Økonomi
Gjeld utan verdi
Verdas rike statar vert stadig meir nedsylta i gjeld, men det ser ikkje ut til å ha noko å seia.
I grunnen burde dollaren vera verdilaus, sidan han ikkje gjev renter, men så lenge verdas kriminelle insisterer på at det er pengeeininga framfor nokon, vert verdien nok halden oppe. Her har ukrainsk politi kverrsett nokre korrupsjonsdollar.I grunnen burde dollaren vera verdilaus, sidan han ikkje gjev renter, men så lenge verdas kriminelle insisterer på at det er pengeeininga framfor nokon, vert verdien nok halden oppe. Her har ukrainsk politi kverrsett nokre korrupsjonsdollar.
Foto: Reuters / NTB scanpixFoto: Reuters / NTB scanpix
Statsgjeld pla vera enkelt: Ein kunne ikkje ha for mykje av det. Noreg var eit like godt døme som noko anna land. Trygve Bratteli, som vel vert rekna som vår fremste finansminister gjennom tidene, og som styrte statsfinansane gjennom 1950-åra, var livredd for å låna, særleg i utlandet. Han ville ha overskot, både på betalingsbalansen med utlandet og på statsbudsjettet. Det skulle nyttast så lite pengar over offentlege budsjett som råd var. Den offentlege utgiftsdelen av verdiskapinga, brutto nasjonalproduktet, BNP, gjekk ned frå 33 prosent i 1945 til 26 prosent i 1960. Sparinga var særs høg, både på offentleg og privat hand. Eksportnæringane, særleg den kraftkrevjande industrien og via han magasinkraft, vart prioritert, og privatkonsumet halde nede.
Politikken var tilsynelatande ein stor suksess. I 1970 hadde Noreg åleine over ein tredjedel av verdas ferrolegeringseksport og godt over halvparten av Europas vasskraftproduksjon. Vi heldt på som Kina heldt på mellom 1990 og 2010. Folk og stat sparte, og eksport vart prioritert. Men som i Kina vart veljarane leie av å halda konsumet nede. Eit fyrste teikn var at straks då Bratteli gjekk av som finansminister i 1960, vart bilrasjoneringa oppheva. Med Per Borten byrja festen, vi fekk folketrygda i 1967, og med Per Kleppe og den komande oljen i 1970-åra tok det heile av. Staten byrja å låna store pengar i utlandet, subsidiane til alt mogleg tok av, og dei sosiale utgiftene vart fordobla mellom 1970 og 1977. Det heile kulminerte med full sjukeløn frå 1977.
Inflasjon
Resultatet kjenner dei fleste av oss som er litt opp i åra. Både marginalskattane og inflasjonen tok av, og vi fekk Høgre-bylgja. Skattane slutta å auka, og finansmarknaden vart deregulert – folk fekk låna fritt. Men den siste resten av regimet til Gerhardsen og Bratteli var framleis på plass, renta vart styrt politisk. I 1986 kom oljekrisa. Underskota på betalingsbalansen vart enormt, og eit av dei største offentlege spareprogramma i Vesten nokon gong vart sett i verk over natta. Rentene gjekk i taket, og det enda med bankkrise og ein dramatisk reduksjon i marginalskattane og til slutt at Noregs Bank fekk inflasjonsmål.
Soga til Noreg var på ingen måte unik, alle statar i Vesten, med unnatak av Sveits og Tyskland, som hadde uavhengige sentralbankar, oppførte seg i grunnen som Noreg. Men alle statar, men unnatak av dei i Sør-Europa, slutta å oppføra seg slik. Store underskot, både på betalingsbalanse og på statsbudsjett, var ikkje mogleg over tid. Eit delvis unntak var USA, som hadde reservevalutaen som gav dei eit privilegium, men også der vart inflasjonen utrydda gjennom særs høg rente. Lærdomen frå 1970-åra ser ikkje ut til å gjelda meir. Nesten heile OECD sym i gjeld og offentleg skuld.
Sjekkar til folket
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.