Gamle bygder, unge byar
Innlandet er taparane og kysten vinnarane i den nye folketalsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå.
I distrikta vert det stadig fleire eldre og stadig færre yngre. Kven skal yta omsorg i framtida?
Foto: Frank May / NTB scanpix
Denne veka kom ei ny regional framskriving av folketalet i Noreg. Somme distriktskommunar, særleg dei som ligg langs svenskegrensa, får ein kraftig nedgang i folketalet. Dei store byane og områda rundt får ein kraftig oppgang. Oslo kjem til å ha 800.000 innbyggjarar i 2050. Ein av forfattarane er SSB-forskar Sturla Løkken.
– Kvifor trur de at vi skal veksa med heile 11 prosent fram til 2050?
– Vi legg i hovudsak til grunn dei vanlege drivarane i demografisk utvikling: talet på fødde, talet på døde, nettoinnvandring og netto innanlands flytting i nyare historie. Så framskriv vi dei trendane på same vis som tidlegare analysar gjorde av SSB, men vi legg til grunn ei noko lægre nettoinnvandring på grunn av reiserestriksjonar som har kome dei siste åra. Dette er vel den største endringa sett opp mot tidlegare framskrivingar. Men det er framleis slik at veksten vert driven av fødde, auka levealder og ei moderat nettoinnvandring.
– Kva trur de fertilitetsraten (TFR) vert?
– Vi lagar regionale framskrivingar som baserer seg på den nasjonale framskrivinga SSB lagar. Vi trur at fødselstala vil falla på heilt kort sikt, 1,5 fram til 2022 og så stiga til 1,76 og liggja der fram til 2050.
– Kvifor denne optimismen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.