Gje ungdomen bøkerIQ-en hjå norsk ungdom er i fritt fall, særleg stort er fallet mellom dei som skulle ha høgst IQ.
IQ-en hjå norsk ungdom er i fritt fall, særleg stort er fallet mellom dei som skulle ha høgst IQ.
På 1800- og 1900-talet var truleg Nikola Tesla den personen i Vesten som hadde høgst IQ.
Intelligenskvotient (IQ) er ein av desse tinga dana menneske helst ikkje vil snakka om. Det er forståeleg. IQ har mykje med arv å gjera, og høg IQ gjev til dels ekstreme fordelar: Godt betalte stillingar, stabile ekteskap, høg levealder og god helse. IQ er den faktoren i livet til oss menneske som har best prediksjonsevne om korleis det kjem til å gå i framtida. Som predikator slår IQ både klasse og miljø heilt suverent. Men sidan IQ eit stykke på veg er bestemt av arv, liker vi ikkje å snakka om det.
Når det er sagt: IQ har faktisk ein nokså stor miljøfaktor: Eit krevjande samfunn med ein krevjande og god skule og eit avansert arbeidsliv fører faktisk til høgre IQ. Nei, ikkje på det viset at ein med låg IQ kan taka att ein med høg IQ, men at båe samla sett får høgre IQ. Her stussar sikkert ein del, for vi har alle lært at gjennomsnitts-IQ i ein kohort, eller årgang, alltid vert 100. Er IQ-testen stor nok og dekkjer alle i ein generasjon, er han laga feil om gjennomsnittet vert høgre eller lægre enn 100.
Det er også sant. Men at testinga alltid er i presens, tyder ikkje at vi ikkje kan sjå på preteritum, eller den såkalla Flynn-effekten, som har fått namnet frå den newzealandske psykologen James Flynn, som er glad i oss nordmenn. Noreg har nemleg verdas lengste IQ-testserie. Vi har testa alle gutar sidan rett etter fyrste verdskrigen på sesjon. Nei, vi har ikkje testa jentene, men på gruppenivå kan vi slå fast at systrer har den same IQ-en som brørne sine.
Nyfiken
Flynn er ein nyfiken psykolog, og då han fekk vita at Noreg hadde desse lange seriane, saman med andre land med verneplikt, fann han ut at han skulle gå ut av presensrolla og sjå på preteritum. Ja, gjennomsnitts-IQ-en er alltid 100, men om vi til dømes tek kull fødde i 1980 og ser på testane deira og samanliknar med dei som var fødde i 1930, ser vi då ein skilnad?
Svaret er enkelt og greitt ja. Dei fødde i 1980 hadde ein langt høgre IQ enn dei fødde i 1930. Nei, det var ikkje slik at dei med låg IQ hadde teke igjen dei med høg IQ i 1980, men dei med låg IQ i 1980 hadde langt høgre IQ enn dei med låg IQ fødde i 1930. Effekten var universell. Så godt som alle fødde i 1980 hadde høgre IQ enn dei fødde i 1930. Men den innbyrdes fordelinga var framleis den same. Dei som fekk ein IQ på 120 og var fødde i 1980, fekk ein IQ på 120 sjølv om dei altså var smartare enn ein med IQ på 120 som var fødd i 1930.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.