukepleieutdanningane kringom landet. Noreg har 13 studiestader som tilbyr til saman 5354 studieplassar i sjukepleie.

Men ved studiestart i august stod 338 studieplassar tomme. I Hammerfest møtte berre 12 studentar opp til ein klasse som skulle telle 70 elevar. I Molde var tala 42 mot 127, og i Førde var berre 13 av 51 søkarar til den desentraliserte, deltidsbaserte utdanninga kvalifiserte. Det var for få til at Høg­skulen på Vestlandet såg seg i stand til å starte opp i det heile – kullet i Førde vart avlyst.

Sjølv om søkartala til sjukepleiestudiet var rekordlåge i vår, forklarar ikkje det heile tomrommet. Universiteta og høgskulane mangla ikkje fyrst og fremst søkarar. Dei mangla kvalifiserte søkarar.

Medisinmatte

Så kva skal til for å kome inn på eit sjukepleiestudium? Du må ha generell studiekompetanse. Tidlegare hadde alle studiestadar poengkrav i tillegg, men stadig fleire har fjerna krav til poeng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement