Fyra som leier oss
Om havet er vegen, må det vegskilt til. Eller farleimerking, som det heiter til sjøs.
Høgt heng dei, og vatn har dei på alle sider. Samstundes syter dei for lys i mørketida. Bent Arne Rognaldsen og Herstein Halvorsen byter ut ei mengd kraftige batteri.
Foto: Siri Helle
Lytt til artikkelen:
Det er ein slik dag då ingenting er vanskeleg. Ein dag med sol og vindstille, flatt hav, då ein utan nokon som helst problem kan køyre ein båt opp mot eit svaberg, stige i land over baugen berande på store batteri, elektrikarverktøy, ein stige og til og med eit solcellepanel eller to og bere det heile opp til ei fyrlykt, klatre opp på taket av fyrlykta, sette seg der og jobbe og nyte utsikta samstundes.
Ikkje alle dagar er slik. Men det er jammen bra at dei finst. For langs kysten av Noreg er det ikkje berre 1933 fyrlykter, men òg 3193 lanterner, 12.415 jarnstenger, 983 vardar og 110 klassiske fyrstasjonar – mellom anna. Til saman har navigasjonsrettleiinga langs norskekysten kring 21.000 innretningar, og ingen av dei har oppstått av seg sjølv. Ingen av dei held seg sjølv ved like heller. Om natta er det lys som syner dei sjøfarande kor det er trygt. Då må pærene lyse, glasa kring dei vere reine og energikjeldene fungere. På dagtid lit vi på høgder som stikk opp over horisonten, merke i raudt og grønt, svart og kvitt skil seg ut, men fargane må haldast klare for å synast.
Difor treng vi dagar med godt nok vêr til å kunne gjere slikt, slik at vi på dagane med dårlegare vêr, eller ei mørk vinternatt, har om ikkje eit vegnett så i det minste eit farevarslingssystem: vekk frå utrygt vatn, over mot sikker djupn og open sjø. Trygt inn og ut frå kai. Merke som fortel oss kor vi er undervegs. Kort sagt: den mest trufaste venen vår på sjøen.
Båten som denne forsommardagen legg baugen opp mot Heggøyna utanfor Askvoll, heiter Slåtterøy og er ein arbeidsbåt eigd av Kystverket. Det er Kystverket som har ansvar for sjømerkesystemet vårt, som planlegg og held det ved like. Til det treng dei ein flåte av både små og store fartøy, og med sine 15 meter er Slåtterøy i den fyrste kategorien.
Om bord er, forutan journalisten, ein maskinist, tre elektrikarar og ein leiar: Torbjørn Selsås har teke turen frå kontoret i Haugesund for å få litt praksis i felten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.